torsdag 11. mars 2010

…om den vesle tua som velta heile lasset…

I dag er eg skikkeleg frustrert og fortvila over meg sjølv!!! Siste to månadane har eg strikka OL-gensar til Johan, og det har vore eit kjedeleg og krevjande arbeid,  samstundes som at eg har vore så kry over å ha fått det til! Eg har hatt tunga beint i munnen og kava meg gjennom oppskrifta – steg for steg.

frustrert1

Strikketøyet har vore med meg overalt; av og til er det gensaren som har vore i strikkeveska, andre gongar har det vore huer og skjerf. For ein som aldri har strikka før er det ganske svært å føle at ein er avhenging av å ha det med seg – det kan vel mine medstrikkarar forstå????

frustrert2

I dag var eg på besøk med mor mi, som hadde sagt at ho gjerne ville strikke ei arm til meg. Eg hadde sjølvsagt med gensaren òg, og viste stolt fram det snart ferdige produktet. Eg såg at ho vart stor i augene då eg la gensaren utover bordet i all sin prakt. Eg trudde så klart at det var fordi ho vart stum av beundring, heilt til ho spør om det er husbonden eg har strikka til. Då eldstemann kom for å trakke seg opp i gensaren var det min tur å verte stum; ikkje av beundring, men av fortviling… Det var ALTFOR stor!!! Den rakk han omtrent til knea, og då var ikkje eingong gensaren ferdig!!!

frustrert

Brått var det som om alt rakna – bokstaveleg talt!!! Eldstemann stod skuffa att på golvet og såg gensardraumen forsvinne framfor augene på han. Ein liten misforståelse under mi nitidige lesing av oppskrifta, hadde gjort at gensaren er mykje større enn han eigentleg skal vere.  Tre små bokstavar velta heile prosjektet mitt….Vi konstanterte fort at dette må verte ein gensar til husbonden, og så får vi jukse til maskeantal, mønster og lage ein annan hals enn det som eigentleg var tenkt. Husbonden er nemleg ikkje så glad i gensarar med trang hals. Han er vel eigentleg ikkje så glad i strikkagensarar heller, når eg tenkjer meg om, men denne skal han tvingast til å gå med – tru du meg!!!

frustrert3

Gensaren skal nok verte ferdig den! Eg har lagt all mi sjel og heile mitt hjarte i dette prosjektet, og det trur eg den nye mottakaren veit! Og sjølv om han er aldri så lite glad i ullgensarar, så kjem han nok til å bruke den!

Sånn, då er eg ferdig med mi vesle utblåsing og er klar til å ta pinnane fatt igjen!

Bileta er lånt her, her, her og her.

17 kommentarer:

  1. Offa mej Tove!
    Ditta va ikkje kjekt!!! Veit kor frustrerande det e når en ikkje he forstår mønster eller strikka feil...Men kan det vere et trøstande ord at visst du no prøva å strikke en i RETTE størrelsen, so KAN du mønstra og du he mykje mindre masketal og alt går tredobbelt så fort? So kanskje Johan fe sej OL genser likavel? Uansett; Du e KJEMPEFLINKE Tove!!!! Det e vanskelig å strikke med so mykje mønster!!!!
    trøstande klem frå Mej;)

    SvarSlett
  2. Stakkars gode snille Tove....
    - Men tenk positivt - du har jo strikka eit kjempeverk.
    Så gensaren til Johan kjem til å gå som ein røyk - tru du meg.

    Trøsteklem frå jannetove

    SvarSlett
  3. Åååå, ej kjenne mej so igjen i ditta!

    No ska ej til på tredje forsøk på ei hue ej prøva å få til. Å DINNJE gongen må de berre gå.
    Ej verte like fortvila kvar gong ej ikkje fe d t.
    Men de e då de e vikti å huske at når en he fått d t, endeli, so smaka "seieren" ekstra godt :)
    Lykke til me prosjekte!

    SvarSlett
  4. uffa da - selv om eg måtte smile litt også, ikkje av at du har gjort feil, men DU kor eg kjenne meg igjenn.
    Gjort det mange ganger - desverre.
    og no skal eg rekke opp at ein tunika og begynne for 3 gang
    trur det er plass både til meg og deg oppe den ;)

    Men mannen får jo seg genser og eg håpe med tid og stunder så får guttongen det også ;)

    Eg hjelpa deg gjerne i gang

    Smil fra monika

    SvarSlett
  5. Å nei så kjedelig! Kjenner følelsen. Har etterhvert blitt flinkere til å sjekke mål og sånn. Godt mannen kan bruke den da. Å du har jo bevist at du kan, så da blir det vel kanskje genser på sønnen etterhvert også :)

    SvarSlett
  6. Uff da...
    Sånt er ikke morro, men fatt mot..jeg tror det går fortere å strikke genser nr.2. (siden du allerede har vært gjennom mønsteret en gang :o)
    God helg,
    hilsen Fredrikke :o)

    SvarSlett
  7. Å neeeei! Noe så forbaska!!!! Men bra for deg at du allerede nå klarer å tenke på å fullføre, og kanskje til og med strikke en genser til!
    Jeg tror jeg hadde utført rituell brenning av strikketøyet hadde noe sånt skjedd meg.
    Flink er du. Flott å høre at du ikke gir opp. Og om det er noen trøst så kommer du neppe til å gjøre samme feilen én gang til...

    *strikkeklem*

    SvarSlett
  8. Kan tenke meg sjokket når du oppdaga at den var allt for stor.
    Synst synd på eldsteman som skulle få den....

    Så visst eg kjem til Ørsta og ser en man som går og ser litt utilfreds ut så kan eg nesten tenke meg at det er husbonden da...
    Håper du orker å strikke en til.

    Klems Synnøve.

    SvarSlett
  9. Lykke til med resten av genseraren og nytt friskt mot til å starte på nytt...
    Og det hjerte på siste bilde er no berre nydeleg..
    det fekk eg lyst til å lage!!

    Ha ei kjekke helg, det er iallefall strikkevér...

    SvarSlett
  10. Så kjedelig! Ligger mye arbeid (og kjærlighet) i en hjemmestrikket genser. Mannen blir nok kjempe fornøyd. håper du vil dele resultatet med oss.
    Klem igi

    SvarSlett
  11. Sånn kan det gå, og du er ei ny erfaring rikare og har lært deg enda litt meir om strikking ;)
    Sjølv om ikkje alt går som planlagt så synest eg du er flink, for eg kan ikkje å strikke ein sokk ein gong...

    SvarSlett
  12. Huff da Tove. Eg føler din fortvilelse.. Men godt å få det ut tenker eg.
    Håpa dette ordna seg og at det endar bra :)
    Ha ei fin ny veke Tove.
    klem

    SvarSlett
  13. Hei :) håper helga var fin og at dere fikk ei fin helg med mye sang...

    Oii så kjedelig da.. men det er fort gjort å lese feil.. blir nå greit for mannen og få seg en ny genser da.. flin du syns jeg som tar til med et slikt prosjekt.

    Ha en flott mandag :)

    Klem

    SvarSlett
  14. KLem.

    Du er ikkje åleine om den der :-)

    Håper motet held til å fullføre og husbonden forstårk kvifor han treng den genseren der.

    SvarSlett
  15. Tenkje det gjenge fint neste gong ej. Ekje den vanskelegaste genseren å strikke, helde på me same genseren sjøl ej...berre en fe sitte i fred å ro so gjenge det radigt:-) LYKKE TIL!

    Og ja...mannje he berre me å bruke na;-) Ej he en so e sure for at han aldri fe sej nye genser;-)

    SvarSlett
  16. Jeg hadde blitt så fortvila at jeg hadde kasta pinnane veggimellom jeg....og sikkert lagt strikketøyet på hylla for ei laaang stund! Men jeg tror at husbonden blir glad for en genser fra husfrua, og at sønnen i huset nok får en ny fin genser strikket av mor med tiden:)

    SvarSlett
  17. Fatt mot! Om du strikkar ein til så gjeng det nok mykje raskare pga størelsen. Då har du TO gensarar å vere stolt av. Lukke til :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!