tirsdag 28. desember 2010

Juletrefest i ei gammal skulestove.

Det knitra så friskt då eg kom gåande på vegen. Kuldegradene beit meg i kinna og eg tulla skjerfet strammare kring meg. Aldri hadde eg sett så vakkert eit lys i så vakker ein dal. Den  klare vinterdagen omkransa dei høge fjella, dei flotte gardane og dei endelause markene dekte av iskrystallar så langt auget kunne sjå. Eg var invitert til juletrefest for å seie nokre ord; i ein vakker dal, i ei vakker skulestove ilag med stolte folk.

Bjørdal

Eg hadde aldri tenkt over at det låg ei gammal skulestove i denne dalen. Den låg så godt gøymd nedom vegen. Eg kan levande sjå for meg skuleborna kome springande langs vegen og sette fart ned bakken til skulestova. Den såg vekkgøymd ut, kald og forlatt.

Men det var før eg såg nærare etter.

Bjørdal1

Sjeldan har eg vel vorte teken så varmt i mot nokon stad eg har vore og heldt taler. Berre eg kika godt nok etter så såg eg det; den gamle stova utstråla varme og stoltheit. Akkurat som folket her.

Bygdefolket strøymde etterkvart til med mat på fat. Unge og gamle. Fastbuande og tilreisande. Gode klemmar og varme handtrykk vart veksla. Det hadde vore fyrt i fleire dagar og vedovnen gjorde det godt og varmt for alle som kom.

Bjørdal2

Det var kaldt ute, men inne var både hjarte og forfrosne sjeler varme. Levande lys i kvar ei krå, knitring frå ovnen, lågmælt prat og forventingsfull latter; det teikna til å verte ei triveleg stund.

Bjørdal3

Om berre veggane kunne ha prata til meg… Tenk på alle dei gode stundene som har vore i den vesle skulestova, all den flotte songen, dei gode forteljingane og dei fortrulege samtalene. Så mykje meistring og glede… Men kanskje også redsle, skam over ikkje å få til og strenge ord. Men i dag er her berre glede og varme i veggane!

Dei frammøtte benka seg kring alle bord. Ikkje ein stol var ledig. Ei skjønn jente på ti år las juleevangeliet. Vi song. Og eg sa fram alle orda eg hadde planlagt så nøye. Det var så kjekt å sjå dei strålande barneaugene då eg snakka med borna om kva som var det viktigaste i jula. Vi må vere snille, sa ein liten gut. Vi må takke, sa ei anna. Det rører meg at born tenkjer slik…

Det var vemodig å måtte forlate festen før alt var slutt, men eg hadde ein annan fest eg måtte delta på òg. Då eg stod i gangen og kledde på meg høyrde eg den gode praten som summa i skulestova, og sjølv om det var 16 minusgrader då eg kom ut, gjorde det ingenting. For eg var varm. Heilt inn i sjela var eg varm. Tenk at der er slike skulestover. Tenk at der er så flotte bygder og så fantastiske menneske!

4 kommentarer:

  1. Flott med slike gamle skulestover og at dei kan vere til glede for alle i ei flott bygd. Men om veggane i ei eller anna slik skulestove hadde tala til deg - er eg stygt redd for at dei også kunne fortelje mange vonde historier....Alle historiene om tukt med peikestokken - stundene i skammekroken - redsla for å bli høyrd i leksa som ein ikkje kunne. Mine tankar går til alle dei stakkarane som hadde lese og skrivevanskar den tida - alle dei som av den grunn vart stempla som dumme....
    Jammen skal vi vere glade for at verda har gått litt vidare og at alle desse no vert forstått på ein annan måte:-))

    jannetove

    SvarSlett
  2. For et flott og koselig innlegg! Drømte meg helt bort her i fortellinga di!

    Klem fra Desiree

    SvarSlett
  3. Å, nostalgi! I min ungdom var det juletrefest i mange slike små skulestover, og vi vart godt imottekne same kvar vi kom - eit stykke ut på kvelden - for å vere med på gongen kring juletreet:) Framleis kan eg alle versa på ei mengd julesongar grunna desse festane:)

    SvarSlett
  4. Åh, så koselig Tove <3
    Du skriv så godt. Orda dine kryp under huda på meg når eg les, og det gjer noko med meg :)
    -Og du meistrar orda minst like godt i muntleg framføring ;) Eg tør påstå at alle frammøtte vart rørt av det du formidla den dagen.
    Takk for at du kom på besøk til oss!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!