torsdag 4. februar 2010

Vis meg serviset ditt…

… sa Anette med bloggen Guttemamma! Ho var eigentleg ute etter å finne ut om val av servise seier noko om oss som person. Tja, det er vel ein interessant tanke, og eg trur faktisk at mine servise er veldig meg! Og sidan eg likevel ligg heime med spysjuka (Jepp! Runde nr. 2 på ei veke…), fann eg ut at eg gjerne ville ta denne utfordringa! Ein får prøve å muntre seg opp som best ein kan…

Eg gjekk nokre runder med meg sjølv for å finne ut kva for servise eg ville vise fram. Det er faktisk ganske mange ulike servise i samlinga mi, og eg prøvar å bruke alle så godt som eg kan. Einaste eg bestemte meg får å ikkje vise fram, er Green Gate-serviset mitt. Dei fleste bloggheimar har dette serviset i ei eller anna form, i eitt eller anna mønster, og er difor ikkje så spennande å vise fram (sjølv om eg likar det veldig godt).

002

Dette Denby-serviset kjøpte eg då eg budde i England. Eg passa på kvar gong det var sal i butikkane, og så slo eg til og kjøpte nokre delar. Svært lite har vorte knust, til trass for at har vore i dagleg bruk i snart 13 år.

003

Same kor mange gongar trendane snur, så blir eg aldri lei av dette serviset i steingods. Eg elskar fargane i det og kan kombinere det med det meste! Dette serviset er fast innslag på frukostbordet.

009 

Arabia sitt enkle 24h-servise er i dagleg bruk som middagsservise. Det reine og enkle med dette serviset appellerer sterkt til meg! Eg har stort sett alle delane i dette serviset, men treng vel snart å supplere litt. Serviset må tole hard medfart i ein heim med tre aktive ungar… Det er berre så synd at mykje av det har gått ut av produksjon! Kanskje eg snart kan finne noko av det på bruktbutikkar rundt omkring! Dei rause tekoppane er uunværlege…

010 

Noko eg aldri har prioritert å ha så mykje av, er djupetallerkenar. Då eg skulle servere ei nydeleg suppe til klubbdamene mine for ei tid tilbake, oppdaga eg at eg slettes ikkje hadde fat nok til alle! Då var gode råd dyre, og eg tok ei rask butikkrunde for å finne gode alternativ. Desse fata fann eg på ein liten nisjebutikk, og dei kosta ikkje meir enn 19 kroner!!! Eg forelska meg heilt i det sarte mønsteret (som berre er rundt kanten på tallerkenen), og kjøpte 12 med ein gong. Då eg litt seinare bestemte meg for å kjøpe fleire, hadde butikken lagt ned… Vi brukar fata til det meste, som du ser!

012 

Gult er vanlegvis ein farge eg ikkje er særleg glad i, men dette keramikkserviset er noko av det kjæraste eg har! Mannen som har laga det, Rolf Vatn, er ein lokal keramikar som lagar dei nydlegaste ting! Rolf var ein av lærarane mine på ungdomsskulen, men no er han keramikar på heiltid. Eg kjenner mange som har Rolf sine produkt, men ikkje tør å bruke dei. Det er ei skam om slikt står stua vekk i skap! Eg brukar dei heile tida, og dei toler oppvaskmaskin. Staupet bakers til høgre i biletet vert brukt når eg skal kose meg med eit glas vin.

018

Eg bestemte meg for å samle på dette Wedgewood-serviset, Amherst, då eg budde i England. Vi fekk mykje av det då vi gifta oss for ti år sidan, og mykje har eg kjøpt sidan. Kombinasjonen av grått, sølv og kvitt er tidlaust og klassisk. Sjølv om dette er eit typisk “beste-servise”, behandlar vi det ikkje slik her i huset. Vi har ein filosofi om at det vi har, må vi bruke! Dette brukar vi stort sett kvar gong vi har middagsgjestar, på søndagar, i høgtider – eller ein måndagskveld vi berre vil kose oss litt ekstra.

Eg kan sjølvsagt ikkje unngå å legge ut bilete av det serviset som er absolutt aller mest i bruk for tida:

024

Minstesnuppa er ein usedvanleg ivrig kokk, både når det gjeld “late som”-matlaging og “hjelpe mamma”-matlaging. Ho har sjølvsagt sine eigne servise, og dette Kitty-serviset er det mest brukte for tida. Kvar kveld, etter barne-TV, dekker ho bordet på stova og “lagar” dei herlegaste rettar til oss! Kakao er standardinnslag på menyen, og så varierer rettane alt etter dagsform, tilgong på ingrediensar og tolmod. Alt smakar sjølvsagt nydeleg godt, og den vesle kokken er stadig like nøgd med prestasjonane sine!

No har eg altså teke Anette si utfordring på strak arm og sender den vidare til alle som har lyst å prøve seg på det same! Tek du ufordringa??? I så fall;

Velbekomme!!!

11 kommentarer:

  1. heisann......så vakre kopper og kar dere har...jeg er bare så glad i keramikk..å det hadde du så mye fint av...ha en god bedring dag..

    SvarSlett
  2. Fine service du har Tove - men utfordringa di er eg redd eg ikkje kan ta. Eg oppdaga det same som deg i jula då eg skulle ha alle til julegraut på julaftan kl. 12.00 - eg har ikkje djupetallerkar. Så må eg berre innrømme at eg har nesten ikkje service i det heile - iallefall ikkje noko heilt som eg kan vise fram i bloggen min. Jau forresten - eg blogga om eit fint service som eg fant på bruktbua her for nokre dagar sidan. Det service har eg faktisk til 10, men berre som kaffiservice. Alle dei andre servica som har vore i mine skap har blitt "left behind" når eg har flytta, hehe.
    Men veit du Tove - eg er like glad eg, for no er eg på leiting etter det perfekte middagsservice når eg er ute å kikkar i butikkar - like spennande kvar gang om eg finn det. Inntil vidare dekkjer eg med "ei bikkje av kvar sort" og jammen blir eg mett då og:-))
    Ha ein fortreffeleg dag min venn:-)

    SvarSlett
  3. Så mange flotte serviser du har heime. Liker det Denby serviset eg.
    Flotte farger er det.
    Takk for du delte det med oss.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  4. Oj, oj, oj!!!
    Er det mulig å ha så mange serviser i samme hus??? Jeg har bare ett besteservise, og ett kjøkkenservice i tillegg til de evindelige greengate som alle har som du sier;) Har akkurat begynt å samle på arabia service i hvitt...helt enkelt igjen.....;)
    Lekkert når du har flere farger å velge i dog.....se og lær er det noe som heter. Jeg bør definitivt lære!!!

    SvarSlett
  5. Imponerande variasjon i servisa dine! Denby-serviset står i vårt skap også, og det er sant, eg blir ikkje lei det. Ellers er det lite å skryte av hos oss :-). Det står mykje fint på den usynlege ynskjelista, då! God bedring!

    SvarSlett
  6. Eg likte alle saman eg :) Kvar til sitt bruk :)

    SvarSlett
  7. Ska sei dåkke hadde servise!!
    Eg har visst og nok av sorten -og har faktisk lyst å ta utfordringen... Men viser nok ikkje meir enn eit servise. Yndlingen liksom :-)

    Ha en super torsdagskveld!!

    SvarSlett
  8. Er litt lost eg - greengate service korleis ser det ut??? Nokon som kan tipse meg på det??

    SvarSlett
  9. Nydelige serviser, jeg har samme Denby servise, har også hatt det i mange år og elsker det.
    Falt jo veldig for kitty serviset da, det hadde prinsessene mine elsket.
    klem marilyn

    SvarSlett
  10. Kitty-servicet var jo det som falt i smak sånn ved første øyekast .. hihi .. artig å se hva for smak andre har synes jeg :o)

    Ha en kjempefin helg :o)

    SvarSlett
  11. Så herlig at du tok utfordingen,Tove og ikke overraskende har du mye vakkert!! Håper dere er på beina igjen...
    god helg og klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!