søndag 24. juli 2011

Mamma, vi må leike…♥

Spørsmålet mitt var vel eigentleg mest retorisk. “Kva i alle dagar kan vi gjere for å hjelpe alle dei som har det vondt no?” Som eit hjartesukk over all vondskap og hat i verda. Som eit forsøk på å kome på fornuftig handlingar midt i alt kaoset, alt det ufattelege.

IMG_1135 copy

Eg tenkte ikkje ein gong på at 4-åringen svinsa rundt meg. Svaret kom med stort alvor og den største sjølvfølge;

“Vi må leike, mamma!”

IMG_1200 copy

Så ukomplisert og uskuldig. Så naturleg. Sjølvsagt kunne vi leike! Medan 4-åringen skifta på seg eit utal med antrekk og leika eit utal leikar, fekk tankane mine kvile. Eg fekk kjenne på takksemd og glede for alle eg er så heldig å ha rundt meg, men som eg som altfor ofte tek for gitt…

IMG_1203

“Prikkane mine skal vere rosa mamma! Blir du glad då???” Ja, mamma vart glad. Men sjølv om mammahjartet renn over av kjærleik og varme for dei som er mine, så er der likevel plass til alle dei som har mista sine desse dagane. Tenkk om det var så enkelt som å fargelegge alt det triste og grå med rosa! Vi veit alle at det ikkje går, men både triste fargane og dei glade fargane har plass på paletten. Sorg og glede går hand i hand.

IMG_1278 copy

Når ein har små ungar må ein fokusere på gleda. Eg forklarar og forenklar, veit ikkje heilt kva som er best. Skånar dei for det meste av informasjon. Dei er så små at dei har det mykje betre om dei får danse og synge, eller fargelegge alt det grå med rosa!

IMG_1274 copy

Etter timar med kjekk leik, mange klesskift og mykje kos, kjende eg at det hadde gjort meg godt. Eg var lettare til sinns.

Tenk at 4-åringen sin enkle filosofi kan gjere så stor forskjel! Kvar hentar dei all klokskapen sin i frå? Eller er det berre vi vaksne som har gløymt vår, midt i eit kaos av rasjonalitet og fornuft?

Takk for dansen, kjære Sina mi –

du veit akkurat kva mamma treng!

I kveld gret hjartet mitt for alle som har mista ein av sine, som sørger og har det vondt… Om dei berre kunne kjenne all varmen og kjærleiken som blir sendt til dei frå menneske verda rundt…

6 kommentarer:

  1. Bildene dine og det du skriver gjorde det letter for meg og.
    Det er så enkelt i ett barns öyne. Vi burde tenke litt slik vi og. Vi voksne.

    Det er så trist og uhyggeligt det som skjedd på Utöya og i Oslo.
    At så mange unge mennesker blev revet bort så alt for tidligt.
    Men det som er litt tristere er dem som sitter igjen. Men sine tanker på dem opplevd. Skrekken, lukten av blod og vald. Lyden av skudd som går av, minutt etter minutt. Ikke vite hvor han er, er det demmes tur nå... Vi må hjelpe disse ungdomme til å få tilbake trua på menneskligheten. Ikke alle er vonde mennesker.
    Ser at stötterkläringer öker og noe av det mest norske som eg veit om er dugnadsånden og at man stille opp for hverandre når noe skjer. Er stolt over å väre norsk når eg ser slikt.

    Nå må vi huske å ta vare på hverandre. Livet kan snus i löpet av en sekund.
    Husk å si til dine näre og kjäre at du er gla i dem. Det gör vi så alt for lite.
    Så kjäre Tove, du har gitt meg mange stunder av glede når eg hatt det litt tungt.
    Er så glad at du finnes i min bloggliste.
    Stor klem Synnöve.

    SvarSlett
  2. Vi kan verkeleg trenge barns visdom i ei altfor vanskeleg tid...

    klem ♥

    SvarSlett
  3. Nydelig innlegg i bilder og ord.

    Vår familie er ikke rammet, men alle kjenner noen og jeg gråter over all den grusomhet som ble vist her.

    Kan jeg få spørre hvordan du får skrevet så flott tekst på bildene din?

    Klem

    SvarSlett
  4. Fantastisk 4 åring du har :D Kunne vi bare se tingene som et barn, da ville verden bli et bedre sted å leve. Klem til veslejenta, ja og mamma`n også som deler ei så nydelig historie :D

    SvarSlett
  5. De små sier så mye klokt. Så enkelt, så uskyldig, så vakkert!
    På vei til barnehagen på mandag sier 6åringen fra baksetet:"mamma, statsministeren bestemmer i landet på en måte...men vi må beskytte han også! Vi beskytter han i hjertet vårt, vi, mamma!"

    SvarSlett
  6. En vakker dans man kan gjemme i hjertet:)) en vakker blogg:)) godt å lese om gode ting når mye er så trist:) Ønsker deg og din lille danserinne en forsatt hjertevarm sommer:))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!