fredag 12. februar 2010

Ein salma ved dagens slutt….

Eg har ete ein fantastisk god middag i dag, og deler oppskrifta med deg! Det er så kjekt med mat som tek kort tid å lage, men som smakar godt og har herlege og sunne råvarer. Denne lakseoppskrifta ligg høgt på favorittlista her i huset!

014

Slik gjer du det:

♥ Kjøp eit stykke Salma-laks og skjær den i passe store bitar. Du kan også steike den heil.

♥ Legg stykka i ei eldfast form

♥ Strø over litt salt

♥ Legg ei raus ts grøn pesto på kvart stykke (eller så mykje som du vil)

♥ Til slutt legg du på ein klatt seterrømme

♥ Steik i ovnen på 225 grader i ca 25 minutt. Sjekk laksen undervegs, du vil ikkje ha den for mykje steikt!

016 

Poteter og grønsaker er ypperleg tilbehør!

Alle burde unne seg ein laksemiddag i helga!!!

Velbekomme…

6 kommentarer:

  1. Det så veldig godt ut! Skal prøves

    SvarSlett
  2. Mmmmm...laks er kjempe godt! So flotte bilete. Det er so ein får vatn i munnen... Me har hatt surra svinesteik. Eigentleg råflott på ein fredag, men sanninga er den at steika måtte etast i dag... Det var også godt! Ha ein fin fredag! Ane

    SvarSlett
  3. Namm!!!! Men laga du pestoen sjølv? Og skal rjøma vere på laksen heile steiketida?? Helsing totalt uvitande.

    SvarSlett
  4. Hjelpes meg - jeg ble så sulten! Elsker fisk, og bildene dine gjør susen! Ha en god helg!

    SvarSlett
  5. Så godt det ser og høres ut .. har jo laks og sånt her også .. :o)

    Spørs om det ikke blir laks i helga ja .. :o)

    Ha ei super helg :o)

    SvarSlett
  6. Hei i natten.
    Sitter og ser på OL invigningen.
    Blir kjempesulten når eg ser din flotte lax....
    Kanske man ska lage seg litt mat nå?
    Nå får du ha ei flott lördag når du våkner.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!