fredag 23. januar 2009

Februarkveld og utfordring!

Neida, eg har ikkje tatt feil av kalendaren! Eg har berre fått ei utfordring frå Line. Den er som følgjer:

Gå til foto/mapper i arkivet på datamaskina.

Ta ut den 6. mappeaog deretter det 6. biletet i denne mappa.

Legg biletet på bloggen og skriv noko om biletet.

Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringa.

Link til dei og gi dei beskjed om at dei  er utfordra.

Her er mitt bidrag til denne artige utfordringa:

  006

Litt av eit samantreff at Line sitt bilete også var eit ferjebilete!  Historia bak dette biletet er faktisk historisk! Ferje i bakgrunnen måtte i februar 2008 finne seg i å verte nedlagd til fordel for Eiksundsambandet, verdens djupaste undersjøiske vegtunnel. Det var vemodig å tenkje på at ferja, som har trafikkert frå heimbygda mi, ikkje skulle vere der meir. No var det slutt på den godmodige brumminga idet ho la til kai. Ferja skapte liv og røre i bygda, særskilt på fineversdagar vinterstid, når øyfolket skulle heim etter å ha nytta seg av det flotte skianlegget i kommunen vår.

Eg og ungane måtte ha oss ei lita avskjedsstund med ferja, og dette biletet er teke kvelden før opninga av sambandet og nedlegginga av ferja. Vi tok med oss god niste (sjokoladekjeks og kaffi!) og sette oss i fjøresteinane for å  få med oss dei siste historiske turane. Det var ein kald og forblåst avskjed, men ein kveld ungane aldri gløymer.

Utfordinga sender eg vidare til alle som kikar innom meg!

8 kommentarer:

  1. Herlighet, så stilig! Tenk å ha en "avskjedsstund" med ferga! Kan hende jeg tar utfordringen...må sjekke hvilket bilde det er først...om det er stuerent...neida, tulla.
    ha ei fortreffelig helg.

    SvarSlett
  2. Så trivelig!!...har i de tidlige morgentimer holdt på med akkutat den samme utfordringen fra Lne jeg også :-)

    Så flotte barn du har foressten.
    God lørdag til dere.

    SvarSlett
  3. Med den utrolig fine solnedgangen i bakgrunnen og historien bak, så forstår jeg at det ble en minnerik kveld ja. :)

    SvarSlett
  4. Dette bilete må du ta godt vare på Tove...artig å ha når det byrjar å bli " i gamle dagar" i borna våre sine auger...ikkje sikkert det er så lenge til....i ungane mine sine auger så vaks eg opp på denn tida...hehe

    Her har vi vore heilt utslått eit par dagar......som julekvelden på kjerringa kom det over oss torsdagskvelden...og det vart nærast slosskamp om doskåla og bøtter.......kjende oss litt slik du skildra deg og Terje då vi frakta dei to minste til dagmamma og barnehage i gårmorgon...hihi....kan ikkje skjøne at me fekk det til:)

    No er vi heldigvis på beina att.

    SvarSlett
  5. gløymde å ønskje deg og dine ein fin laurdagskveld...hehe...litt i tåka enda her ja:)

    SvarSlett
  6. Nydelige barn du har. Og vakker setting
    Tusen takk for koslige kommentarer fra deg !!
    Altid koslig å høre fra deg ;)

    Ha en herlig uke med dine skjønne barn ;)

    SvarSlett
  7. Artig at det vart fergebilde på deg og, da...
    Sjølv om ditt bilde er ein del meir historisk enn mitt;9)
    Kan tenke meg det er litt rart å ikkje ha ferga lenger, sjølv om eg må no sei at det er utruleg snautt med tunellen...

    SvarSlett
  8. Allt det gammle blir borte.
    Har ferja fra Hamsund til Ålesund i minnet. Den elska eg å reise med når man skulle til byen.
    Först bussen fra Sövika til Hamsund så ferja over.
    Kaffi og svele ombord...
    Slike minnen sitter bergfast.
    Skjönner deg godt at du er litt vemodig. Det er noe specielt med ferja...
    Klems Synne.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!