mandag 22. februar 2010

Ikkje akkurat OL…

…men både humøret og idrettsgleda må i aller høgaste grad overstige det Northug presterte!!!

002

Under gårsdagens skidag var det stort sett berre smil å sjå, og alle som passerte mållinja tok seg tid til ein prat med lokal presse og nyfikne tilskodarar!

015

Løypa var heilt topp, men føret var ikkje optimalt. Det var eit tynt islag på toppen, og puddersnø under! Dei krevjande forholda klarte likevel ikkje å øydelegge det gode humøret!

018 

Frøken midtimellom var stolt over gullmedaljen og kosa seg med godteripremien etter endt løp.

023

Minstesnuppa hadde ikkje fått middagskvilen sin og var ikkje i toppform. Ho avslutta løpet på bestefar sine skuldrar, men fekk gullmedalje og godteripremie likevel!

031

Det gjorde godt å få kvile seg ei stund etter alle strabasane. Ho hadde ingen kommentar til frammøtt presse og ville ikkje sjå i kamera. Då var det mykje betre å få halde mamma i handa og tusle seg tilbake til bestemorhuset og kvile seg litt i sofaen.

Tusen takk til alle som var med på å arrangere skidag i går – til stor glede for store og små!

2 kommentarer:

  1. To kommende skilöypere til OL om nokre år.
    Kan skjöne det var ei flott dag.
    Klems fra snökaoset her på Digernes.
    Synnöve.

    SvarSlett
  2. Herleg! Ei sportsreportasje etter mitt hovud! Eg er velsigna fri for ol-interesse, så no nyt eg verkeleg friveka, heilt uavhengig av klokka og tv-skjermen:) Skal no ut og kjenne på kva eg kan prestere sjølv i - 10 og sol:)
    God vinterferie i indre strøk!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!