torsdag 20. november 2008

Litt av kvart du ikkje visste om meg....

Vart for litt sidan utfordra av Lill til å fortelje noko ingen visste om meg. Eg sa at eg sjølvsagt skulle ta utfordringa, men har tenkt og tenkt... Kva i alle dagar skal eg trekke fram? Er det interessant nok? Vil det få meg til å framstå som kjedeleg? Kjem ikkje på dei meste sprelske tinga, men det får våge seg. Har ein takka ja til ei utfordring, så lyt ein gjennomføre den!

rose5

  • Allereie som 9-åring bestemte eg meg for å verte lærar! Eg var storleg inspirert av Ruth og Olav, Miamor sine fantastiske svigerforeldre! Har alltid likt å formidle, så lærargjerninga vart mi bane.
  • Eg er anglofil! Eg elskar alt som er engelsk: humoren (ja tenk, det går faktisk an!), landskapet, arkitekturen, folkeslaget, litteraturen, poesien, språket - absolutt alt!
  • Eg har vore utvekslingselev på New Zealand, jobba som lærar i Santa Cruz (California) og studert i New Castle (England)

rose4

  • Eg er eit AB-menneske: legg meg altfor seint, men elskar å stå opp tidleg (06.00 er tidleg for meg).
  • Eg drøymer inderleg om å ta med meg familien og bu eit år eller to på austkysten av USA. Tenk om det let seg gjere!!! Vi kan kanskje byrje med å ta oss ein ekstra laaaaang sommarferie "over there"!
  • Eg trulova meg med mannen i mitt liv etter å ha vore ilag med han i seks månadar - så sikker var eg!!!
  • Eg har to bokprosjekt som eg drøymer om å få realisert....
  • At eg les minst tre bøker samstundes: ei på nattbordet, ei i veska og ei på stova. Må òg få legge til at eg er av dei som etter å ha lese 60-70 sider berre lese slutten av boka!!! No har vi etablert ein lesesirkel på jobb, og eg reknar med damene rundt bordet lengtar etter å plukke av meg den uvanen, hi, hi..... Men eg er sjølvsagt solidarisk og avslører aldri noko som helst!
  • Drøymer om at eg ein vakker dag får eit jobbtilbod i posten som gir meg moglegheit til å reise. Tenk å få jobbe i Travel Channel og reise verda rundt og teste ut Spa Resorts og luksushotell??? Dåååån...... Eg har sett mykje av verda, men får aldri nok!!!!

blomster1

No har du fått vite litt meir om kven som gøymer seg blant kvardagstankane på bloggen min. Ikkje så mykje spennande, kanskje - men det er meg! Kom på ein ting til som eg kanskje kan seie: eg elskar sitat og visdomsord! Vil avslutte dette innlegget med mine to absolutte favorittsitat - som eg passar på å repetere så ofte som råd, både til elevane mine og ungane mine:

"Hva du enn gjør, gjør fullt og helt - ikke stykkevis og delt." Ibsen

"Kan hende jeg seiler min skute på grunn, men så var det dog deilig at fare." Ibsen

Ta med deg denne visdomen inn i natta og tenk nøye over bodskapen.... God natt!!!

23 kommentarer:

  1. Hei Tove :)
    Gleder meg til å få besøk av deg!!!
    Skal nok passe på å ha et fint hjerte på lur til deg ;)
    Jeg kunne faktisk godt tenkt meg å blitt lærer selv..men det ble det jo ikke noe av..Ser for meg at du passer godt som lærer..du har masse fin visdom å lære fra deg!!!
    Så godt å lese kloke ord i kvardagen :)
    Vi sees på lørdag!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  2. Litt av ei dame du er! :) Fint å bli "bedre kjent" med deg på den måten, og håper at noen av drømmene dine blir realisert :)
    Ordentlig hjertevarm blogg du har, med så mye fint å lese!
    Takk :)
    Nå skal jeg stupe til sengs,mannen er bortreist, og jeg har hatt noen ungdommer på besøk her- ganske sliten nå,men det gir jo så mye!
    Vi blogges!
    Klem til deg

    SvarSlett
  3. Hehe... ja, no fekk vi faktisk noke tilfelles Tove.. tru det eller ei, men ej he vore mykje i Santa Cruz. bodde på andre sida av fjellet i eit år. I Los Gatos :-)

    Dette va no kjekt!!

    Eg likar veldig godt utdrag av Ivar Aaasen sine tankar...

    "til lags åt alle kan ingen gjera.."
    "skal man ganga med kvite hender, vert det armod i mange grender!"
    osv.
    han va slett ikkje dum han Ivar!

    Monica

    SvarSlett
  4. Natta du....gøy å få høre mer om deg. Klem

    SvarSlett
  5. Kjedeleg,nei!!!Kjekt å lese, ja!!!
    Likar desse utfordringane,eg...Vi lærer kvarandre bedre å kjenne gjennom dei, og det er jo interessant i seg sjøl:0)
    Eg lærte i alle fall mykje nytt om deg og det synst eg var koseleg:9)
    Sitter her med siste innspurt på oppgåva mi, og måtte berre *fniis* svitsje innom bloggen...
    Og ja,kaffen var god den, sjølv om det tok si tid;9)
    KLEM
    Ha ein fin dag, Tove
    Klem

    SvarSlett
  6. God morgon :o)

    Sjå der du... no fekk eg vite meir om deg, og kjedeleg vart slett ikkje. Du er ei bereist dame forstår eg, og bokprosjekta høyrast spennande ut:) Sjølv er eg ikkje ein lesar, men eg kan kala meg ein strikkar..... :) Nyt fredagen Tove og takk for at du tok utfordringa frå meg.

    Smil i snøen

    SvarSlett
  7. Koselig å lese...Ha en strålende dag

    SvarSlett
  8. Gøy å bli bedre kjent med deg :o)Flotte favorittsitat...
    Ønsker deg en deilig helg!

    Klem Vibeke.

    SvarSlett
  9. Du har jammen opplevd mykje!! Alltid så koseleg å lese bloggen din Tove :) Ha ei kjempefine helg!

    SvarSlett
  10. Heia!

    Måtte bare inn i evnetyrriket mitt i dag også!!
    Angliofil - det ante meg!:-) Husker du refererte fra et "tea-party" med noen skoleelever engang!
    Glemmer det aldri! Fantastisk!!

    Og visdomsorda!!! Favoritter!!
    Takk Tove:-)

    God helg. Nyt mannen og bya<3

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  11. Spennande lesing dette;) Eg har også ei utfordring til deg, hvis du har lyst... God helg!

    SvarSlett
  12. Hei igjen...
    Berre innom for å ynskje deg ei super helg(utan at nokon i huset ditt vert sjuke) og sei at det ligg ei oppmerksomheit til deg inne hos meg:0)
    Klem

    SvarSlett
  13. Ønske deg ei riktig så hyggelig helg, vakre Tove :)
    Elska å besøke bloggen din :)

    klem, ma

    SvarSlett
  14. Du er kjekk dame du:) Artig å lese om deg.
    Ønska ei god helg i snøkaven. Imorgå skal vi på julebasar i ørsta. Kansje du dukkar opp?
    Ha en fin helg iallefall :)
    Klem

    SvarSlett
  15. Så heldig da Tove!!! Kos dokke masse!!! Eg og mannen min drar på ein slik kosehelg over nyttår. Skal ta spa og kose oss. Det blir min 35 års gåve :)
    Kjør forsiktig i dette været. Huffa
    Klem

    SvarSlett
  16. Hei Tove...
    Mykje av dette visste eg:) Men alltid kjekt å vite meir. Ha ei fin overnatting i bya. Klem Laila

    SvarSlett
  17. Hei!

    Så koselig å få møte nye her inne i blogg verdenen..

    mange vakre bilder her.. og kommer gjerne igjen.

    Klem White vintage

    SvarSlett
  18. Jentene her i huset syns det var KULT ayt du ville bli lærer fordi bestemor og bestefar var så bra!!! Herlig ..du er nok en framifrå lærer TOve!!! Ha ei velsigna helg!! her er det lite blogging og en del farting!! Kan ikke bare sitte med pc når jeg er hjemme da !! Klem ;)

    SvarSlett
  19. hei!
    ja flotte ord av Ibsen...
    Guri så mye interessant du har opplevd,-
    skulle ønske mina barn hadde fått oppleve en lærer som deg...
    klem og takk for hyggelig hilsen hos meg~~

    SvarSlett
  20. Heisann!!! Tenk, ei heil veke sidan eg var innom bloggen din!! Tenkjer no som det knakar paa om eg veit noko om deg, som ingen andre veit, som eg evt. kan roepe.
    Men nei. Hugsen let vente paa seg akkurat no:)
    Alt bra i Thailando. Akkurat no har eg og Lisbeth vore ute og ete Green Curry Chicken i Coconut og Deep Fried Shrimps. Kan for oevrig ha gjort ei tabbe der. (Kan virke som om eg maa spurte til Privaten rimeleg straks...)
    Varmt og godt. Sannah og Frida badar og badar og badar og storkosar seg. Ingen solbrenningar denne gongen, sjoelv om det rett nok skein forholdsvis lyserosa under mr.Vartdal sitt nybarberte haar nokre dagar foer helga. Men sun block gjer susen.
    Skal helse fraa alle. Skreiv deg mld tidlegare i dag. Fekk du den. (Finn ikkje spoersmaalstegn paa tastaturet). Kan forresten hende du har svart. Har ikkje sjekka. heheh... ferie er ferie. Skal sjekke snart. Tur innom toiletten foerst. Forbaska reke.
    Eg hadde ogsaa teikna ansikt paa kleklypene. sjoelvsagt.

    Hels alle dine!!!! Og gi dei store klemmar fraa tante Lindus.

    so long!:)

    SvarSlett
  21. Hei Tove.
    Åååå, nå er det lenge siden jeg har vært innom deg, føler jeg. SÅ koselig å lese her inne hos deg. Du skriver så godt. =)

    Artig å lese litt mer om deg. Ett og anna har vi til felles... som f.eks da vi traff mannen i våre liv, at vi var så sikre på at det var den rette... vi gifta oss etter 1 år. =)
    Liker England, men ikke så ihuga som deg, tror jeg. Har en vakker bok i hylla, som heter "Landsbyer i England". Nyyydelig med hele landsbyer i Postman-Pat-landskap, med hus bygget av mur/tømmer (bindevevshus?) og halmtak. Og oppover veggene gror stokkroser, eføy og klatreroser... OOOOOH... så fint!

    Ha en deilig søndagskveld. Klem, Kathrin.

    SvarSlett
  22. Hei :)
    Håper at dere kosa dere på julebord..shopping kan en jo ta igjen senere :)
    Ja da er dere på riktig vei..etter at dere tar av ved skiltet til Langevåg er det bare å følge veien videre til endes :)
    Hele desember skal jeg ha åpent til 19,unntatt mandag da har jeg stengt..lørdag til 16 og stengt søndag..Du er hjertelig velkommen :)
    Ha ei fin uke da!!!
    Klem Anne ;)

    SvarSlett
  23. Hei igjen ;)
    Ja du skal først gjennom Mauseidvåg,så Fiskarstrand...og SÅÅÅ kjem du til Langevåg ;)
    Det er bare å følge veien :)
    Skal du på julehandel til Ålesund?
    Klem Anne ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!