søndag 14. november 2010

Det er ikkje alle…

…som har ein pappa å vekkje med gode klemmar og heimelaga farsdagskort i dag. Nokre håpar at denne dagen skal gå fort forbi. At dei skal sleppe å forhalde seg til den. At ingen skal minne dei på den.

farsdag

Her i huset er vi heldige og takksame for å ha ein pappa, men i dag går tankane våre til alle som ikkje har pappaen sin ilag med seg.

Eg sender varme klemmar til mange i dag... ♥ ♥ ♥

farsdag1

På frukostbordet vårt står det eit stort lys og brenn i dag. Lyset er til alle som av ein eller annan grunn ikkje har pappaen sin i lag med seg i dag. Det er nokre som får særleg stor plass i hjartet mitt i dag…

♥ ♥ ♥

Tenn eit lys og send nokre varme tankar du òg!

Bileta lånt her og her.

6 kommentarer:

  1. Ja, Tove...det er viktige ord du skriver her.
    Slike dager kan være ekstra såre og vonde for de som opplever å ha mistet noen.
    Varme tanker !!

    SvarSlett
  2. Eg er en av dem som håper denne dagen går fort forbi.
    Men skjönner at dem som har en far gjerne feirer ham litt extra.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  3. dette er første gongen på mine 23 år at nokon har tenkt på meg denne dagen.
    eg har aldri kjent pappan min, og heller aldri brydd meg særlig om det. allikevel har farsdagane alltid vore litt såre, enten eg ville innrømme det eller ei.

    tusen takk :)

    <3

    SvarSlett
  4. Takk!
    Dette er fyrste Farsdag utan min eigen far♥
    Sorga kjem ekstra sterkt slike dagar..
    Men heldigvis har vi pappa her i huset som kan få litt ekstra merksemd..

    klem til deg som alltid tenkjer på andre :-)

    SvarSlett
  5. Dette er min 2.farsdag uten pappa,og ja det er vemodig og trist:) saknar å ta den telefonen, ordne ei morsom gåve..

    Hugsar forventningane eg hadde som lita jente.Lage frukost og servere på senga, og ikkje minst den vesle gåva, som egenhendig var pakka inn sammen med sjølvlaga hjertekort( det gjorde vi alltid på skulen,hugsar,eg).

    På fredag kjøpte eg meg ein stor bukett roser til minne om pappaen min, og idag fekk eg ei koseleg melding frå ei venninne-det varma.

    Takk for at du deler dette fine innlegget med oss alle. Varm klem frå Hilde

    SvarSlett
  6. Så fint at du belyser denne siden ved farsdagen også! Til ettertanke...klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!