søndag 13. juli 2008

Kunst frå barnehand

Nokre av dei kjæraste skattane eg har heime, og dei mest dyrebare kunstverka, er det borna som har laga. Eg har ikkje hjerte til å kaste noko! Det vert lagt i sirlege stablar, og så vert nokre kunstverk plukka ut til opphenging. Her er eit lite knippe uvurderleg kunst!

Ida er lik mor si, og glad i hjerter. Dei skal vere store, raude og mange!

Her har Ida teikna blomar, hus og sol. Det fantastiske med barnekunst er at våre reglar for kva plass dei ulike elementa i biletet skal ha, er TOTALT fråverande. Difor kan sola gjerne vere nederst og blomane øvst!

Epletrea i barneverda bèr mykje frukt, endåtil nedover stammen. Den vesle jenta til høgre i biletet er favoritten min. Trur Ida var tre år då ho teikna dette.


Johan hadde nettopp lært seg å skrive då han kom med denne lappen. Det er vel ikkje tvil om innhaldet??? Mamma og pappa er kjærestar, til venstre i biletet søv vesle Ida i senga si, og til høgre står storebror Johan. Så skjønt...

Dette biletet kan vel kanskje vere sterk kost for dei mest sarte sjelene. Dei skulle teikne Adam og Eva på skulen, og vår håpefulle var jo fullt klar over at dei fyrste menneska på jorda ikkje hadde kle. Dermed vart teikninga deretter! Biletet har lokka fram mange smil....

Johan laga dette oljemåleriet ein gong han var på besøk med mi kreative venninne Anne Mette. Eg spurde kvifor guten gret, om nokon hadde vore dumme med han - om han var lei seg. Då kunne Johan fortelle at guten gret fordi han hadde vore stygg med ein annan gut. Det rørte meg at han sa det, då eg meiner det vitnar om djup innsikt i menneskesinnet.

Til slutt eit bilete av Ida sin belønningsplakat. Tidleg i sommar fekk ho briller, og måtte endåtil gå med lapp på eine auget. For å motivere henne til å bruke dei, vart eg og Terje samde om at ho skulle få hòl i øyrene dersom ho var flink å bruke dei kvar dag. Og det har gått så fint! Ida har aldri protestert på brillebruken, og lappen har ho gått med dagleg utan å vere lei av den. Så no trippar ho rundt med rosa diamantøyredobbar og strålar som ei sol! Flinke jenta vår...

3 kommentarer:

  1. Kjempeflotte teikningar!
    Den med Adam og Eva er ein skikkeleg fulltreffar, Johan har verkeleg skjønt det!

    Du får helse til Ida og seie at ho er kjempeflink!! Har vore gjennom brille/lapp-greia vi også (Marie). Sjøglar framleis, men det hadde nok vore verre om ho ikkje hadde brukt lapp. Brillene har ho alltid vore flink å bruke, trur ho fekk dei då ho var 3 år. Ho har ikkje samsyn heller, augene jobbar kvar for seg, så det er enkelte ting som ikkje er så lett; ta i mot ein ball t.d. Så å bruke lapp var ikkje noko problem, ho såg akkurat like godt som før.... :-)

    Lurt med belønningsplakat!

    SvarSlett
  2. Herlige tegninger fra Ørstakanten , og mye kos og humor her!

    Minstejenta tok bussen til Ørsta i går, og har det koos med bestemor og bestefar! Resten av oss kommer etter i morgen! Har med oss gjester fra irland!

    bloggeing og formiddagskos med minstegutten i dag! Damekoret ditt ville jeg gjerne ha hørt, ja! Kanskje du har en cd til salgs når jeg kommer oppover!
    Se andre skatter fra svunne tider på bloggen min i dag!

    Sommersmil fra meg!

    SvarSlett
  3. Ja, hjerter skal være røde, enig med henne!
    Lurer på om det er BLÅBÆR eller plommer i Edens hage?? Eva var så dum som ikke heller gav Adam det blå på andre treet!

    Du kan tro Nicolai hadde det likedan ang brillene sine. Han har 7 og 8 i styrke og kan ikke ha sett mye, stakkar, før han fikk dem. Men NÅ kan han ikke klare seg uten dem, det går seg til skal du se!
    Lykke til med MUFFINS! Klem.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!