søndag 18. juli 2010

Tankepause…

Vi har vore på campingtur i helga og kosa oss i campingvogn. Ungane har storkosa seg og leika frå morgon til kveld. Det var leikekameratar overalt!  Minstesnuppa var kanskje den ivrigaste av alle, og sprang mellom trampoliner og leikeapparat dagen lang!

Sina

Men sjølv denne vesle snuppa treng pause av og til.  Snille papsen kom med litt slikkeri på laurdagskvelden, og då kjende ho brått at ho var litt sliten. Ho stod rett opp og ned og kosa seg og såg tankefullt utover leikeplassen medan alle dei andre ungane leika seg.

Den som kunne ha gitt ti øre for tankane hennar…

4 kommentarer:

  1. Så skjønn Sina er, fekk litt Hollie Hobby flashbak av kjolen:-) Ja den som visste kva tankar som rører seg inne desse små:-)

    SvarSlett
  2. Nydeleg...
    Var ikkje det "Ti øre for tankane dine" ein brukte seie i gamle dagar når nokon vart drøymande i blikket?
    Ha fortsatt vakker sommar!

    SvarSlett
  3. Hei :)

    Ja skulle gjerne likt å vist hva ho tenke på her.. ser riktig så tankefull ut..

    Flott kjole ho har på seg..

    Kos dere videre:)

    Ha ei fin uke og dag :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Bedårande søtt lite menneske! Skulle også gjerne likt å visst kva ho tenkjer!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!