søndag 19. oktober 2008

Att/fram, bakvendt og omvendt!

Denne søndagsmorgonen starta i heilt feil ende. Rett nok sov alle ungane lenger enn normalt (faktisk så lenge at eg vart liggande vaken og vente på dei fyrste livsteikna!), og alle var blide, kvitrande og utkvilde! Vi hadde planlagt umiddelbar frukost i dag, slik at vi raskt kunne kome oss ut og styre litt.

Vel nede på kjøkkenet oppdaga vi at det var tomt for brød. Husmora vreid seg i skam over å ha planlagt så dårleg og ikkje hugsa å ta opp brød. Det var berre det at der ikkje var brød i frysaren heller. Nok eit moment på lista over dårleg samvit...

Med svoltne og utolmodige ungar var det berre ein ting å gjere: stappe i dei kvar sin bananbit, kle dei og gå ut (far i huset mistenkjast for å ha mumsa nokre Twistbitar frå i går kveld - papiret avslørte deg...). Det var trass alt opplett ute, og alle sunnmøringar veit at då er det om å gjere å gripe stunda! Med lågt skydekke og skodda hengande langt ned i fjella, er det berre eit tidsspørsmål før regnet er der att... Så medan far i huset tok med seg heile ungeflokken ut, vart eg verande att inn for å bake grove rundstykker. Med litt ekstra varmehjelp i heveprosessen gjekk det i grunnen ganske fort, og rundstykka vart trilla ut i ein fei.

Medan dei heva for andre gong måtte eg ut og vere litt i lag med dei. Eg fann heile hurven på låven, der dei vart godt i gong med rydding, vedakløyving, saging og anna forfallande arbeid. Minstesnuppa sat og kosa seg på akebrettet, frøken midtimellom saga ved  og eldstemann svinga øksa som ein vaksen kar. Alt sjølvsagt under kyndig rettleiing og påpassing av vaktsame pappablikk!

002 004

Det var godt utpå formiddagen før vi sette oss til frukostbordet, og hastverksrundstykka gjekk unna på løpande band! Eg har aldri sett ungane ete så mykje til frukost nokon gong! Dei hadde nok fått opparbeida seg god matlyst etter den harde "arbeidsykta" borte på låven!

008

No er gjengen allereie i gong med arbeidsykt nummer to, så det er vel berre å lage rikesleg med middag i dag! Eg lyt bøte på mitt dårlege samvit og sette ei brøddeig eller to...

006

                                          Så sjølv om denne dagen starta litt hulter til bulter, med leik og arbeid fyrst - og frukost til slutt ,  så var det kanskje det beste?

10 kommentarer:

  1. Mmmmm, kjenner lukta av nybakte rundstykker og brød:) Arbeid gir matlyst den saka er klar. Ser heilt supre ut de brøda dine. Nyt søndagen
    Klem på

    SvarSlett
  2. Du, det var nok en herlig søndagsmorgen tross alt. jeg kan levende se for meg ungeflokken i fullt arbeid mens mor lager duftende rundstykker.HERLIG!!!!!

    Kos dere videre på søndagen.

    SvarSlett
  3. Da venter jeg på bilder av kjøkkenet ditt! Du skriver så herlig...! er ut som du blir nødt til å bake hver søndag nå...? Klem

    SvarSlett
  4. Hei
    Er en som ikke har egen blogg,men kikker innom av og til.Bakte eplekake m rømme etter din oppskrift i går.og det var vellykket.Kaka ble raskt borte og det er ett godt tegn.
    Du har en flott blogg,og mange fine oppskrifter.Kommer nok til å kikke inn her mere.
    Hilsen meg

    SvarSlett
  5. Kjære anonym!!! Så kosleg at du likar deg på bloggen min! Du er sjølvsagt hjartleg velkomen!

    Klem, Tove

    SvarSlett
  6. Ååå, det så godt ut!! Så flink du er! Jeg er et dårlig husmoremne, for jeg vet hva jeg hadde gjort.. hadde nok reist til nærmeste bensinstasjon er jeg redd ;0) Men oppskriften på loff med tilbehør, den så kjempegod og enkel ut, den kan jeg prøve meg på!

    SvarSlett
  7. Jammen er dei heldige i heimen din som har deg til å diske opp med deileg nybakst ein søndagsmorgon! Dårleg samvet? Forstår ikkje kvifor du skal ha det?? Då burde eg ha lassevis...

    Og tipsa med heimesnekra julepynt lenger nede er allereie notert. Blonder og grankvistar var ein veldig fint kombinasjon :-)

    SvarSlett
  8. Snakk om å vere flink husmor! Eg hadde aldri baka brød heilt på impulsen, eg hadde køyrt til bensinstasjonen eg... Håper du hadde ei fin helg :-)

    SvarSlett
  9. Åh, det så godt ut! Jeg imponeres sånn av bakstekjerringer! (hedersbetegnelse).
    Oppskrift, kan man få den, eller? :)

    SvarSlett
  10. Hei. Får lyst til å bake med det samme jeg leser bloggen din.Veldig masse fristende bakst og annen godt. Ha en flott kveld.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!