onsdag 21. oktober 2009

Musikalske vitaminar og lokale heltar.

Eg har hatt nokre utruleg travle dagar i juryen i Lagmannsretten. Då eg kom heim i kveld, full av spørsmål utan svar og tusen tankar som måtte sorterast, fann eg plutseleg denne videoen på nettet. Egil Olsen er kanskje ein kjend artist for enkelte, for andre enno ukjend. Uansett kva kategori du befinn deg i, så bør du sjekke ut denne videoen.

Videoen fekk meg i godt humør og eg kjende skuldrane senke seg. Det artigaste er at alle på videoen er lokale heltar og musikalske personlegheiter her eg bur!

I morgon tidleg ventar nok ein dag i retten, og då skal i allefall denne songen vere med meg i tankane! “Grow a heart” kan nok vere viktige ord å hugse på i ei rettsak….

PS! Konkurransen min er ikkje over enno, klikk linken i høgre marg for å vere med!

3 kommentarer:

  1. Hei, hadde bare lyst til å si hei til ei med en flott blogg!
    -Eirin ;-)

    SvarSlett
  2. Hahaha, ja dinnja vart ej jammen i godt humør ta :-) Einaste ej ikkje drog kjensel på va no trommisen, ken d e?

    SvarSlett
  3. Då kan eg meddele at trommisen er vår sambygding og globetrottar, Erling Taftesund. (sjekk http://www.youtube.com/watch?v=0iLjgT2Xj5I)

    Songen ei ny perle frå Egil. Bandet elles nydelege.

    Linda H. D.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!