søndag 31. august 2008

...om lærarbagasje og bestillingsverk!

002 004

Å vere lærar har sine heilt klare utfordringar. Det er faktisk ikkje dei enorme rettebunkane (eller lærarbaggasje, som eg òg likar å kalle det) som er verst. Den aller største utfordringa er faktisk den evige jakta på den perfekte måten å få bøkene  heim på. Det er ikkje spøk når fredagen kjem og rettebunkane ligg klare på kontoret og ventar på meg. I tillegg skal eg ha med meg fagbøkene slik at eg kan førebu meg til veka som kjem. Eg endar som regel opp med eit par bæreposar frå ymse matvarebutikkar, som kanskje ikkje raknar før eg kjem heim. I allefall ikkje før dei dei er trygt plasserte i bilen. Gjorde eit lite eksperiment i førmiddag før eg tok til på det viktige arbeidet. Tenkte eg skulle finne ut kor mykje alle desse bøkene vog.

008 009 010

Fagbøkene mine vog 4200 gr og elevane sine skrivebøker nesten 5000 gram. Ikkje rart vekta blinka "ERROR" då eg la alle på samstundes! Det er heller ikkje rart at Cubus-posen var ute av stand til å bære alle bøkene mine heilt heim...

013

Ei skål med søtsaker gjorde arbeidet lettare, og medan eg sat der med praktfulle elevbøker, byrja ein idè å ta form...

Rundt omkring i Blogglandia har seg sett at svært mange av dykk er særs begava med nål og tråd, om med eit fint stykke stoff og litt kløktig saum tryllar de fram dei flottaste handverk! I løpet av sommaren har eg registrert at handlenett har vore ein slager. Eg har òg nokre slike, men dei er verken fine eller solide nok til å bære min 10-15 kilo med bøker (denne helga hadde eg nemleg ikkje med meg engelskbunken, så neste helg må eg nok plusse på fem kilo til).

Brått slo det meg: ein eller annan der ute kan sikkert lage meg eit slags handlenett til alle bøkene mine!

Dei fleste kreative sjeler likar vel ikkje at nokon dikterer korleis dei skal lage arbeida sine, men no lurer eg altså på om nokon tek imot eit bestillingsverk! Eg har ei viss oppfatning vedkomande utsjånaden til veska/nettet:

012

  • - veska må vere laga i eit solid materiale, kanskje noko canvasliknande?
  • - eg har eit Lexingtonmerke som eg ynskjer å ha ein eller annan stad på veska, så kanskje stoffet må matche fargane? Ein slags mørk grå, kanskje? Merket er omlag 10 cm x 15-17 cm , altså rektangulært
  • - den må ha solide hankar som toler 10-15 kilo.
  • - den må ikkje vere for feminin med altfor mykie blonder og andre søte ting
  • - den må ha særpreg og nokre artige detaljar som er unikt for ditt arbeid.

Dersom du tenkjer at dette er noko for deg, og du meiner at du "ser" veska slik som eg ynskjer den - kanskje du tek kontakt med meg?

Eg kan sjølvsagt halde fram med å bære rundt på bøkene i ufikse plasposar eller i altfor sporty ryggsekkar, men ynskjer meg altså eit slags handlenett som kan gjer jobben mykje betre.

Kanskje du , eller nokon du kjenner, kan hjelpe meg???

015 016

Enn så lenge lyt eg bære rundt på bunkane mine i meir eller mindre flotte og prangande plastposar. Er vel ikkje så verst med ein pose med Designers Guild-merke, men det er like fullt plastikk...

No ventar eg spent på å sjå om nokon tek utfordringa mi og likar tanken på eit bestillingsverk!

9 kommentarer:

  1. Hei!
    Ville berre gi deg eit lite tips mens du venta på handtverkarane. På Felleskjøpet selge dei nydlige ved-posar med kunstmotiv. Eg har sjølv kjøpt det med Birkebeinarane som redda Håkon Håkonson, dette er solide saker, og dei er også fine. I fjor jobba vi litt med denne historia i barnehagen, og ungane var litt misunnelige på veska mi:)

    Unnpunnpøne

    SvarSlett
  2. Hehe, sliter med samme problemet ;O)

    By the way så er Bagateller veldig flink til å sy! kanskje du skulle ha høyrt med ho? Eg har ei (ehhh fleire) vesker som ho har sydd til meg:O)

    Ha ein fin kveld Tove

    SvarSlett
  3. Heia Tove
    Eg har da symaskine ;-)
    Mø fra monika

    SvarSlett
  4. Dette var en fin blogg!!her kommer jeg tilbake!

    SvarSlett
  5. Så fin blogg du har. Gøy og komme over:)

    SvarSlett
  6. Hei! Skulle ønske eg kunne lage den perfekte lærarveskebagen-til heimebruk- til deg, men kanskje du kan låne jobbveska mi? Den er fole praktisk og svært fin. Ikkje er den for feminin heller....
    No har eg kosa meg og lese bloggen din. Gler meg til å ta fatt på ei ny veke med kjekke elevar og gode kollegaer!

    SvarSlett
  7. Tips: Strandveska di! Eg brukar mi no sidan sommaren og badelivet er over. Og kanskje du kan gjere som enkelte lærarar: ha oddetalsbøker og partalsbøker, så slepp du å ha "utleveringspress" på måndagen, men kan rette i veka medan elevane skriv i den andre boka? (Kanskje meir gjennomførbart i barneskulen?)

    Håper du får ein fin bursdag i morgon. Stooor klem!! =)

    SvarSlett
  8. GRATULERER så mye med dagen ;) Håper dagen blir kjekk med venner & familie! Og at noen syr drømmevesken til deg!!! Skulle gjort det med en gang hvis eg hadde hatt godt lag med symaskinen, som eg ikkje har engang :( hihi! Klem fra Anette

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!