torsdag 23. oktober 2008

VIKTIG REPRISE: Kjære mann eller dame, som eg snart kjem til å køyre på.....

Eg har vorte oppfordra av mange av mine lesarar om å re-publisere eit innlegg eg hadde i fjor. Eg kan ikkje få sagt ofte nok kor viktig det er å bruke refleks, så difor kjem altså innlegget i reprise!

Dette innlegget skriv eg for å kome med unnskyldninga på førehand. For etter at eg har køyrt på deg kjem eg til å skulde det heile på deg. Overbevise meg sjølv, deg og alle andre om at alt er di skuld.

Eg kjem til å kome køyrande med bilen min, ein tidleg morgon på veg til jobb, eller på veg heim etter ein lang dag med undervisning og møter. Eg held akkurat fartsgrensa og snakkar ikkje i mobiltelefon - det er viktig å ha fullt fokus når vegane er våte og mørke.

Akkurat litt for seint oppdagar eg deg. Bilen min er stor og tung og køyrer rett på deg. Eit høgt dunk fyller bilen, hovudet og tankane mine. Ringjer 113 og prøver å hugse fyrstehjelpskurset eg var med på for 20 år sidan. Skal tru om du har barn? Sit dei heime og lurer på kvifor mamma eller pappa ikkje kjem heim frå jobb snart? Kvalm engstelse fyller meg idèt eg går ut av bilen, redd for synet som snart skal møte meg.

Eg kan sjå at du ligg i ei forvridd stilling på gangfeltet. Eg har køyrt på ein person i eit gangfelt. Eg , den ansvarlege sjåføren med fullt fokus på vegen og trafikkbiletet, har køyrt på eit menneske.

Veska ligg slengt fleire meter lenger borte. Eg bøyer meg ned til personen samstundes som eg prøver å identifisere noko av innhaldet i veska. Tenk om eg ser ein smokk, ei lita leike eller små babylestar, slikt som foreldre dreg med seg. Augene er blinda av tårer, sinne og raseri, eg ser ingenting. Meiner å hugse at eg skal leite etter puls. Famlar med kalde og skjelvande hender. Du har på deg så mykje kle. Det er ikkje råd å finne ei opning inn for å leite etter dei livgivande slaga.

Folk kjem til. Ser bebreidande på meg og lurer på kva som har skjedd, og om eg har ringt ambulanse. Trur eg har gjort det. Veit ingenting for sikkert lenger. Berre at eg har køyrt på ein person. Ei dame med tilgjort roleg stemme tek meg til side og snakkar til meg som om eg var eit barn. "Eg såg ingenting" , er det einaste eg klarer å seie. Alle dei andre orda, dei eg veit eg burde seie, set seg fast i halsen.

Sirener bryt stillheita, det gule lyset lyser opp heile vegen. Profesjonelle hender tek hand om meg og spør vanskelege spørsmål. "Eg såg ingenting". Dei masar meir og har på meg eit varmt teppe. Har nokon sett ein smokk?

Kjenner at vetet kjem tilbake, tankane klarnar. Eg forklarer meg til politiet og skuldar alt på deg. Eg køyrde på deg, du overlevde - og eg skuldar alt på deg. Eg såg ingenting og politiet forstår. Dei seier at eg ikkje skal tenkje meir på det, at det er du som må ta konsekvensane for det som har skjedd.

Kjære mann eller dame; eg kjem snart til å køyre på deg. Det kjem til å vere synd på deg, sjølv om alt er din feil. Håper det kjem til å gå bra med deg og at du ikkje har barn.

Og om du skulle lese innlegget mitt i kveld før du legg deg, eller i morgon tidleg før du køyrer på jobb, så kan du kanskje unngå at eg køyrer på deg. Så slepp eg å måtte forklare meg til politiet og seie at "Eg såg ingenting".

refleks3

Du er nokon si mor, far, kjærast, nabo, kollega og besteven.Eg vil ikkje køyre på deg, men om du held fram med å gå langs mørke vegar og krysse gangfelt utan refleks, kan eg ikkje love noko. No er du advart.

BRUK VETET -

BRUK REFLEKS!

NOKON ER GLAD I DEG!

Dersom du skulle lure, eg har ikkje køyrt på nokon. Eg har heller ikkje vorte påkøyrd. Men mi store frykt er å på ein eller annan måte verte involvert i ei "brukte ikkje refleks"-ulukke. Då dette innlegget vart publisert sist, kom det også på trykk i fleire aviser, og eg fekk telefonar og e-post frå heile landet frå folk som ville nytte innlegget i ymse samanhengar. Det synest eg er kjempeflott! Denne bodskapen kan ikkje uttrykkast sterkt nok! Eg vart også kontakta av mange som på ein eller annan måte har vore part i slike ulukker. Eg gret nokre tårer då eg hadde desse samtalene....

27 kommentarer:

  1. Den heng eg meg på. Nok av mørkkledde som gjeng langs vegane på denne tida. Muffinsane dine såg himmelske ut:) Ha ei fin helg
    Klem på

    SvarSlett
  2. OI - den der kjentes langt inn i magen ! En tankevekker både til kjørende og spaserende trafikanter , nå i høstmørket !

    Jeg skal rote frem reflekser i roteskuffen og feste på jakkene våre før før jeg legger meg ....imorgen ettermiddag kan det jo være for sent!

    Ha en god natt videre !
    Liv E far Husrom & Hjerterom

    SvarSlett
  3. At ikkje fleire vert påkøyrt er eit under. Folk tenkjer gjerne at "EG ser bilen. EG skal vere obs. Berre eg passar meg, vert eg ikkje påkøyrt. Slikt hender berre andre".
    Men fakta viser at vi menneska aldri er 100 prosent fokuserte i meir enn korte perioder av gongen.
    Den tida du ikkje er 100 prosent fokusert på å "passe deg", kan skilje mellom liv eller død.
    Så alle foreldre der ute: Det er viktig å vere gode førebilete! Bruk alltid refleks sjølve, i likheit med borna.

    SvarSlett
  4. ....og jeg er helt bergtatt av de nyydelige bildene dine ! VIrkelig nydelige!
    Du er en stor inspirasjon! :)

    klem

    SvarSlett
  5. oi,der satte du noe i gang ja....det er såå lett å glemme!! Ungene som går til skola i mørke...Takk for at du stoppa oss!!

    Ha en finfin dag!! har du et mob.nr så kan du sende det på e-post til meg, så kan vi avtale nærmere ;) Klem

    SvarSlett
  6. Eg har gåsehud på kroppen av den fine/triste/ utruleg bra skrive historia di :) Eg er også livredd for å kjøre på nokon. I går morgon møtte eg ein syklist i svarte klede, utan lys på sykkelen og utan refleks på ei strekning utan gatelys. Er det mulig, liksom? Snakk om å leike med livet. Eg oppdaga han ikkje før eg var heilt oppi ryggen på han, og måtte vrenge bilen til sides. Eg skalv av frykt og sinne då eg like etter parkerte bilen.

    Får håpe mange tar utfordringa di om å bruke refleks!! Ha ei fin helg, klem frå Linda

    SvarSlett
  7. Helt, helt enig! Har laget et blogg-innlegg om det selv. Kjenner akkurat den samme angsten. Noen ganger er det nære på. Og det til tross for at jeg er obs på fotgjengere, ikke snakker i mobil og er konsentrert. Og likevel ser man ingenting!
    Bruk refleks!

    SvarSlett
  8. Utrolig bra og tankevekkende innlegg!! Er nok mange som tar på seg refleksen når de går kveldsturen i kveld...

    Ønsker deg en herlig helg - kos deg masse!

    Klem fra Hildegunn :o)

    SvarSlett
  9. Ja, kan du skjønne? At noen tør å gå uten?? Og mange voksne er flinke å utstyre ungene med refleks (det finns heldigvis på mange vinterklær til unger) men seg sjøl, nei, det er ikke så nøye

    Jeg kjører rundt med refleks i bilen. Stopper og deler ut hvis jeg oppdager folk uten, som jeg PLUTSELIG ser...
    Veldig tankevekker, for både kvinner og menn, det innlegget ditt!
    God fredag.... Klem fra Nunne

    SvarSlett
  10. Som om eg skulle ha sagt det sjølv. Pyton å køyre når det i tillegg er våte vegar og ein berre ventar på at nokon skal poppe ut av intet! GODT AT DU MINNER OM DETTE! Seinast i går tok eg ei påminning på lærarrommet om å ta det opp i klassene.

    Ha ei god helg!

    SvarSlett
  11. wow...ble helt sugd inn i ordene dine!!! må si jeg ble fryktelig inspirert til å bruke refleks, ja!!!

    du fortjener virkelig en rosa utmerkelse:))) og den ligger og venter inne hos meg;)

    ha en flott dag...
    klem tara

    SvarSlett
  12. Skulle tru du var representant for trygg trafikk! Ei godt skrive oppsiktsvekkjande historie, takk for påminninga:)
    Har du mykje på programmet framover? Eg skal på nattevakt man-tirs-ons neste veke + møte torsdkveld, eg tenkjer på kva tid det passar for deg å ta laust?;)

    Gratulerer så mykje med den skjønne storejenta i dag!! Såg bilete av henne i avisa:)

    SvarSlett
  13. Tankevekker!!! Flott innlegg!

    Ønsker deg ei super helg! ;-)

    SvarSlett
  14. Eg har gåsehud over heile kroppen, Tove...
    Fantastisk bra innlegg, du skriv så velformulert og har verkeleg ordet i di makt!!
    Her i huset går det ikkje så mykje i refleksar, vi svergar heller til refleksvestar. Det finst ikkje EITT gatelys på strekninga Sygna - Sande, så eg synest at vi viser betre att med vestar:0)
    Ynskjer deg og dine ei fantastisk helg....
    Klem, Line

    SvarSlett
  15. Utrolig bra skrevet om en ting som ikke kan sies for mange ganger! Holdt selv på å kjøre på noen ungdommer en kveld da jeg kjørt hjem fra jobb. Så dem ikke før jeg var helt tett inntil dem, og ble både sint og skjelven. 4-5 stykker uten refleks som brukte nesten halve veibanen! Hva om jeg hadde kjørt på dem? Ikke bare hadde jeg kanskje ødelagt livet til den jeg kjørte på, men jeg ville nok også fått det forferdelig med tanken på det. Refleks er viktig!
    Ønsker deg en fin dag og en koselig helg:)

    SvarSlett
  16. Du er heilt utruleg flink til å skrive!! Eg blei heilt dradd med inn i historia. Veldig verknadsfullt!
    Eg skal bruke refleks :)
    Flott blogg dud har forresten, har vore innom før, men ikkje lagt igjen noko "merke". Eg kjem gjerne igjen!
    Ha ein god dag!

    SvarSlett
  17. uff og uff! Stakkar deg, tenkte eg...Godt det gjekk bra! Pyton!
    Fint å kunne skrive det ut etterpå, for det gjer du så godt!
    Når me var små var det ein mann som køyrde rundt og delte ut refleksar- me syntes han var så..teit! Unnskuld, refleksmannen!
    Kanskje fleire skulle gjort det!
    Det skjer ikkje att! Du kjem til å sitja i heilspenn og køyre i 15 km/t....godt me aldri veit kva som ventar.
    God helg likevel!

    SvarSlett
  18. En tankevekkende og fin refleksjon i en fin blogg! Tusen takk. Hege

    SvarSlett
  19. Hei! " Ein tankjevekkjande og fin REFLEKSJON" Ja! Det hadde vore fint om det var eg som hadde skreve det!!! Stod med middagen i stad- og kjende berre kor reelt det er at eg er ei overarbeida småbarnsmor som treng helg! For du skriv so sabla godt at eg såg alt levande for meg ..og brått vart det heile røynda. No er eg raud, men du får ta det heile som ein award for skrivekunst! Eg tar 3 kopparkaffi og ei middagslur!
    (Kor søren er bosspannet ditt! tenkte komentaren her oppe kunne gå rett i bosset, men det gjekk ikkje her inne hos deg)
    Ja, ja! Der har du meg! :)fnis!

    SvarSlett
  20. ..fantastisk forteljing Tove, ho må du sende til lokalavisa våra...ein tankevekkar for kvar og ein i denne mørke og ikkje minst våte tida....men håper du ikkje kjøre over nokon i eit gangfelt...då må du rusle frå Halsane og til jobb og det er vel langt ...hihi..

    Trur du har hamna på feil hylle...du MÅ bli forfattar du så flink som du er til å skrive:)

    Ønskjer deg ein strålande fredagskveld.
    Klem

    SvarSlett
  21. Ja du har rett. Har opplevd fleire ganga nå i haust mørkkledde mennesker som går ut i veikanten, og det har vore like før nokre gangar....Huff....syns det er så ekkelt. Håpa folk begynner å tenke litt. Dette er ikkje bra.

    Ellers vil eg takke for at du tenkte på meg når eg har vore sjuk.
    Det varmar meg.
    Ønska deg ei fin helg med masse kos saman med familien.
    Klem

    SvarSlett
  22. Dagens lille pekefinger,takk for den!!! Er jo så flinke til å putte ungene fulle av reflekser...

    SvarSlett
  23. Huff og grøss. Du har så evig rett og dete var en kraftig påminning fo r meg...jeg glemmer refleks stadig vekk. Lover å bli bedre nå. Takk skal du ha!

    Ønsker deg en kjempefin helg!

    SvarSlett
  24. Hei igjen...
    Ligg noko til deg inne ho meg:0)

    SvarSlett
  25. Takk for eit veldig bra innlegg i avisa. Det du skriv i innlegget er så autentisk med kva ein føler når ei slik ulukke har skjedd. Eg har sjølv opplevd å køyre på nokon som ikkje hadde refleks, og eg kjenner meg så godt att i det du skriv. Uvissa, redsla, fortvilinga, alle lydane, gråt, tårer, sirener. Kvar gong eg høyrer ei sirene kjem desse tankane på nytt. Sjølv om det trass alt gjekk bra så sit opplevinga der heile livet. Eg vonar at folk legg innlegget ditt på minnet, og brukar refleks. Det er ikkje alltid det er føraren si skuld når ei ulukke skjer.

    SvarSlett
  26. Hei!
    Så bra du setter fokus på trafikksikkerhet. Dette var en ny vri som treffer...Hvis vi alle er mer engasjert i refleksbruk så smitter det over. Jeg lager og designer smykker med refleks for å vise mitt engasjemang for de myke trafikkantene. Ta gjerne en titt www.maikendesign.no
    Ha en flott refleksbrukende vinter!
    Jorunn

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!