onsdag 10. september 2008

Honnør!

Eg har litt sansen for gamle og ærverdige ord, som åtgaum, høveleg og fagnad. No skal eg prøve å bruke alle tre for å takke så mykje til alle dei som har gitt meg utmerkingar i det siste.  Så til alle bloggarar der ute som set pris på bloggen min: Alle dei flotte utmerkingane vekkjer åtgaum i meg. Det er høveleg og på sin plass å takke så mykje for alle desse vakre utmerkingane som med sin fagnad gir meg så mykje glede! Honnør er forresten endå eit av desse orda eg likar så godt, og er vel noko som seier TAKK med ein dæsj audmjukheit og beundring.

award8

Tusen takk til Monica!

award7

Tusen takk til Astrid og Line!

award9

Tusen takk til Astrid for denne! Denne utmerkinga sette eg ekstra stor pris på...

Eg har vore litt sløv med å gi vidare slike utmerkingar i det siste. Slik er det også i dag.... Eg gir dei difor vidare til alle på blogglista mi, fordi eg set så stor pris på å lese alt det de skriv!

PS! På grunn av at eg er så glad i ærverdige ord, synest eg vi skal slå eit slag for å fornorske award-ordet! Sjølv brukar eg konsekvent ordet utmerking, men kanskje nokon der ute sit med eit betre ord???

1 kommentar:

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!