tirsdag 30. desember 2008

...og slik gjekk dagane - ein julekavalkade

Det er årets nest siste dag, og kjenner ein ustyrleg trong til å halde fast på jula. Ikkje akkurat julepynten, julematen, juleselskapa og juletreet - men dei uvurderlege, rolege og dyrebare augneblinka. Den fullkomne roa, alle dei gode stundene i sofaen, alle dei rolege morgonane og dei koslege kveldane med vin i sofakroken.

Kva har vi så gjort på denne jula? I desse kavalkadetider kan det kanskje passe med eit lite attersyn:

005 

Gode turar med sol leikande i håret, eller i seine kveldstimar i stjerneskin.

018

Trøtte og gode ungar som med svevn i augene kosa seg gjennom barne-TV.

023

Små, gode arbeidshender som prøvar seg på sitt fyrste broderi...

025

Eldstemann har vore oppteken med Lego heile jula!

056 059

Minstesnuppa har stort sett stått for all matlaginga i jula! Tusen takk, forresten, til alle som kom med tips til kvar eg kunne få tak i ein fin leikekomfyr - sprell.no har det meste!

020

Husbonden fekk endeleg tid til litt mekking ilag med ein kompis...

062

Må berre innrømme at det har vore litt av dette i jula òg!

029

Mor i huset har kosa seg med gode bøker...

035

...som denne! Eg gir den sjølvsagt mi varmaste anbefaling!

038

Det har gått med nokre telys i jula....

040 043

... for ikkje å snakke om heimelaga marsipan med nougat, valnøtter og mokkabønner. Mmmmmm.....

045

Nokre vinflasker kjøper ein rett og slett for etiketten si skuld!

Når eg no sit her for meg sjølv, og kosar meg med "dame på sykkel"-vinen min, ser eg at jula vår har vore akkurat slik eg ynskte det! Det har vore rolege dagar og koslege kveldar. I går kveld hadde vi "ladies only"-kveld med god vin, gode historier, mykje latter og fantastisk mat (en nemner sjølvsagt ingenting om "varmeutviklinga", Synnøve..., hi, hi!).

No er det "Frustrerte fruer" og god vin - ha ein fin kveld, damer!

8 kommentarer:

  1. Så koselig...fine bilder. Ja jula blir som man former den på en måte...Har vært en fornøyelse å følge deg....godt nytt år..

    SvarSlett
  2. Så nydelig bildekavalkade! Jeg synes bloggen din utstråler ekte glede og varme! Og jeg er helt enig i at disse nydelige juledagene skulle vart mye lenger.. Heldigvis er det litt fri etter nyttår også! Og snart er det vår:) Godt nytt år! klem fra silje.

    SvarSlett
  3. Du er jo så flink å vise flotte bilder av det som opptek deg i livet og kvardagen. Ein blir heilt reven med. Du er flink. Koselig å få sjå bilder av barna, gåver og pynt.
    Nå er eg sliten. Leggetid for mor i huset. Satt litt lenge på sofan i kveld for å strikke ferdig det eg holdt på med:)
    God natt, Ønska god feiring imorgå.
    Klem

    SvarSlett
  4. Hei i kalde vinternatta.
    Ser at du har det godt og koser deg.
    Veit du at eg blev varm helt in i hjerterota av dine bilder og det du skreiv.
    Her er det akkurat nå 16 kuldegrader.....
    Så når gubben kommer hjem fra arbeit om ti minutter så blir det en kopp te, så senga.
    Önsker deg der oppe på möre eig riktigt god nyttårsaften.
    Klem fra Digernes.
    Synne.

    SvarSlett
  5. Ha ha, det mekke bildet var bra! ;-)

    Den lekekomfyren fra Sprell var kjempefin forresten. Godt nyttår til deg!

    SvarSlett
  6. Det var en herlig julekavalkade:O=) Slik har jula vært hjemme hos dere, en riktig så koselig jul.

    Ønsker deg et riktig godt nytt år.
    Klem Kerstin

    SvarSlett
  7. Ja, her ser vi virkelig at dere har hatt en deilig, avslappende og fredelig Jul! Så koselig :) Du har fått med deg de rette øyeblikkene i kalvakaden din :)

    Ønsker deg en god kveld, og et riktig godt nytt år! her går vi inn i det nye året med kvalme (les:omgangsyke) men håper jeg får samlet litt krefter i formiddag slik at jeg kan stelle i stand for mann og barn :)
    klem til deg!

    SvarSlett
  8. Ei flott kavalkade, Tove. Utruleg fin etikett på vinflaska, den har eg ikkje sett før. Var innhaldet like fint?

    Ønsker deg og dine ei fin nyttårsfeiring og eit godt nytt år! Og eit av forsetta mine er faktisk å ta meg ein tur på besøk, ein gong i det nye året. (Har heldigvis 365 dagar å ta av, er ikkje så rask i avtrekker'n, må som regel ha eit spark bak :-))

    GODT NYTT ÅR!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!