søndag 17. januar 2010

Vårkjensle…

Det vart vår i vindaugskarmen på kjøkkenet i dag! Nye gardiner med vårlege fargar og rosa tulipanar sette meg i skikkeleg vårstemning!

008

Det er framleis snø i fjella, MYKJE snø, men med så herlege temperaturar som vi har no så forsvinn det nok raskt.  At brøytemannen min kvesser plogen og ventar på meir snø gidd eg ikkje å bry meg om i dag.

012

Sina hadde så lyst på bollar i dag, så då var det berre å hive seg rundt og bake! Eg har laga Morten Schakenda sine gigantbollar, som smakar betre enn noko anna du har smakt… Trur eg må lage eit eige Schakendainnlegg seinare i dag… Kanksje eg slenger med oppskrifta òg!

Ha ein framleis

god søndag!

5 kommentarer:

  1. Ja, det vart jammen vårleg!:)
    Har så smått byrja å tenke på kva frø eg skal plante i år og kva blomar eg skal ha i krukker og tønner ute...
    Inne har eg friska opp med Primula, synest det er ein skikkeleg vårblome.
    Ja, legg gjerne ut oppskrift på gigantbollar!
    God sundag til deg, òg!

    SvarSlett
  2. Koselege gardiner - og flott utsikt frå kjøkkenglaset ditt! Kjempebollar og søndagskos høyrest herleg ut:)
    Her har vi ete potetball - og då kom sjølvsagt heile gutegjengen som eg er besta til, smaman med foreldra og åt i lag med oss:)

    SvarSlett
  3. Godt med lit mildare ja...
    Har adward og utfordring til deg, berre viss du har lyst altså ;-)

    SvarSlett
  4. Hei! Verda er heldigvis ikkje altfor stor. I dag fekk vi ein koseleg kommentar på bloggen vår: http://3visekvinner.blogspot.com/ frå ei tidlegare klassevenninne på den vidaregåande skulen her i Barndommens dal som fru Storlien kallar staden i bloggen sin. Ho er nominert i same klasse som deg, mest velskrevne mammablogg. Nå har eg vitja begge bloggane og de skal ha all ros og amneg stemmer. Det som var litt morosamt var at du skreiv om Schakenda bollane. Bakaren held nemleg til i Barndommens dal og vi har også blogga om boka og bakaren. ta ein titt på bloggen vår også da vel! Lykke til med kåringa!
    R - ei av dei Tre vise kvinnene

    SvarSlett
  5. Å det er hærlig med de første vår blomstene og følsene! Og det er jo egentlig ikke lenge til våren kommer!

    PS! Ligger en liten utfordring til deg på bloggen min!

    Ha en super dag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!