torsdag 2. september 2010

Kvar dag er ei sjeldan gåve...

Vi veit alle at ordtaket stemmer, at kvar dag er ei sjeldan gåve. Men nokre av desse kvardagane er meir sjeldne enn andre. Bursdagar, til dømes. Dei kjem ein gong i året og gir oss høve til å verte eitt år eldre enn sist vi hadde bursdag. Tenk så utruleg heldige vi er som får lov til å starte på endå eit år i livsprosessen vår! Vi må samle på desse åra! Tenkje med oss sjølve at det er om å gjere å ha flest mogleg av dei! Vi må aldri sture over slike dagar, sjølv om det betyr at vi vert eldre. Ta imot, ynsk åra velkomne og takk for at vi får lov til å legge nye år inni livsløpet vårt!

Eg er så heldig at eg har bursdag i dag. Den aller største gåva er å vakne om morgonen og kjenne varme, gode barnehender som kjem smygande opp i senga til meg for å gi meg gode klemmar og gratulere meg med dagen. Og så kom eg på jobb og vart møtt av dei fantastiske elevane mine som gratulerte meg med dagen!

Sola skin frå klar, blå hausthimmel og eg gler meg til å gå inn i denne dagen! Eit år eldre, hundrevis av erfaringar rikare, mykje meir audmjuk, litt meir drøymande og veldig takksam for at eg får lov til å verte eldre!

Uansett kvar du befinn deg i dag, om du har bursdag eller ikkje;
Nyt dagen og tenk at du er verdens heldigaste!

13 kommentarer:

  1. Gratulere SÅ mykje med dagen din!
    September er ein flott månad å ha bursdag ;-)

    SvarSlett
  2. Hei hei
    Gratulerer så mye med dagen. September er den store bursdags måneden her og. Lille Milla er førstemann med 1 års dag til tirsdag. Tiden går så alt for fort.
    Ha en fin dag
    Klem Tove

    SvarSlett
  3. Grattis med dagen snuppa ;)
    håper du får ein fine dag -- skal sebde deg noen gode tanker
    Klemma

    SvarSlett
  4. Gratulerer med dagen!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  5. Gratulera so mykje med dagen!! :D

    SvarSlett
  6. Hei Tove. Gratulerer så mykje med dagen!!!
    Takk for eit svært interessant kåseri på Husflidsmøtet i går kveld. Du er flink. Fortsett slik!! Eg sit og ser på den fine rosa eg fekk frå deg.

    SvarSlett
  7. gratulerer så mykje med dagen! Er så glad i blogginnlegga dine, dei får meg verkeleg til å stoppe opp litt. Fortsett slik!

    SvarSlett
  8. Gratulerer så mykje med dagen Tove!

    SvarSlett
  9. Gratulerer med dagen !! :)

    SvarSlett
  10. Til lukke med dagen, det er sant at i dag har vi hatt ein retteleg flott haustdag, og ikkje mykje er betre enn flotte haustdagar:)

    SvarSlett
  11. Gratulerer med dagen :)
    Betre å famne om livet og dagane som kjem enn å deppe over at åra har gått...

    Bursdagsklem frå Marie :)

    SvarSlett
  12. Gratulerer så masse med dagen! Kjekt å følge med på den trivelige bloggen din:)

    SvarSlett
  13. Vell overstått, og gratulerer med ett nytt og ubrukt fødselsår. Tusen takk for påminnelsen, vi alle trenger det i blandt:-)

    God helg i høstsolen.

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!