fredag 3. oktober 2008

...og begge var samde om at det hadde vore ein fin tur!

Eg og Ida har vore på tur åleine i kveld. Det er så godt å gå slik å småprate om laust og fast, berre eg og ho. Ingen utolmodige småsysken, plagsomme storesøsken eller pappa som helst vil heim og sjå nyheitene. Vi fann ting å undre oss over langs vegkanten og lytta til alle lydane ifrå skogen og elva.

014

Dette flotte spydet møter oss ved grinda.

019

Ved det gamle vasshuset ligg det mange rustne delar som eg og Ida let oss fascinere av.

022 037 035

"...så ta mitt hjerte i dine hender..."

029

Ida syntest det var skummelt då vi gjekk inn i den mørkaste og brattaste delen av skogen...

026 027

Denne kjettingen sikrar at ingen opnar kumlokket som beskyttar dei edle dråpane våre (reservevatn).

Ser du det vi ser???

031

Den store steinen ser ut som eit andlet i profil. Du ser tydeleg auget og den spisse nasen - artig alt naturen lagar til!

034

Hjelp - ei øgle! Ida såg mange rare skapningar i denne stokken.

039

Denne løypestrengen var flittig brukt "i gamle dagar". Den var nok mest brukt til å frakte ned tømmer.

042 041

Denne "støtdemparen" kan eg lett finne maaaaange andre bruksområder til! Artig, hæ?

051

Det gamle kvernhuset var målet for turen. Her er det godt å vere.

053 054

Detaljar frå kvernhuset.

059 060 061

 069 075

Det yndige turfølget mitt! Brått høyrde vi det knaka i skogen, og Ida var heilt sikker på at det var nissen (hmmm, har eg påverka henne med dei tidlege juleførebuingane mine...?). Eg var mine mistankar om at det var hjort. Like spennande, begge deler!

081 088

Det er noko heilt eige med dei gamle byggeteknikkane.

087

Enkelte artar veks på trass! Krøker seg ut der dei kan og strekkjer seg mot lyset!

095 096

Hauststemning...

102

Nokre haustblad nektar å sleppe taket. Dei held seg fast for alt det er verdt . Hauststormane ruskar og riv i dei, noko som berre resulterer i at dei klorar seg endå meir fast. Ikkje så heilt ulikt oss menneske...?

105 107

Det er nesten så ein skulle tru det var vår...!

125111 126

To slitne travarar vender nasen heimover. Med lommene fulle av stein og gode minner.

Vel heime venta pappa sin kakao og deilig kveldsmat.

10 kommentarer:

  1. Takk for at dere delte deres tivelige turoplevelser :-)

    De va så trivei å sjå...

    God helg.

    SvarSlett
  2. Det så ut som en ordentlig fin tur!
    Mange fine bilder, og som vanlig gode ord fra din kant.

    SvarSlett
  3. Takk for titten på ein koselig tur :)
    Godt å ha noen slike turer av og til
    God å ha ei mamma heilt for seg selv av og til - slippe å dele.

    Ja snøven ligger da der - men den har ikkje kommet lenger ned - heldigvis
    vi har da hatt ein flotte haust - så ein kan ikkje klage
    Såg på noen bilder fra i fjor haust, og da kom det jo snø mye tidliger - heilt nede på markene og vi hadde masse dyr ute
    Men vi har dyr ute ennda vi - men reknar med at dei snart skal inn, reknar med å reise bort noen dager i hausferien - og da må dei inn
    God natta
    ps - savna du ei veske :)
    skal prøve å få den ferdig i helga

    SvarSlett
  4. Takk for turen:)
    Det er alltid kjekt å vere med deg på tur Tove, du har auge for så mange fine detaljar.
    Tusen takk for "Anna Lisa utmerkinga", den er så fin!

    I dag har eg gått rundt med senka skuldrar og smil om munn; den første eksamensoppgåva (gruppeeksamen) er levert! Eg håpar og trur at vi får den godkjent, då er vi eit steg lenger på vegen mot den gjeve helsesøstertittelen:)

    No skal eg innta horisontalen, måtte berre innom her ein tur først...Natta!

    SvarSlett
  5. MÅTTE innom her i grålysninga og sjå... du legg jo inn nye innlegg stødig, så jeg regna med her var noe nytt. Og jeg ble aldeles ikke skuffa...
    Var ikke vanskelig å sjå, både øgla og ansiktet.... men JEG hadde nok ikke hatt fantasi til å fine på noe med de støtdemperne..?? Fortell er du snill!? Hva ville du brukt dem til?
    Nå skal jeg kose meg under dyna en times tid, før kaffe skal på.. Lørdagsmårra og stille her, da er det bare å ligge litt nedpå. Strikketøyet frister, men jeg har litt vondt i en arm og må vel hvile den idag?? Mårraklem til den kreative Tove...

    SvarSlett
  6. Dette var ein koselig tur ser eg. Så koselig å få gå aleine saman med mor :) Og for mor å få kose seg aleine saman med storejenta :)
    Mykje rart ein kan finne i naturen. Ja, den er rar:) Bare ein har litt fantasi så kan ein oppleve den på ein anna måte. Steienen i profil så eg tydeleg ja:) Artig!!!
    Ønska deg en deilig helg vidare!!
    Nå skal vi til svigers å spise fårlikål:)
    Klem

    SvarSlett
  7. Nydlige bileter igjen! Stas å få vere aleine på tur, berre de to.Tid til å prate og verta høyrt! Kjempeviktigt tykkjer eg å gje kvar og ein unge si aleine tid med mamma..eller pappa!GOD HAUST FERIE!Har ein liten award til deg!
    COME AND GET IT!

    SvarSlett
  8. TUSEN TAKK for kjempekoselig hilsen!Følte meg i bedre form når jeg fikk solstrålene dine jeg :o)Skal lage meg de kjøttbollene en gang det er helt sikkert, nam-nam.Så hyggelig at du likte musikken som jeg hadde på spilleren :o)

    Ønsker deg en fin lørdagskveld Tove!
    Klem fra Vibeke

    SvarSlett
  9. Så koselig tur. Det er mer en 50 år siden jeg var på alder med din datter. Men fremdeles er slike turer noen av mine fineste barndomsminner.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!