…men så vanvittig farlege!!!
Det heng mange fascinerande istappar rundt omkring frå hus og tak. Eg har sett at dei heng over inngangsparti, parkeringsplasser etc. Dersom ein klarer å nå tak i dei, anten gjennom eit vindauge eller ved å klatre opp i stige, så vil eg anbefale alle å prøve å fjerne desse herlegheitene! Dei er ikkje lenger så vakre om dei dett ned og gjer skade på folk. Om ein får ein av dei største istappane i hovudet, torer eg ikkje tenkje på kva som kan skje….
Dette er utsikta frå soveromsvindauget mitt! Dei fantastiske istappane rammar så vakkert inn den eineståande utsikta. Men i morgon skal dei ned… Eg tek ikkje sjansen på å la dei henge der lenger…
Oppmodinga mi til alle der ute er som følger:
Dersom istappane dine heng slik til at dei kan vere til fare for folk og allmenn ferdsel, så kan du ta flotte bileter av dei og så slå dei ned!
Så vakkert så vakkert.
SvarSlettMen farlig, farlig.
Så i morgen har du en jobb å gjøre. Men fall nå endelig ikke ut av vinduet om du griper tak i "problemet" den veien.
Det er vel ei oppmoding dei fleste burde ta, utrulig vakre, men dog så farlege... Nydelig utsikt, og bilete frå soveromet ditt.
SvarSlettGod helg!