torsdag 10. juli 2008

Så er det endeleg dokumentert!


Kven har vel ikkje kjent den fantastiske kriblinga og stoltheita når ein baby smiler for fyrste gong? Å sitte med det vesle vidunderet i armane - og berre kike. Morshjartet svulmar og det er ikkje fritt for at ei lita tåre blenkjer i augekroken. Kjensla ein får
når babyen smiler og gurglar er ubeskriveleg. Eg hugsar at eg ein gong sa til mannen min at det nærast kjendest som ein rus. Og no har altså nyare forskning stadfesta det same! Då eg sat med lokalavisa Møre Nytt og kosa meg med frukostkaffien i dag, kunne eg ikkje tru det et las: "Mødre vert rusa av babysmil". Ein forskar ved eit barnesjukehus i Texas har etter nitidige undersøkingar funne ut at babysmil utløyser ein positiv reaksjon i avlønningssenteret i hjernen. Vel, eg er ingen forskar, men desse opplysningane
kunne både eg og tusenvis av mødre ha gitt han gratis!
Men eg synest det er så fantastisk at nyare forskning faktisk konkluderer med dette!
For eigen del kjenner eg denne "rusen" dagleg. Vesle Sina er eit strålande, lite vesen som veit å smile til alle rundt seg. Kanskje kan desse bileta vere nok til å sette igong positive reaksjonar i avlønningssenteret ditt?
Tusen takk til alle som forskar på livets mysterier! Eg trengte i grunnen ikkje resultatet frå ein omfattande granskingsrapport for å finne ut dette, men det er alltid greit med ord på papiret!

Eg tenkjer på Anna Lisa som kosar seg heime med vesle Tryggve, som ikkje er fylt ein mnd enno! Ja, ja - det vert mykje "rus" på deg framover - kos deg gjennom kvar ein dag!

1 kommentar:

  1. Kor heldige me e so fe monge slike smil kvar dag :))

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!