mandag 1. november 2010

Middag til kvelds!

Av og til må vi lage middag til kvelds. Det må vere enkelt, vere raskt å tilberede, sunt og mettande.

spansk tortilla

Aller fyrst treng du løk, så mykje løk som du er komfortabel med. Eg har blanda kvitløk og vanleg løk. Surr det gyllent i ei steikepanne.

spansk tortilla1

Hamsun hadde heilt rett då han sa at ein ikkje er matlaus om ein har poteter. Difor skivar eg opp litt poteter og blandar inn i lag med løken. La det heile surre forsiktig til blandinga blir gyllen.

spansk tortilla2

Ha blandinga i ei kakeform. Det kan vere lurt å legge bakepapir i forma, då det ikkje er sikker at den er heilt tett. Slå over ei blanding av matfløte og egg, salt og pepar. Hakk opp oliven og strø over før du er raus med raspa ost. Bruk den osten du har!

spansk tortilla3

Herligheita må steikje på 200 grader ca 30 minutt. Dersom potetskivene dine er tjukke, må den nok stå litt lenger i ovnen. Medan maten steikjer i ovnen kan du henge opp kle, hjelpe ungane med lekser, støvsuge eller berre slappe av i sofaen med dagens avis!

spansk tortilla4

Som tilbehør kan du ta du ta det du har i kjøleskapet eller det du likar aller best. Her i huset vart det råkostsalat, tomat og spekeskinke. God olivenolje og balsamicoeddik toppa det heile.

Vips, så har du laga spansk tortilla! Så enkelt, så godt og så sunt! Oppskrifta finn du her!

Fristar det???

4 kommentarer:

  1. Å eg vart svolten eg!!

    Herleg tips eg skal prøve ta med meg..

    Har ei utfordring om novemberdikt!
    Kanskje du tek den? ;-)

    SvarSlett
  2. Nam! Det ser veldig godt ut - og står på planen denne uka hos oss også. :)

    SvarSlett
  3. Nam..... :) Den må eg prøve! Kor kjekt at du skriv om fem og dagen då! Så får vi inspirasjon! _) Takk Tove

    Klem frå Lønnetunet

    SvarSlett
  4. Ja, det fristet! :O)
    Ha en fin tirsdag,
    klem :O)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!