lørdag 6. september 2008

Nok ei utmerking - takk Tara!

award6

Eg er så glad og stolt over at bloggen min har fått så mange utmerkingar. Slit diverre med litt dårleg samvit, for mange av dei skulle eg ha sendt vidare, og nokre utmerkingar har eg fått som eg ikkje har skrive om på bloggen min. Det kjem gjerne melding om ei utmerking på som kommentar på eit av innlegga mine, så skriv eg nye innlegg med nye kommentarar, og så gløymer eg kvar utmerkingane ligg.....

Men utmerkinga til venstre skal eg vise fram med ein gong: Denne kreative utmerkinga synest eg var så fin. Den har eg fått med Tara i bloggen Happy in Pink, som forøvrig er ein blogg det er vel verdt å ta turen innom! Ho tek fantastiske bileter. Det som forundrar meg er at det ofte er heilt vanlege ting ho tek bilete av, men klarer likevel å få til ein special touch som gjer dei heilt unike. Ta for eksemple ein kik på dette innlegget med bileter frå ei gammal kirke og ein kirkegard. Desse bileta er rørande vakre og fulle av historie. Trur med sikkerheit eg kan seie at ho er eit fotograf-førebilete for meg.....

Tusen takk, Tara, for den flotte utmerkinga!

Denne utmerkinga gir eg vidare til alle som er innom bloggen min i dag! Du som får den lyt gi den vidare til minst fem du meiner fortener den. Skriv litt om kvifor kvar einskild får den, og legg ein link til bloggen deira på bloggen din.

3 kommentarer:

  1. Grattis med award og med 10 000!!
    Kjempeflott:O)

    Ha en fin lørdag:O)

    SvarSlett
  2. Gratulerer med både 10 000 og award, koselig å bli satt pris på både med awards og besøk :0)
    På bloggen min ligger det en award og venter på deg!Jeg har herved bestemt at denne ikke fører med seg noen forpliktelser, den skal bare være til KOS ikke stress!!!!

    Klem

    SvarSlett
  3. neimen, for noen vakre ord du beskriver bloggen min med... ble nesten litt flau...men utrolig stolt også:)
    tusen-tusen takk...og ha en strålende helg:)
    stooor klem fra tara

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!