mandag 15. september 2008

Nights of rain and stars...

 binchy

Kvelden kjem tidleg no for tida, og det er mørkare ute enn eg set pris på. Då er det om å gjere å ha ei god bok å finne trøyst i, ei bok som set fantasien i sving og tillet oss å dagdrøyme. Vibeke i Duften av erteblomst hadde ei filmanbefaling i dag, ein film som er basert på boka til ein av favorittforfattarane mine - Maeve Binchy.  Dei aller fleste bøkene hennar har fått ein plass i hjartet mitt, men nokre har sjølvsagt gjort sterkare inntrykk enn andre. "Circle of Friends" er ei av dei, for ikkje å snakke om boka eg fortel om i dette innlegget!

Boka heiter "Nights of Rain and Stars" og er berre å få kjøpt med engelsk tekst. Bokkilden har boka i paperback til kr. 99,-. Men eg kan garantere at det overhodet ikkje er eit hinder at du må lese den på engelsk! Språket er lettlese, boka er fengande, historiene og personlegdomane bak hovudpersonane er fascinerande - rett og slett ei perle av ei bok!

Handlinga går føre seg i den greske landsbyen Aghia Anna, der fire menneske møter kvarandre for fyrste gong. Den irske sjukepleiaren Fiona, den amerikanske akademikaren Thomas, den tyske tv-kommentatoren Elsa og den sjenerte, engelske guten David. Dei vert vitne til ei tragedie i havna, og dette fører dei saman. i tilleg til at dei engasjerer seg i dagleglivet i Aghia Anna, må dei alle handtere den livskrisa som fekk dei til å forlate heimstaden sin og ende opp i Hellas.

Om du allereie lengtar etter sommar, eller har lyst å drøyme deg vekk til ein liten og søvning gresk landsby, så er dette heilt klart boka for deg! Kos deg!!!

3 kommentarer:

  1. Jeg er mer enn overbevist :o)Bestiller fra Bokkilden NÅ!

    TAKK!

    SvarSlett
  2. Heisann - rekna med at dette ikkje var dine farger - men modellen liket du den ?
    Har vel ein ide om vilke farger du likar - skal prøve å lage noen ideer til deg og legge ut på bilde
    smil

    SvarSlett
  3. men du kan jo komme med noen forslag om vilken farger du lika

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!