søndag 31. august 2008

Perfekt haustkveld!

Det er nokre veker sidan den fyrste haustkjensla seig innover meg. Det skal ikkje så mykje til; litt mørkare kveldar, eit gult blad i grøftekanten, ungar som vaknar om morgonen og vil ha på seg ullskjorte og det kjølige draget i lufta. Eg har alltid vore fascinert av hausten. Imponert over kor genialt Moder Jord førebur seg og gjer alt klart. Lauva som dett av trea og vernar om det spede livet i skogbotnen. Dyra som sankar mat til ein lang og ugjestmild vinter. Vi menneske gjer vel òg vårt for å klare oss over vinteren; vi plukkar frukt og bær som vi frys ned, syltar, saftar og hermetiserer. Dei heldigaste av oss har ein liten potetåker, kanskje endåtil neper og rabber. Det er ikkje alle som likar hausten like godt som meg. Men i år skal eg gjere mitt ytterste for at den skal verte ei fantastisk årstid for meg, familien og våre næraste og kjæraste. Blant anna skal eg prøve å lage til ekte, amerikansk Thanksgiving i år! Den utfordringa sender eg forøvrig til alle som les bloggen min!

Men tilbake til det eg i utgangspunktet skulle skrive om. I kveld har eg verkeleg kosa meg! Dei to eldste er på overnatting med besteforeldre, så eg og Terje har praktisk talt hatt heile kvelden for oss sjølv. Lissjegullet la seg klokka sju, så vi har hatt mange timar utan ungemas i kveld. Etter å ha laga den deilige pizzaen som Livet her herleg skreiv om, sette eg meg med føtene høgt (doctor`s order faktisk, har brote eit bein på utsida av fotbladet....) og kosa meg med ei fantastisk bok som nettopp er komen i hus.

045 018

Boka heiter "Lexington Living - the Living Spirit of New England". Boka har vore på ønskelista mi lenge, og no ligg den endeleg på stovebordet mitt og gleder meg med oppskrifter, tankar og vakre bileter frå New England. Eg fekk boka som ein litt tidleg  bursdagspresang frå min kjære, ilag med verdens mjukaste og skjønnaste morgonkåpe (frå Lexington, så klart...). Alle bileta under (med unnatak av pizzaen, M-kulene og tekoppen) er henta frå denne boka.  Sjå dei vakre bileta og drøym deg vekk......

011 016

Før ein set seg ned og drøymer seg fullstendig vekk, lyt ein ha litt snacks på bordet.

Ting å gjere om hausten:

025 026

Bruke ledige stunder til turar i skog og mark, hausten er på sitt vakrast no!

027 029

Prøve ei ny oppskrift eller to - gjerne inspirert av våre vener i vest!

032 033

043 044

Invitere famile og gode vener på Thanksgiving-middag.

038 039

Nyte deilige dagar ute og inne - og kvarandre!

042 041

Finn gode anledningar til å invitere vener på besøk, men gjer det enkelt slik at det lett kan gjennomførast: Be alle ta med seg god mat og varme kle, og avtal å møtast på næraste strand. Ha ein hausteleg piknikk, som kan avsluttast innomhus - gjerne med varm kakao og Trivial Pursuit!

040

Velg deg ut ein kveld i veka der du kan krype litt tidleg til køys. Ta med deg ein  kopp te og ei god bok, og kjenn på kor godt det gjer for kroppen å slappe av etter ein travel kvardag.

Eg veit det er lenge til jul, men klarer ikkje å motstå å vise deg bileta under. Det er lov å drøyme seg litt vekk og lengte etter den gode høgtida som jula er!

034 035

I`m dreaming of a white Christmas.....

036 037

Heilt til slutt den deilige pizzaen eg laga! Tusen takk til Livet er herleg for den gode oppskrifta!

051 052

Med dei beste ynskje om ei fantastisk helg til alle!

9 kommentarer:

  1. Åh... må få sjå i Lexington-boka di! Og no glede ej mej også til jul :) Haust e forresten favoritt-årstida mi. Visste du det? Det e då det e finast å gå på fjellet og i skog og mark, og fargane e no heilt fantastiske! I tillegg e det godt å leite fram litt tjukkare klede, finne fram pledda, brenne stearinlys, og kurelure sej innomhus, so du ville sagt. Men so lika no ej ei gode bløyte i stritt haustregn, og ikkje minst regn so klapra på taket! Dessverre e Norge et av dei landa med kortast haust... Skulle gjerne hatt litt mindre vinter.
    Det e toddy-tid!!!

    SvarSlett
  2. åååå de har så mye lekkert ;) Heldig du er som fikk bok og morgenkåpe i Lexington av din kjære då. Snill mann som vet å sette pris på sin kjære ;) Nyt søndagen og boken :)

    Hilsen Anette

    SvarSlett
  3. Du så nydelig gave du har fått. Tenk å sitte å ba i denne å nyte hvert eneste bilde=)
    Men jeg vet om ei til som er kjemp heldig jeg!!!! Hihi Meg, selvfølgelig. Fikk hentelappen i går, men desverre rakk jeg ikke å få hentet pakken. Men mandag med en gang de åpner er jeg å henter den vet du. Gleder meg så enormt=)
    Ønsker deg en fin søndag=) klem Kerstin

    SvarSlett
  4. Dåååååååååååååååååååååån, jeg vil ha alt du viser, og hvilken stemning...sukk!!!!
    Ønsker deg en deilig høstsøndag:)

    SvarSlett
  5. Ein kan drøyme seg heilt vekk i slike flotte bilete!
    Eg vart inspirert til å ta meg ein liten fotosafari i det fine haustvêret, kanskje eg finn nokre motiv som eg vil dele på bloggen?

    Snakkast nok seinare i dag ja, blir kjekt det! :)

    Kos deg så lenge!

    SvarSlett
  6. Så fin gave du har fått! Heldig du :0) Jeg trives også veldig godt på høsten! Deilige innekvelder med levende lys og et håndarbeide, en bok eller lese blogger.. Ha en fin søndag!

    SvarSlett
  7. Stemningsfulle bilder frå Lexington, eg er ikkje så glad i vinteren, men det kjem at for meg er kulde lik smerte. Men når ein ser dette er det ikkje fritt for at juleplanlegginga livnar til. Me har no hatt ein utruleg flott dag og kveld i dag også, nydeleg temperatur og berre å nyte. Ha ein vidare fin søndagskveld:-)

    SvarSlett
  8. Mmmmm, den boka tror jeg jeg må ha .-). masse flotte, stemningsfulle bilder.

    Høsten er en fin tid og jeg nyter den til fulle. Selv uværet har sin sjarm på høsten.

    Klem Torunn

    SvarSlett
  9. Så vidunderlege, inspirerande bilete! Bok-ønskelista mi er forsåvidt lang nok frå før, men det spørst om eg ikkje må føre opp denne også på lista..!

    Ha ei nydeleg hausveke no først i september!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!