lørdag 2. april 2011

“Eg og bestefar min er like gamle” ♥

Dei to gutane på setet bak meg visste ikkje at eg lytta til dei. Eg lytta vel eigentleg ikkje, det var vel meir slik at eg ikkje kunne unngå å høyre kva dei sa til kvarandre. Lite visste eg at denne bussturen skulle gi meg ei fantastisk historie og at dei to ungdomane skulle imponere meg så mykje…

Dei to gutane var tydeleg prega av at det var fredag og helg. “Du blir vel med på festen i kveld?”, sa den eine. Kompisen drog litt på svaret og sa at han ikkje hadde tid. “Er du gal? Det går ikkje an å takke nei til akkurat denne festen! Det kan gå år og dag før vi blir inviterte igjen!”, heldt han fram. Han brukte alle argument han kunne for å lokke den treige kompisen sin. Eg kunne ikkje anna enn å trekkje på smilebandet og fekk brått assosiasjonar tilbake til eiga ungdomstid.

gamal

Ei lita stund vart det heilt stille i setet bak meg. “Bestefar min har bursdag i dag”, kom det frå ungdomen nærast vindauget. Ikkje stille og unnskuldande, men tydeleg og nesten litt triumferande. “Det er difor eg ikkje kan kome.” Eg ser ikkje dei to gutane, men kan nesten sjå for meg ansiktsuttrykket til kompisen. Det vart stille på nytt. “Er du gal? Takkar du nei til ein fest på grunn av det???”. Eg høyrde at dei småflira litt, før han nærast vindauget sa: “Det hadde du også gjort om han var din bestefar.”

gamal1

I det same sekund snudde samtalen mellom dei to. I det same sekund forstod eg at eg skulle få overhøyre ei heilt fantastisk forteljing om ein heilt fantastisk bestefar.

“Bestefar min blir 83 år i dag, men vi er like gamle. Forstår du det? Eg og bestefar min er like gamle. Det er 66 år som skil oss, men vi til trass for det er vi like gamle. Bestefar min sender meg SMS og chattar med meg på Facebook. Han stiller opp på fotballkampane eg spelar og blir grinete i fleire dagar dersom Liverpool taper ein kamp. Han kjøper blomster til bestemor kvar fredag og dei flørtar med kvarandre når dei sit på kafè på storsenteret. Ein gong spurrte bestefar om eg ikkje kunne lære han å bruke Playstation og no er han neste betre enn meg i fleire spel. Bestefar køyrer fleire mil i bilen sin og slår opp telt ved fiskevatnet der han brukte å fiske som liten gut. Vi kan sitje timesvis i sofaen og prate om alt og ingeting utan å merke at tida går."

Ungdomen tek seg ei pause. Busskameraten er heilt stille. “Tullar du?”, er det einaste han seier. Han seier det fleire gongar.

Den unge guten ved vindauget, som eg plutseleg får lyst til å sjå, held fram å fortelje om bestefaren.

gamal2

“Bestefar har lært meg alt eg veit om fotball. Han tvinga meg til å ete fisk fordi han visste kva som var best for meg. Når leksene var for vanskelege og eg ikkje fekk til noko som helst, fortalte han meg at eg likevel var best. At eg var flink til noko. At eg var viktig. At han var stolt av meg – uansett. Bestefar har alltid hatt eit smil på lur og tid til meg. Då den fyrste kjærasten min slo opp med meg var det han som trøysta meg og sa at livet likevel kom til å gå vidare. Og så er han så glad i bestemor mi. Dei held kvarandre i hendene når dei ruslar tur i lag. Eg kan sjå at dei sender kvarandre lange blikk når vi er der på kaffibesøk og bestemor legg koslege beskjedar i matboksa hans når han er på fisketur.”

gamal3

“Eg trur jammen du får det kjekkare enn meg i kveld”, seier kompisen som skal på fest. “Du er heldig, er du klar over det?”. Han ved vindauget flirar godt og så glir samtalen over i noko anna. Som om ingenting har skjedd. Som om alt er slik det alltid har vore.

Eg trur ikkje gutane var klar over at dei hadde rørt fleire menneske denne dagen. Vi som sat på naboseta til desse gutane såg på kvarandre og smilte då dei gjekk av bussen. To unge gutar, med slitte bukser, ein røff utsjånad og med luene langt ned i augene. Likevel såg eg glimtet i augene deira og dei gode smila sei sende kvarandre då dei gjekk kvar til sitt.

Ute snødde det og eg hadde langt att av reisa mi. Det var ein smule kaldt på bussen, men det gjorde ingenting. For så varm om hjartet hadde eg ikkje vore på aldri så lenge…

Tusen takk, du framande ungdom, for at du gav meg ei så fin historie på ein heilt vanleg kvardag  ♥♥♥.

Bileta har eg lånt her, her, her og her.

23 kommentarer:

  1. Britt Alice2/4/11 20:51

    For ei utrulig fin og rørandes historie!!:)

    SvarSlett
  2. Så flott!!
    Eg blei rett og slett rørt til tårer, tenk om alle hadde satt så stor pris på dei rundt seg :)

    SvarSlett
  3. For ei herlig historie, og du fortel ho so godt, takk for det!:)

    SvarSlett
  4. For ei NYDELIG historie! Sit her med klump i halsen og tårespsrengte auge.

    Du er flink til å fortellje!
    Tusen takk :)

    SvarSlett
  5. Så godt å lesa! Takk for at du delte :)

    SvarSlett
  6. Ei kjempeflott historie, tusen takk :)

    SvarSlett
  7. Ja, takk for at du delte...
    Klem Fredrikke

    SvarSlett
  8. Fin historie. Ein får med seg mang ei samtale på ein busstur.

    SvarSlett
  9. For en FANTASTISK historie!:) Sitter med klump i halsen og gåsehud etter å ha lest det du har skrevet. Besteforeldre er viktige!:)

    SvarSlett
  10. Det er slik historieforteljing som verkeleg kan ta tak og bidra til forandring! Ein gut fortel kameraten sin, du deler det vidare, og no håpar eg det er greit at eg også deler denne historia ved eit passande høve? Håpar eg vert ei slik bestemor når eg vert gamal!! Takk for denne historia, og dei andre som du fortel:-) Ha ei god veke!

    SvarSlett
  11. Fantastisk rørande historie:) Kjekt å lesa!

    Mvh Cathrine

    SvarSlett
  12. Å kor nydeleg og rørande. Eg sit med tårer i augene. Vakker kvardagsforteljing. Du skriv veldig godt.

    SvarSlett
  13. Ei nydelig fortelling fortalt på bare den nydelige måten du kan fortelle Tove. Takk :-)

    SvarSlett
  14. Takk Tove for at du deler denne fine forteljinga med oss:) Eg vart både rørt og varm om hjartet av å lese henne!

    SvarSlett
  15. For ei nydeleg historie.
    Fekk meg til å tenkje på morfar som dessverre døydde så altfor tidleg...Han var like gammal som oldeborna sine...
    Håpar denne bestefaren veit for eit flott barnebarn han har :)

    SvarSlett
  16. Hei, eg har vore litt innom og kika på bloggen din:) Og denne opplevelsen som du skriv om her berre måtte eg kommentere! Lite visste eg når eg begynte å lese at eg skulle sitte med tårer på kinna og frysningar over heile kroppen. Ei så utruleg vakker hending, og så utruleg heldig du er som fekk oppleve det! Takk for at du delte dette med oss andre her! :)

    SvarSlett
  17. Blei rett rørt, eg og ! Heldige guten ! -Og heldige bestafaren :)

    SvarSlett
  18. Tove, denne historia var berre herlig; Takk!

    SvarSlett
  19. åh for ein fantastisk vakker opplevelse, og for ein vakker ungdom, detta va ufattelig fint å lesa på ein grå fredag ;)

    SvarSlett
  20. Fantastisk! Randi B

    SvarSlett
  21. Hei på deg.

    En helt utrolig flott historie som gikk meg rett i hjertet..og tårene triller også..Takk for at du delte den flotte historien med oss andre.


    Flott blogg har du også..ønsker deg en flott Påske.

    Ann-Christin.

    SvarSlett
  22. for en herlig historie :-) Blir varm om hjertet, ikke alle som har en slik bestefar nei !

    Ønsker deg en fortsatt fin påske !
    Klem, Nostalgia

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!