lørdag 18. oktober 2008

...om å skunde seg sakte...

Etter nokre runder på ymse butikkar siste dagane, kan eg konstantere fylgjande: butikkane er i ferd med å fyllast opp av raude nissar, julekransar, englar i alle former og fasongar, julekuler og mykje anna julenips. Eg har tidlegare hevda å vere blant dei som tjuvstartar på jula, men ikkje den raude jula!!!! Og for all del ikkje med nissane!!!! At det er marsipan i butikkane er no ein ting, det får så vere. Men når juletrepynt og nissar ynskjer meg velkomen inn i butikkane må eg seie eg vert litt forundra.

For meg er jula framleis berre på planleggingsstadiet (og nokre få julegåver som er i hus....), og så kosar eg meg på internet, i julebøker og i interiørblad og får gode idèar til korleis eg skal pynte til jul i år.

jul1

Vi er ikkje så glade i julekaker her i huset, men nokre må vi lage. Og så er det så kjekt å pynte med peparkaker. Den deilige lukta fyller huset! Dette var vel vakkert, så skjønt med den vesle grankvisten...

jul2

Julestrømper er obligatorisk! I år har eg planar om å sy ei.... Tvilar på om strømpa vil tole bloggifisering, eg er inga røynd syerske, må vite... Men med eit enkelt og greit mønster må vel eg òg klare det???

jul3

Tenk på kor mykje pengar vi brukar på å kjøpe julepynt, og sjå her kor enkelt det kan gjerast! Eg skal prøve å lage meg ei slik "uro" i år. Ta ein avlang strimle av tjukk papp, lage det til ein sirkel, lime ein blonde utanpå finne fin trå (evt. blonde el. juleband) til å henge det opp med og til slutt pynte med små grankvistar og raude bær (ser for meg at Dagny kjem til å like denne idèen...). I desse finansielle krisetider meiner ekspertane at vi kjem til  å verte lukklegare, fordi vi må finne tilbake til det enkle og det som er gratis. Med dette tipset kan vi kanskje spare nokre julekroner????

jul4

Kanskje vert det finevèr og tid til ein og annan skitur i juleferien???

Det vart ikkje mange julenissane som dukka opp i dette innlegget, og det tenkjer eg alle er glade for! Når vi framleis skriv oktober på kalendaren, må vi skunde oss sakte med juleførebuingane - så får nissane heller vente!

(alle bileta er frå Gudrun Sjøden sin julekolleksjon)

6 kommentarer:

  1. Heilt enig med deg i at nissane og den raude jula må vente til iallefall sluttten av november. Eg ser at fleire og fleira av vennane mine.startar med pynting til jul allereie i slutten av november. Eg er ganske striks på at jula her i huset ikkje kjem før lisje julaftan litt ut på kvelden. Klart det er koseleg med julepynt å den slags, men eg veit av erfaring at dersom eg legg på juledukar og pyntar med nissar og englar, så må eg vaske juledukane x antal gongar før jul og så må eg drive å flytte på nissane slik at eg får tørka støv. Difor ventar eg med det til alt er vaska og klart til pynting.

    Dette er ein tradisjon som eg har teke med meg heimanifrå og håper at mine born tek med seg vidare.

    Eg synest at det er kjempekoseleg å pynte juletre og sjå på hovmesteren og grevinnen ej... so kosa vi oss med spekemat etter at alt er ferdig - uansett kva klokka er blitt.

    Oj dette vart eit langt innlegg, men skitt au

    SvarSlett
  2. Er så enig med deg angående julen. Det starter alt for tidlig i butikkene. Hele høsten er blitt et langt sammenhengende julepes.

    Jeg gleder meg til jul, det er ikke det, men det starter bare så alt for tidlig!

    Så fint du har fått det her inne på bloggen din. Flott bakgrunn og deilige farger. Jeg skriver litt om akkurat det å forandre litt på bloggen sin i mitt siste innlegg ;-)

    Ha en fortsatt fin helg!

    Klem fra Marit

    SvarSlett
  3. Så einig, så einig.

    Jula kan vente ei stund til. Eg prøvar å spare både julebrus, og julemarsipan til 1 søndag i advent, evt 1. desember,og då kjem julemusikken og. Litt pynt kjem gradvis fram i løpet av advent, men i all hovudsak pyntar eg litle julafta om kvelden. Det er så kjekt å gøyme "stasen" til sjølve jula, så er eg ikkje lei før jula er over:0) Ein stor del av jula er jo forventninga, og dersom alt er "ferdig" og "smakt" på før jul, forsvinn jo den.

    Har laga loffen du la ut oppskrift på, til kvelds i kveld. Brukte kylling og bacon. Nyyyydelig. Takk for oppskrifta!

    Ha ein fortsatt flott laurdag.
    Klem Henriette

    SvarSlett
  4. Så utrolig enig med deg da! Fikk bakoversveis (i ordets rette forstand :-) da jeg så hyllene fylt med juleprodukter hos Jysk.
    Blirnesten kvalm jeg når jeg ser dette nå midt i oktober. Makan"" en slitut jula, og barna sm gler seg til julebrus du??? og får den servert hele året snart..., Uhørt!! Blir isom somom forventningenen blir tatt i fra en skarve sjel på en måte synes nå jeg da. Her vil ingenting av juleprodukter satt fram i lyset før 1. dsember!! Så det så.

    Man har lurspist, smakt litt på julemarsipanen da..., men ikke si det til noen er du snill... hvisker her jeg nå, for har fortsatt gjemt noen sjokoladestenger i strykeskapet.., men nå må jeg klkke meg bort før mannfolka ser meg ver skulderen her :-))

    Varm klem herfra.

    SvarSlett
  5. Jeg ER et julemenneske, men er allikevel enig med deg. Har endel pynt i adventstiden, men det er førts lillejulaften at treet og all julepynten kommer opp. allikevel begynner jeg tidlig med gaver og sånt, dette er så godt å ikke stresse med i siste liten synes jeg. Leser blader og bøker om julen hele høsten for dette gir meg inspirasjon...Guttene lager julegaver fortiden, men nissene er det definitivt fro tidlig å ta frem..

    SvarSlett
  6. Heia.
    Jammen har du forandret på bloggen siden jeg var innom tidligere i dag:)

    Ja, julen nærmer seg, men det er litt tidlig for meg også å pynte nå.
    Men første julegaven har jeg laget, og akkurat blogget om, så jeg er med....

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!