mandag 6. juli 2009

Kriiiiisehjelp!!!

Søskenbarnet mitt  m/familie har kjøpte seg nytt hus i Oslo. Dei er heldigvis fornuftige nok til å ville bruke om att ein del av møblane dei har frå før. Og då er gode råd dyre!!!

vitrine

(har lånt illustrasjonsbilete på  finn.no)

Med i møbelkolleksjonen er det sjølvsagt furumøblar.... Dei har eit vitrineskap i furu som dei vil male kvitt. Dette skriv ho om skapet:

"Hvordan gjør jeg det, og fargevalg og glans? Litt usikker på om det er oljet eller lakket. Skal finne ut det. En del profiler, så jeg vil helst ikke pusse det. Det vil ta flere år!"

vitrine1

(har lånt illustrasjonsbilete på  finn.no)

Det må vel vere interiørbloggarar der ute som ikkje har teke bloggferie????? Eg har ikkje så god greie på oppussing av møblar, så difor set eg min lit til at gode bloggvener kan hjelpe til!!!!

På førehand; TUSEN TAKK!!!

4 kommentarer:

  1. Er utruleg kor desse 90-tals vidundera skiftar ham med litt kvitmaling. Ho treng nok ikkje tenke så mykje på om møblane har vore olja, om ho då ikkje nyst har olja dei vel og merke. Det er berre å vaske over med godt såpevatn, gjerne kraftvask el noko sånt som fjernar fett og skit effektivt, husk å vaske over med reint vatn etterpå. Så er det berre å grunne og male, ho kan gjerne bruke vanleg Lady vannbasert maling til grunning, slik me brukar på veggane lady 10 eller anna liknande(må ikkje være lady men bruk maling av god kvalitet), ein må ikkje bruke spesiell grunning til dette. Puss og sparkle over ujamnheiter og eventuelt feil/hakk/kvistar om det trengs. Så er det berre å male med Lady 40 oljemaling som er den mest brukte til møblar, lister og karmar (i Sverige malar dei karmane med 80 glans lærte eg ein gong på kurs med Jotun, som er veldig blankt)Oljemaling må ein ha skal det tåle bruk og vask, og skal ein først til med ein slik stor jobb så er det greit å gjere det skikkeleg... Har ho mulegheit er det veldig greit å male utandørs på denne tida(vel og merke på regnfrie dagar) ein slepp dunsten inne og det tørkar fort. Ein og annan knott kan nok finne malinga freistande, men det går faktisk heilt greit å pirke bort etter at malinga er heilt tørr, mykje bedre enn å forsøke å gjere det i våt maling. Partytelt er topp å bruke om ein ikkje har garasje, blir mindre dryss frå tre og sånt også. Om ho synes det vert blankt med Lady 40, så vil glansen avta etter ei stund så ho må ikkje bli bekymra om ho synes det ser litt blankt ut med ein gong. Vil og tipse om ein ny rull som har komt, den er litt annerleides utforma enn dei me har frå før. Den er slik at ein slepp å ha fordrivar (kost som ein dreg over etter å ha rulla på malinga for å ungå den "nuppete" utsjånaden) der er ei sperre på rullen som ein sett på etter å ha rulla på, og så dreg ein over med rullen og vips så ser det ut som du har malt med kost og fine strøk. Ho må sjølvsagt ha ein kost i tillegg der ho ikkje når til med rullen.

    SvarSlett
  2. Ps om ho ønsker kvitt, så anbefalar eg egghvit, den er eg veldig fornøgd med:-)

    SvarSlett
  3. Hei!

    Jeg er ikk enoen oppussingsekspert kanskje, men jeg har jammen meg malt endel møbler etterhvert, og deler gjerne mine erfaringer.
    Fint at man vil bruke om igjen, istedenfor å kaste og kjøpe!!

    Først, vask! Med trerens eller annet kraftig vaskemiddel som fjerner olje/lakkrester, sot, skit osv.

    Anbefaler å pusse lett over med en pussepute. Ikke pusse ned, men glatte over.

    Kvistlakk, to strøk. Finnes en luktfri vannbasert som jeg bruker. Smør tynt på!

    Heftgrunn for tre. Etterpå ev. isolergrunning 1-2 strøk dersom treet er gulnet.

    1-3 strøk vanntynnet Lady, glans 15 til lite slitasje, men anbefaler glans 40.

    Bruk en god pensel beregnet for vannbasert maling, det gjør stor forskjell. Ev skumgummirulle til store, glatte flater.

    Håper dette kan være til hjelp, det er iallfall det jeg gjør. Er de riktig flinke går de over med pusseputen mellom strøkene (gjesp). Pussing er utrolig lite gøy, men betaler seg sånn utseendemessig ;)

    Nyt sommeren videre og lykke til til oppusserne ;)

    SvarSlett
  4. Hei!
    Her vil du nok få mange forskjellige råd, så jeg anbefaler at man har litt formening om hva man liker i hvert fall :)

    Jeg bruker å vaske først, rødsprit er bra. Dersom det er lakket trenger du ikke kvistlakk. Men om det ikke er lakkert, ha på det først. Så grunning. Du får også grunning med kvistlakk nå. Jeg er veldig glad i oljemaling på møbler, og bruker alltid det. Og så syns jeg det er finest med så blankt som mulig. Vegger er sjelden veldig blanke, så da vil det bli litt kontraster. På den måten vil hvite farger opptre forskjellig også.
    Fargevalg er jo individuelt. Men om det er ei hvit jente som skal ha det - så er jo helt hvit rent og pent. Ønsker man litt brekk i fargen så er eggehvit (eller bomull som den nå heter bra). Om du syns eggehvit er for gul, så har det kommet et farge som heter Hvit pepper. Den er mer grå, uten rødstikk. Den kan alltids lages lysere enn den opprinnelig er også.

    Men det kan også være fint å male noen møbler i litt knallere farger, om man ønsker en fargeklatt. For vitrineskap er det fint med hvit maling inne i skapet, så innholdet kommer tydelig fram. Om det skal være mye "rot" i skapet, så er det fint å stifte/sy på gardiner inne i dørene. Sjekk den fine Billy-veggen hos Lisbeth! http://lisbethsinlilleverden.blogspot.com/2009/02/me-love-billy.html

    Lykke til!
    Hilsen Tove

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!