onsdag 15. oktober 2008

When it rains, it pours...

Eg har hatt ei lita ransaking på bloggen min i dag. Siste vekene er det mange som har lagt att kommentarar til meg og sagt at dei har ei utmerking til meg, og for kvar kommentar har eg tenkt at "...det skal eg hugse, eg treng ikkje skrive det ned". Men sjølvsagt hugsar eg det ikkje (fleire enn meg som er medlemmar i Korttidsminne-foreninga???)! No har eg altså gått grundig til verks og leita fram alle ihop!

Det er så kosleg at eg får så mange utmerkingar - eg vert heilt rørt! Her er dei eg har fått:

award8

Denne har eg fått med Jorunn i Litt av Mitt.

award11

Denne har eg fått med Jorunn i Litt av Mitt og Cecilie i Kvardagsliv.

award17

Denne har eg fått av Steinbokkjen, Sol i My kind of blog og Astrid i Frå eit A4-liv.

award13

Denne utmerkinga har eg fått med Line i Kvardagsliv i Storemyra og Steinbokkjen.

award9

Denne utmerkinga har eg fått med Sol i My kind of blog.

award16

Denne vakre utmerkinga fekk eg med Lill i Silje The Mustang - tusen takk for flott omtale på bloggen din!

Dette er alldeles overveldande for ein A4-bloggar.... Eg er verkeleg takksam for all den flotte omtalen og alle dei flotte utmerkingane! Tusen takk til alle som har beæra meg med slike heidersteikn!

Den siste prisen, som eg fekk med Lill, vil eg gjerne gi vidare. Det er så mange flotte bloggar å velje blant, at der nesten er ei umogleg oppgåve å finne nokre som fortener den meir enn andre. Men sidan det har med inspirasjon å gjere, så vel eg å gi den til bloggar som gir meg påfyll av alle slag.

* Duften av erteblomst - ein vakker blogg som inspirere meg både med bilete, ord og musikk. Denne har du fortent!

* Dans på roser - har hatt ei laaaaang bloggpause og eg trudde verkeleg ho var borte for godt. Men så var ho brått tilbake, og det er eg glad for! Velkomen tilbake, Kathrin!

* Tante Mimmi - takk for at du deler fantastiske kvardagsaugeblikk og alle dei undrande tankane din med oss, og for alle vakre bileter du viser!

* Kari, Carpe Diem - ei kunstnerisk sjel som målar dei vakraste bilete og skriv nydlege dikt og funderingar.

* Guttemammas - ein fersk bloggar som har ein vakker heim! Velkomen til bloggverda!

* Haust - denne bloggen har eg fulgt ei stund, mykje fordi det er så heimekosleg der! No er heldiggrisen nybakt mamma og kosar seg med det!

* Silje sin - dette er endå ein av dei heimekoslege bloggane eg alltid må ein tur innom. Vakre bileter, vakre ord - må berre nytast!

* The World of Sandnes - då eg ikkje er av den mest kreative typen, er det alltid kjekt å kike innom Anne Grethe sin blogg og sjå på alt det spennande ho lagar!

* Anna Lisas hjerteblogg - ein av bloggane som inspirerte meg til å starte blogg sjølv. Har ein sart og lun blogg der eg alltid kjenner meg velkomen!

blomster1

Denne blomen går til alle som ikkje fekk utmerking med meg denne gongen (for å bøte på dårleg samvit over å ikkje dele utmerkinga med alle...), og til alle eg har fått desse flotte utmerkingane med!

Tuuuuuuusen takk!

10 kommentarer:

  1. Tusen, tusen takk!!!
    Ha en fortreffelig onsdag videre.
    klem fra smøla.

    SvarSlett
  2. Hei hei:) Gratulerer med mange flotte utmerkinger, og TUSEN TAKK for den du gir meg! Og tusen takk for veldig koselige ord, det setter jeg stor pris på:) Ønsker deg en flott dag:) klem fra silje.

    SvarSlett
  3. ÅHHHH, du aner ikke hvor stolt og glad jeg blir! Tusen tusen takk, snille Tove! Jeg føler at jeg har blitt tatt så godt i mot her inne, og du er alltid så flink til å svare på innlegg! Hadde bestemt meg får at om jeg fikk en award til, skulle du få den av meg...:-), men du kom meg i forkjøpet! Blir glad hver gang jeg ser det blide fjeset ditt inne på kommentarene mine.! Som du sikkert skjønner er jeg mer enn ivrig ved pc'n om dagen.., er sykmeldt noen dager og har jo fått bloggedilla..Og når jeg har en lærermann som har sittet xantall kvelder på rad og okkupert pc'n pga nasjonale prøver, må jeg jo benytte meg av tiden på dagen! Jeg kopierer den over til meg med en gang, blir jo så stolt ...og du skal få en takk i mitt neste innlegg! Klem fra meg

    SvarSlett
  4. Så hyggelig!
    Hjertelig, hjertelig! =)

    Lekker georgine på slutten også. smask!

    Kathrin.

    SvarSlett
  5. Tuuuusen takk Tove.....det er så kjekt med utmerkingar. Har verkeleg blitt hekta på denne bloggverda, er så mykje inspirasjon å hente her inne. Spør om eg får tid til å blogge så mykje når eg skal begynne på jobb att. Berre 5 veker til eg må levere frå meg Iver August til dagmamma. Godt å vite at eg har ei trygg og god ei som skal dele kvardagen med han. Men no skal eg nyte dei siste vekene i fulle andedrag. Skal trille lang tur kvar dag...(sei eg no i dag når veret har vore så fint :).....
    Ha ein fin onsdagskveld!

    SvarSlett
  6. Tusen hjarteleg takk, kjekt at du trivst i bloggen min! Det er forresten gjensidig, eg storkosar meg her hos deg! :)

    SvarSlett
  7. Gratulerer med alle dei fine utmerkingane Tove, dei er verkeleg velfortente!
    Syskenkjærleikinnlegget ditt under her var berre heilt herleg! Eg har eit liknande bilete av Matias og Elisa då dei var 2,5 år; dei hadde kvar si seng, men etter at vi hadde sagt god natt og gått derifrå, brukte Matias å klatre ut av sprinkelsenga si og over i Elisa si. Der kunne dei sitte å strople og pople heilt til dei sovna i same seng:)
    Ungar er nydelege når dei er vakne, men når dei søv er dei om mogleg endå nydelegare!

    SvarSlett
  8. Nå så jeg at jeg har gått "glipp av" mange spennede innlegg under her, innlegg med nye varme og flotte bilder. Du og du som jeg har kost meg .-))

    SvarSlett
  9. Tuuuusen takk for veeene ord som varma hjarterota!!!:)
    Har du teke bilete av blomen her??? Nuuuuudeleg!

    SvarSlett
  10. Tusen Takk Tove!!
    Eg har vore sjuk. Innlagt på sjukehus. Men er heime igjen nå. Ting er på betringens vei heldigvis.
    Kjem sterkare tilbae etterkvart.
    ha ei fin helg
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!