søndag 12. juni 2011

Glimt frå ein bursdag…♥

De fleste av oss kan huske en tid da en bursdag - spesielt hvis det var ens egen - lyste opp verden som om en annen sol var steget.”

IMG_9534

Frøken snupp har vorte 4 år. Det er rart med desse barnebursdagane… Som mamma vert eg full av undring og ein smule sentimental kvar gong ein av ungane rundar eit nytt år.

IMG_9414

Eg tenkjer på kor rik eg er som har born og kor heldig eg er som får følge dei opp. Eg tenkjer på alt som har vore og alt som skal verte…

IMG_9423

Det vart heimelaga prinsessekake i år. Skulle eigentleg vere ei Barbie-kake, men dukka hadde for lange bein eller kaka vart for lav, så då måtte vi nøye oss med ei naudløysing!

IMG_9452

Bursdagsjenta var i storslag og heldt tale til gjestane sine! Her er ho midt i eit pedagogisk undervisningsopplegg om gelè!

IMG_9435

Bursdagsgjestane var sommarlege og skjønne…

IMG_9496

…maten søt og god…

IMG_9528

…ei snill tante hadde laga supergode muffins…

IMG_9546

…søtsakene var uimotståelege…

IMG_9563

…underhaldninga upåklageleg…

IMG_9625

…og fantastiske peonar pynta opp rundt om kring i stova.

IMG_9609

Ei godt nøgd bursdagsjente var glad for å kunne ta seg eit kveldsbad og prøve den nye Kitty-såpa ho hadde fått i gåve. Ho hadde kake i andletet, muffinspynt i håret og jordbær på kjolen – akkurat slik det skal vere!

IMG_9599

…og slik slutta dagen! Ein godt nøgd 4-åring som sovna før ho la houvdet på puta, storesysken som hadde kosa seg i lag med alle bursdagsgjestane og stolte foreldre…

♥♥♥

“…som om en annen sol

hadde steget…”

Beklagar det lange innlegget… Det fantastiske sitatet er av Robert Wilson Lynd.

6 kommentarer:

  1. Gratulerer med ei strålande fireårsjente:) Eg har sjølv ei bestajente som fylte fem i går, men sidan ho bur for langt unna må eg nøye meg med telefonkontakt på slik ein viktig dag. Kjekt då å få ein liten titt inn i andre sine barneselskap:)

    SvarSlett
  2. Hei :) Gratulerer med 4 åringen... en stolt og glad 4 åring ser jeg... :):)

    Morsomt med disse barnebursdagene... og det er akurat slik det skal være.. det skal vises at en har hatt bursdag når en legg seg om kveldene...

    Fine bilder som illustrerer bursdagen og jenta.

    Ha en fin dag og uke :)

    Klem fra Evelyn

    SvarSlett
  3. Gratulerer så mykje!
    Ser ut til at ho har hatt en fin bursdag!
    Jordbær og marshmellows-spyd var en flott ide!!! (skal ha jente-bursdag i morge, så då får vi sjå :-) )

    Ha en flott søndag!
    Klem Elin

    SvarSlett
  4. Gratulerer med overstått til en stolt fireåring. For en dag hun fikk.
    Kaka var kjempeflott og smakte sikkert helt vidunderligt :))

    Mange koslige bilder fra dagen hos dere.
    Ikke var det ett langt inlegg heller, det var akkurat passe :))

    Nå får dere ta dagen idag og fortsette og kose dere alt det dere kan.
    Her skin ENDELIG sola og regnet har tatt pause. Livet er herligt til tross for alt vann vi har fått.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  5. Eit flott bursdagsinnlegg..
    Og så den utsikta dokke har, sukk..

    Ha fin ny veke og skuleinnspurt :-)

    SvarSlett
  6. Neste gong kan du bare ta av beina på barbie-dukka ;) Eg les bloggen din innimellom - veldig fin! Helsing Astrid frå Jæren

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!