onsdag 6. oktober 2010

…om marihøner, kveitebollar og ubudne gjestar.

Eg har tidlegare sagt at vi nyt svært varme og gode dagar for tida. Det er sjølvsagt heilt fantastisk og vi nyt kvart eit einaste sekund av desse tropiske plussgradene! Men etter å ha hatt ein “rydde litt i heimen”-dag i dag, så ser eg at varmen har sine ulemper òg…

Om kveldane opnar vi dører og glas, og då er det sjølvsagt ubudne gjestar som ser sitt snitt til å lure seg inn! Nokre er flygande, som kveps og store, ekle fluger, medan andre er krypande, ekle edderkoppar og vevkjerringar. Eg likar ingen av delene og har difor gått rundt som ei småskjelven og hylande husmor i dag…

marihøne

Nokre slike gjestar er likevel meir velkomne enn andre, som denne marihøna vi fann i dag tidleg. Den kraup på innsida av ei saftmugge på benken og ungane vart kjempeglade då dei såg den! Den måtte sjølvsagt over i eit litt mindre glas slik at dei kunne studere den ei stund. Dei knisa og log då den kraup oppover armane deira, før den måtte attende til glaset for å ete litt. Vi er ikkje heilt sikre på kva marihøner et, men nokre bjørkeblad fekk gjere nytta som marihønemat i dag! Vesle Mari Fly Fly vart slept ut i det fri etter ei lita stund, for ungane ville ikkje ha på seg at dei dreiv med dyreplageri!!!

marihøne1

Då marihøna fekk fri gjekk vi i gong med bollebakst. Eg skal nemleg ta tantegull på besøk både i dag og i morgon, i tilleg til at eldstemann skal ha overnattingsgjest – og då er det klart at vi må ha bollar!!! Mange bollar!!! For som Morten Schakenda seier:

“Kva er vel betre enn å setje tennene i ein fersk kveitebolle? Jau, det er å setje dei i ein til!”.

Nyt dagen vidare;

med eller utan marihøner og kveitebollar!

4 kommentarer:

  1. Fins knapt vevkjerringar eller andre små "otyskje" her i Strandgata! Kan telje på ei hand dei gongane eg har grusa ein edderkopp i heimen. Men her er nok av måsar...
    Forresten - ein ubuden gjest kan vel vere så mangt. Du hugsar vel kva mormor sa?? ;)

    SvarSlett
  2. Nokre gjestar er søtare enn andre :-)
    Fekk fole lyst på bollar!!

    SvarSlett
  3. Dere har det så kosligt hver gang eg stikker inom deg her.

    Ei lita marihöne som kom på besök.
    Det er kjekt det. Håper den finner seg ei plass for vintern så den atter en gang kan krype på saftmuggen hos deg.
    Kos dere med boller nå.
    Klems.

    SvarSlett
  4. Boller skulle det bli her i dag og, helt til jeg oppådaga at husmora ikke har kjøpt inn mjøl denne uka, sånn er det å komme fra seters og ikke huske hva en har i matskapet i heimen.
    Men i morra, da skal det bli boller!
    God helg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!