fredag 8. april 2011

Sjølv om det er kveld…

…går det an å vise eit bilete frå ein morgon!

Vår

Utanfor soveromet vårt har vi ein altan. Kvar morgon går eg ut på altanen for å kjenne på den friske lufta og nyte utsikta! Og kvar morgon tenkjer eg på kor heldig eg er som bur akkurat her eg bur! Det har vore mange slike morgonar i det siste. Det er som om vèret ikkje kan bestemme seg; det kan vere blanding av både sol og regn!

Men det er ikkje berre kveldane som er fine….

IMG_7382

Slik såg det ut ein kveld for nokre dagar sidan! Ei stripe av lys openberra seg ute i horisonten, og eg veit at slike augneblink ikkje varer evig. Eg hadde difor ikkje tid til å hente stativ til kameraet mitt, difor er biletet så pass “mystisk”!

Kva særmerkjer staden du bur på? Kva får deg til å tenkje at du er heldig som bur der du bur???

3 kommentarer:

  1. Eg har "berre" flotte fjell. Det kan av og til kjennast litt "trongt" her og lite utsikt, men eg elskar heime min og er lukkeleg over at eg har det så godt ilag med familien min.

    Trur eg hadde sete i vindauge heile tida om eg hadde hatt ei slik utsikt som du. Eg kjenner suget av misunning i magen for eg ynskjer virkelig å kunne sjå sjøen, men eg er som sagt svært lukkeleg her eg bur. Eg tykkjer utikta over sjøen gir ei kjennsle av fridom og uendeligheit.

    Fortsett å ta nydelige bilete så eg kan fortsette å drøyme.
    Ynkjer deg og dine ei flott helg!
    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. står du på altanen din KVAR morgon å har tid til å tenke kor heldig du er? Skulle gjerne hatt litt av di tid...

    SvarSlett
  3. Kjære anonym! Ja, eg går faktisk ut på altanen kvar morgon! Her i huset luftar vi soveromet når vi står opp, og då er det opp med altandøra, eit steg ut på altanen, ta overblikket og tusle seg det eine steget inn att medan døra får stå open litt til. Heile den operasjonen tek omlag 20-30 sekund, litt lenger om eg heng ut dynene til lufting! Og JA, kvar gong snik det seg inn ein tanke om at eg er veldig heldig... Kanskje skulle du hatt litt av mi tid, ja... Eg har 30 sekund til overs som du kan få!

    Helsing Tove

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!