søndag 21. juni 2009

When you lose something you can`t replace...

... I`ll fix you...

Tenk om det var så lett. Å kunne fikse alt som er leitt og vondt. Gjere alt godt igjen. Eg skulle ha gitt mykje for å kunne ha den eigenskapen. Det er alltid nokon som treng trøyst.

Tears stream down your face
When you lose something you cannot replace
Tears stream down your face
And I will fix you.

Eg har så lyst å rekke ut hendene, gi ein god klem, tørke tårene. Har så lyst å seie at alt blir bra. Men alt blir ikkje bra. Det blir betre, men ikkje bra.

Hjarta er tome. Det er ein som manglar. Tenk om eg kunne hjelpe. Tenk om eg kunne lindre. Det er ikkje noko eg vil meir enn det.

...and I will fix you...

Dei som har lese bloggen min i det siste, veit kva eg snakkar om her. Ei hending som har prega oss siste tida. Denne Coldplay-songen er ein av dei enklaste og finaste eg veit, og nokre av setningane har brent seg fast.

4 kommentarer:

  1. Fann denne på Ramme alvor sin blogg:

    Takk
    ..til deg som
    såg sorga mi.
    Som ikkje
    gjekk din veg
    men kom heilt
    bort åt meg.
    Du tok meg med.
    Viste meg gleda,
    gav meg latteren
    i gåve.
    Kjende han salva
    som Nardussalve
    det blødande
    såret.

    For den som har det vondt er det å vite at nokon bryr seg medisin og salve for det blødande såret.
    Såret vil vere der, gro litt, sprekke opp igjen og gro igjen.
    Men arret vil vere der for alltid, meir eller mindre synleg for ein sjølv og dei ein møter.

    Godt for dei som har mista å vite at du bryr deg om dei.

    SvarSlett
  2. sant nok...en flott sang...det er vanskelig, men det er fint og litt godt å kunne bare være tilstede..so søndag

    SvarSlett
  3. Den sangen er helt nydelig. Umenneskelig det noen må gjennomgå, og som du sier-det blir aldri bra, bare bedre.

    SvarSlett
  4. Godt at du set ord på det som mange går og tenkjer. Høyrde på 17. mai tala di ved bautaen i år, og syntes det var så fint det du sa om at tankane våre gjekk til dei som hadde opplevd å misse nokon i ei tragisk ulykke, som vi har hatt så mange av det siste året.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!