fredag 26. desember 2008

Så mange gode minner....

Då er julaftan over og vi er godt i gong med romjula. Var så godt å setje seg ned i fred og ro og sjå på alle bileta vi tok i går. Fekk så lyst å dele eit knippe bileter frå julefeiringa vår.

003  008 007

For vesle Sina var det eit stort og magisk augneblink å stå opp og sjå det ferdig pynta treet. Naturleg nok måtte julepynten sjekkast !

012

Etter ein lang og innhaldsrik julefrukost vart det sjølvsagt ein del oppvask. Eldstemann var i godt julehumør og tilbaud seg likegodt å ta oppvasken! Store, flinke guten min... Sina var co-pilot og sjekka at alt vart reint.

017

Tante Linda, onkel Bjørnar og skjønne Sannah kom og hadde litt julefeiring ilag med oss før vi åt middag. Ungane fekk leike seg litt og opne nokre gåver. Kjempestas!

024 026

Sina og Sannah, to gode venninner og syskenbarn! Sina har forresten tidenes blåkul etter eit samanstøyt med salongbordet....

076

Siste rest av julekvelden vart feira i bestemorheimen. Der var også syskenbarnet Frida. Sina og Frida syntest det var stas å leike med juletreet....

022

Skjønne, lille nissejenta mi... Sina var i storslag heile dagen og tok ikkje kveld før seint.... Det var så spennande med alle gåvene at det ville vere synd å sove vekk moroa. Er det jul, så er det jul!!!!

042

Trekløveret vårt.....

059

Det var så spennande med alle pakkane som skulle opnast... Det var godt å ha røynde sysken som kunne hjelpe til med vanskelege pakkeband og store mengder tape.

Dette vart kanskje litt for "up close and personal", får heller prøve å anonymisere  litt meir etter nyttår.... Er så stolt over gulla mine at eg gjerne vil vise dei fram! Kan garantere at alle har samtykka til at eg publiserer bileta på nettet (Sina signerte endåtil med grøn tusj over heile tastaturet....) , med unntak av tante Linda, som er van med å vere i rampelyset!

Framleis god julefeiring til alle!

(PS! Etter nyttår har eg tenkt å skrive eit innlegg om opphavsrett, copycats og anna bloggmoro - er ofte ein syndar sjølv og må ta oppgjer med det...)

18 kommentarer:

  1. Å kor søte dei er - ungane dine :)

    Sitter no her - midt på natta og surfer rundt i blogglandet og ventar på ein ny kalv - kommer snart, eller om ein time eller to.
    Har ikkje bestemt meg om eg skal sitte her ved pc eller sove litt på sofaen :)
    Juleklemmer fra monika

    SvarSlett
  2. Så masse fine bilder.
    Dei er så fine barna dine.
    Håpa dokke har det koselig.
    Klem

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder!
    God jul til alle, med og uten blå kul i panna.
    Fra nunne.

    SvarSlett
  4. God Jul :o))
    Flotte bilete frå ei koseleg julefeiring. Så søte born du har, kjekt når dokke er mange i jula.
    Vi hadde julebesøket vårt med son, sambuar og borneborn før jul. Nyt romjula Tova.
    Juleklem frå meg

    SvarSlett
  5. God morgen :)
    Takke takk for koselige ord på bloggen min i natt - ser det er fleire som er oppe seint :)

    Vart seint i natt - og vi har ei lita kalvefrøken meir i fjøsen,
    koselig det og - men du kor trøtte ein blir dagen etterpå,
    Skulle vel prøvd å sovel litt, men no ventar vi på dyrlege.

    Hyggelig du likte kortet
    Smil fra monika

    SvarSlett
  6. Hei du. Romjulsklem fra meg. Tusen takk for at du viser disse koselige bildene av ungene dine og feiringen deres.Bildene er kjempefine. Husker da mine var så små og alt var magisk....det forandrer seg litt etter hvert. datteren på 13 er vel fortsatt litt der enda ;-}....Det er så herlig med de rene, klare barneøynene og de gode smilene.Jeg lnsker dere en fortsatt god julefeiring.

    SvarSlett
  7. Nydelege julebilete av det viktigaste i jula, familien:) Ønsker deg og dine ei fin romjul.

    SvarSlett
  8. Ser ut som om dokke har hatt ei fin julefeiring. Kos dokke vidare, kvardagen kjem fortare enn vi likar å tru

    SvarSlett
  9. ÅÅh så fint trekløver dere har...ungene er bare så gode,å tenk for en gave det er å bli velsignet med friske gode unger...her skal jeg til med litt strikking...blir så koselig atte....(kan jo ikke bare spise)

    SvarSlett
  10. Det er eit nydeleg trekløver du har, Tove - sjølvsagt skal du vise dei fram! Me har òg ei med skikkeleg Donald-kul etter den fyrste og forhåpentlegvis siste kolbøtta ned ei trapp. Heldigvis gjekk det bra, bortsett frå dette som såg ut til å bli eit skikkeleg horn i panna.

    Vesla vår har utruleg nok ikkje rørt jolatreet verken heime eller hjå dei me har besøkt, men grana vår (som var lova dryssefri til langt uti januar) slepper nålene berre nokon ser litt hardt på den.

    Nyt joledagane vidare med dine kjære!

    SvarSlett
  11. Herlige bilder av skjønne unger! Ha en fortsatt fin romjul.

    SvarSlett
  12. Hei Tove.
    Må si eg nyter når eg ser bileta dine.
    Er ikkje så flink i å skrive nynorsk. Det blir sikkert en blanding hehe.
    Så flotte ungane dine er.
    Nyter hvert bilete.
    Ser ut som jula värt en koslig familjetid.
    Her har vi nå akkurat 11 minus ute.
    Sola skin og det er kvitt. Men ikkje snö...
    Rim....

    Nu önskar jag dig och familjen en riktigt god fortsättning.
    Klems Synne.

    SvarSlett
  13. Herlege bilder av flotte ungar!!
    Klart du skal vise fram det beste du har:0)
    Det er noko eige med dei aller minste, når dei oppdagar magien med all pynten, pakkane og kosen!!
    Kjekt med mange syskenbarn på same alder og av same kjønn, det kan eg skrive under på...Nina, Linda og eg er like gamle og er svært nære venner den dag i dag:0)
    Kos deg vidare med familien, Tove!!
    Klem

    SvarSlett
  14. Ser ut som om dokke har hatt ei koseleg julefeiring:) Kos dokke videre!

    SvarSlett
  15. Vips, så var jula over :) Rart å tenke på at tida går så fort som den gjer.. :) Vårt liv er nesten som eit lite sekund, utav alt.. :) Vi får ta godt vare på det! :) Her har vi hatt ei kjempe fin julefeiring hos mamma og pappa :) alltid så koslig å komme heim :) Ønsker deg og dine ei kjempeflott romjul og ikkje minst ei kjempefint nytt år! :) Godklem :)

    SvarSlett
  16. Heisann!!
    Har noko til deg inne hos meg...
    Klem

    SvarSlett
  17. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  18. Tusen takk for kommentar hos meg:o)
    Liker å være anonym jeg også.....men avogtil svulmer vi jo over av stolhet da:o)
    Kos deg med de skjønne ungene dine og ha en fortsatt fin romjulstid:o)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!