fredag 18. juli 2008

Green Gate på tilbod - kan ein vere så heldig???

No har vi hatt så mange gufne regnvèrsdagar at vi i dag bestemte oss for å ta oss ein kosetur til
Moa. Reglane var klare: mamma skulle på to butikkar (Green Gate-butikk og scrappebutikk) og ungane skulle på leikebutikk og McDonalds. Og for ein strålande dag det vart!
Ikkje nok med at det brått skein av og vart sol, i tillegg oppførte ungane seg strålande eksemplarisk (det var ei stolt mor som rusla rundt med tre englar ved si side...) og alt vi handla var på tilbod - endåtil Green Gate!
Under får du nokre smakebitar frå handleturen:

Eg har leeenge hatt lyst til å kjøpe Ida eit Green Gate sengeteppe, men då det kanskje vart i dyraste laget hadde eg bestemt meg for å kjøpe noko som likna. Men då eg entra favoritt- butikken min i dag, "Herlighet", var plutseleg teppet på kanonsalg! Det var berre eitt teppe att, og det måtte eg sjølvsagt berre ha! Etter å ha fått det på senga vart dei storfornøgde, både Tuppen og Lillemor! Heldig, eller???

Eg kjøpte litt av det rosete og det grønprikkete Green Gate-serviset. Synest alle er så fine, og meiner det fint går ann å bruke alle sortane på eitt og same frukostbord! Blir vel ei suppleringshandlerunde til hausten, tenkjer eg....


Dette skjønne "melkespannet" frå Ib Laursen har berre den sartaste rosafargen du kan tenkje deg, og eg fall sjølvsagt heilt pladask. Skal nok finne mange bruksområde til dette spannet. Ungane meinte det godt kunne stå i kjøleskapet med mjølk, "...tenk kor kosleg det vert å dekke frukostbordet, mamma". Ei raud, lita prikkeline-skål får halde eggeglasa mine med godt lag.

Tenkjer husbonden vert fornøgd når han frå søndagsfrukostegga sine i desse eggeglasa! Eg brukar aldri eggeglas, har ein (u)vane med at eg knekkjer av alt skalet fyrst og så legg eg heile egget på brødskiva. Men eg lyt nok ha dette på kuverten min likevel... Dei nydlege blåklokkene i bakgrunnen fortel meg at eg kanskje må ha noko av det blåprikkete serviset òg!

Og så måtte alle tre ungane få seg nye støvlar. Ikkje det at dei ikkje har slikt frå før, men dei har vore mest til å ruske ute med. No trengde dei "gå bort"-støvlar. Desse nydlege "glansbilete"-støvlane måtte Ida ha, og mora var heilt samd.....


Kan det verte meir romantisk og jentete???

4 kommentarer:

  1. Så heldig du var som fant greengate på salg!!!
    Kjempefint sengeteppe......
    Nydelige ting i disse fargene også!!
    Ja eggeglassene må du bruke nå.......tilogmed mannen min synest de nye eggeglassene mine var fine:O)

    Kjempesøt jente du har........kos deg med ungene dine:O)

    SvarSlett
  2. Så mye fint du har kjøpt! Sengeteppet var bare helt nydelig :0) Også støvlene da.. skjønner godt at disse bare MÅTTE kjøpes ;0)

    SvarSlett
  3. Dissa va fine. Kar i Ålesund du kjøpte dei? og har dei green gate på herlighet? eller kjøpte du dei på Livein?

    SvarSlett
  4. Hei Bodil! Så kjekt at du er innom her! Ja, Green Gate-sakene kjøpte eg på Herlighet. Einaste butikken på Moa som har dei, og så den butikken i Ålesund. Berre bra med deg, håpar eg?

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!