onsdag 4. august 2010

Etterlengta butikk!!!

Eg gjekk i fleire veker og venta på at Helle og Hege skulle fjerne gråpapiret i butikkvindauga sine!!! Dei har nemleg starta interiørbutikk i den flotte gågata i Ørsta!

IMG_4038

Då dei opna dørene på måndag var eg sjølvsagt på plass! Dette er ein snopebutikk for alle interiørglade som likar den franske landstilen, men også for dei som er litt nostalgiske av seg! Eg har tatt ein del bileter i butikken og har fått lov av dei flotte damene til å publisere dei på bloggen min!

IMG_3936

For dei som lurer på kvar “Landhandelen” ligg, så lyt dei ta turen til Ørsta og ta seg ein rusletur i gågata. Lengst ute i gata ligg denne koslege butikken, nokre få steg frå den populære kaffibaren Fugl Føniks og haldeplassen.

IMG_3938

Dei har klart å lage eit godt miljø i butikken og ein kan sanneleg drøyme seg vekk….

IMG_3941

Butikken har varer for ein kvar smak og til eit kvart bruk.

IMG_3942

Desse glasa kunne eg godt ha tenkt meg å ha…

IMG_3943

Her kan du kjøpe nips og naps, eller flotte møblar.

IMG_3944

Eg likte meg så godt bort i denne kroken. Det skjønar du sikkert… Sjå den lekre tapeten!!!

IMG_3945

Mykje fint å pynte med i heimen!

IMG_3946

Eg kjem til å legge ut fleire bileter frå butikken i bloggen i seinare innlegg! Det er så mykje fint å finne i “Landhandelen”!!!

IMG_3956

Ivar Aasen har rett – som alltid – for på “Landhandelen” finn ein absolutt det ein leitar etter og mykje, mykje meir!

Eg håper verkeleg at folk valfartar til Hege og Helle sin butikk! Ikkje berre bidreg dei til å puste liv i ei gate som mange butikkar har flytta i frå, men dei fyller eit interiørtomrom for oss som er glade i denne stilen.

Tusen takk til “Landhandel”-damene! Eg kjem nok til å verte ein av dei faste kundane….

6 kommentarer:

  1. Oi! He den åpna altså! Ej he gått og venta i heile sommar. Ja, då veit ej kar ej skal i morga:)

    SvarSlett
  2. Flott innlegg, Tove! Heia Helle og Hege!

    SvarSlett
  3. Virkelig en TOPPERS butikk du har i ditt nærmiljø. Ser alle tiders ut der!

    SvarSlett
  4. så ut som en flott butikk.Heldig dere som er i nærheten.
    Ha en vidre fin kveld.
    Klem Christina

    SvarSlett
  5. Gledar meg til eg kjem heim!
    Kjekt at vi endelig har fått ein "skikkelig" butikk i bygda ;o)

    SvarSlett
  6. Åhhh så masse fint! Herlig av deg å gi oss som bor lengre borte en skikkelig titt! Kanskje vi til og med får se noen funn etterhvert * smiler * Har vært litt til og fra her men nå bare måtte jeg legge inn enkommentar til deg. Bloggen din er fantastisk.. og god å lese. ikke minst at du skriver nynorsk liker jeg:) Ha en super duper fin dag vennen . klem fra Lier

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!