torsdag 7. januar 2010

…om å gjere ting ein slettes ikkje kan!

Eg har lova meg sjølv å la meg utfordre i 2010 – på alle områder i livet! Dette gjeld også på strikkefronten. Eg har vorte skikkeleg bitt av strikkebasillen, men har så langt halde meg til relativt enkle, små prosjekt. Det har gått i huer, lommetøfler, babypledd (2 stk), pledd til dukkevogn, fleire tova sitteunderlag, skjerf, halsar, ein gensar til minstesnuppa og to vestar til meg og frøken midtimellom. For å vere nybyjar og amatør, så er vel ikkje dette så verst???

Men no spørst det om eg har teke meg vatn over hovudet… Eg skulle eigentleg strikke ei ullbukse til minstesnuppa, men då den snille bestemora sa at ho allereie var igong med ei slik, vart eg plutseleg opprådd for arbeid. Eldstemann snappa strikkeboka ut av hendene på meg, og sa at no var det på tide eg strikka noko til han. Han såg ein fin tjukkegensar han hadde lyst på, og dermed basta!

009

016

Så no er eg altså i gong med mitt hittil vansklegaste produkt! Eg skal strikke Dale sin OL-gensar. Gensaren høyrer til Vancouver-kolleksjonen, men det er ikkje sikkert eg får den ferdig før til OL i 2014….

dale-genser

(biletet over er lånt frå Dale sine sider).

Så då er det altså berre å kaste seg på pinnane og strikke i veg! Skal prøve å legge opp oppdaterte bileter etterkvart som gensaren skrid fram!

Eg går altså laust på mi fyrste strikkeutfordring i 2010 og ynskjer meg sjølv lukke til!

16 kommentarer:

  1. Det blir ikkje mykje til personleg utvikling dersom ein ikkje tek på seg utfordringar. Kjempefin genser du skal strikke til guten, eg er sikker på at du vil klare dette så fint som berre det.
    Elles så har eg god erfaring i å stikke innom garnbutikkane i Ørsta og diskutere problem og få hjelp til å kome vidare.

    Sjølv har eg leita fram pinner og garn til tova tøfler - ein blir avhengig av slike og når det snart er hol i dei gamle må pinnane fram:-)
    Ha ein god dag

    SvarSlett
  2. Så spennende å prøve seg på noe nytt. Dette ser ut som en kjempefin genser. Lykke til!

    SvarSlett
  3. Kjempefin genser du er igong med, dette går heilt sikkert bra!

    SvarSlett
  4. Spenstig prosjekt! :o)
    Masse lykke til da!!

    SvarSlett
  5. lukke til --
    dette klara du fint
    Klemma fra monika

    SvarSlett
  6. Hei:) de e viktig å ha mål å strekke seg etter, og jeg e sikker på at dette klarer du. Fin genser du har bestemt deg for å strikke da.

    Lykke til :)

    SvarSlett
  7. Heisann!

    Ønsker deg lukke til.
    Du klarer det helt sikkert fint.

    strikke klem

    SvarSlett
  8. Hei Tove:o)
    Det fikser du lett skal du sjå:o)) Den OL genseren er kjempefin og det er OL kvart 4. år så ingen hast:o) Tenkjer det går som ein draum eg.
    Nyt kvelden
    Smil frå Lill

    SvarSlett
  9. Lykke til!

    For meg er alt av strikkerier som blir produsert like imponerende.

    SvarSlett
  10. Flott!! Og kor gøy det er når ein ser at ein mestrar ting ein ikkje visste ein kunne :) Lykke til, det går sikkert strålande.

    Og forresten, -nokre svingar skal det alltids være på stien ;)

    SvarSlett
  11. Så flott at du utfordrar deg sjølv på denne måten! Det er ein flott gensar du har begynt å strikke på, og det er bra, for det held oppe motivasjonen! Lukke til!

    SvarSlett
  12. Riktig Godt Nytt År til deg og dine :o)
    Blir spennende følge deg på "strikkeveien" i 2010 !

    SvarSlett
  13. heisann...har æ sagt godt nyttår mon tro?...dette fikser du vettu..men du verden for ett pågangsmot..sliter litt med å finne energi til store ting å lage, men har innmari lyst på ett hekla teppe....får se hva som skjer neste gang jeg er innom en garnbutikk..go fredag..og løkke te..

    SvarSlett
  14. Klart du klare dette!
    Lykke til og god helg ;-)

    SvarSlett
  15. Lykke til!
    Dette klarer du :-)
    Klem fra RitaLita

    SvarSlett
  16. Lykke til med strikkingen. Jeg synes at OL genseren for 2010 er kjempefin...Marius-genser inspirert. Skulle gjerne ha strikket en selv også,men jeg strikket på meg en tennisalbu i sommer og er enda ikke bra...Får heller kjøpe en om det ikke er for dyrt ;-]
    Istapper er utrolig vakre, og det å fotografere dem i solnedgangen gir et vakkert lys...
    God helg!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!