mandag 18. oktober 2010

ETTERSPURD REPRISE: Kjære mann eller dame som eg snart kjem til å køyre på!

For to år sidan hadde eg eit innlegg på bloggen min om refleksbruk. Mange hugsar det kanksje, då eg også publiserte det på bloggen min i fjor òg. No er det så mange som har kontakta meg og spurt om eg ikkje kan legge det ut på bloggen ein gong til, og det gjer eg sjølvsagt gjerne! Du må gjerne linke til dette innlegget for å vere med på å spreie den livsviktige bodskapen!

refleks1

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg forstår ingenting av det politiet seier. “Du må bli med oss”, seier dei. Dei seier at vi må snakke om det som har skjedd. Men eg veit ikkje kva som har skjedd. “Ikkje tenk meir på det”, seier dei. Og medan eg set meg inn i politibilen tenkjer eg kun på at dette var eg ikkje skuld i åleine. Dette kunne ha vore avverga. Dette skulle eg ikkje ha opplevd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, og du må sjølv ta på deg noko av skulda. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

refleks

(foto lånt her)

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

9 kommentarer:

  1. Hjørdis Almelid Vikenes18/10/10 18:47

    Eg hugsar avisstykket ditt ja. Brukte det i undervisninga og så måtte elevane leite etter kvar du hadde brukt som argumentasjon. Fleire landa på at du her spelte på kjenslene våre!!! Flott at du fokuserer på dette. Er mange både mørkemenn og -kvinner ute i desse dagar ja.

    SvarSlett
  2. Hjørdis Almelid Vikenes18/10/10 18:48

    ...kva du hadde brukt som argumentasjon skulle det vere...

    SvarSlett
  3. Gjør inntrykk denne gangen også denne teksten Tove!
    Jeg husker så inderlig godt da jeg leste det sist gang du hadde det her.....jeg har blitt en supereffektiv refleksmamma, og reservemamma....sender alle barn med refleks når de skal gå herfra i mørket jeg. Minner meg på at jeg må fylle opp reflekslageret i gangskuffa mi igjen. Takk for nok en påminnelse søte du:)

    SvarSlett
  4. Denna hugsar eg og :) Kjempeviktig tema du skriv om. Takk skal du ha!

    SvarSlett
  5. Leste den da og leste den nå.
    Den er så bra. Sier det meste.
    Men desverre så bruker ikke folk reflex. Ser det når eg er ute med maken i lastebilen. Dem dukker opp forseint og man klarer dem så vidt.
    Skrekken min er at noe ska skje når han er ute og kjörer om natta.

    Kan eg låne denne her? Legge den ut på bloggen min litt oversatt til svensk?

    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  6. Jeg la en lenke til innlegget ditt på Facebook-profilen min. Du skriver så godt om noe som er så viktig! Tusen takk!

    SvarSlett
  7. Sterkt.. jeg har kjørt på ett menneske som gikk i mørket uten refleks. Det er 11 år siden nå, men jeg kommer aldri til å glemme den føelsen. Han jeg kjørte på slapp unna med en brukket fot. Heldigvis. Ellers hadde jeg ikke kunnet leve med meg selv, selv om det var han som gikk uten refleks i mørket.. og jeg SÅG INGENTING før jeg hørte et dunk....

    SvarSlett
  8. Dette er SÅ viktig å minne om..
    Burde stått i alle aviser kvar haust dette.. Om det berre kunne berge ein...

    Lev så vel!

    SvarSlett
  9. Kjempeviktig innlegg Tove.
    Men dessverre ekje det alltid refleks he like bra effekt på bilistar...hadde en ubehageleg tur for eit par år sidan, både eg å gubben hadde refleksvestar, band og hovudlykt...likevel var eg kun få cm frå å verte meia ned av ein bil...

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!