lørdag 5. juli 2008

Ein "litt av kvart"-dag!

I dag har vi hatt skikkeleg familiedag med slått, raking, rømmegraut og bading i sjøen! Dagen byrja heilt fantastisk med at postmannen kom med pakke frå Boligfryd. Eg har lenge gått og ynskt meg pannekakebollen, men dei har vore utsolgt i lengre tid. Heldigvis tipsa Anna Lisa meg om at dei var på lager igjen - og i dag kom den! Sjølvsagt ilag med litt andre ting, det går liksom ikkje ann å berre bestille ein ting frå Boligfryd!

Vi er så glade i å lage vafler, så denne bollen vert nok flittig brukt framover!


Denne skjønne lykta med påskrifta "Atmosphere" vert nok ein stemningsskapar på seine sommarkveldar. Hjartet ved sidan av fekk eg i gåve frå Boligfryd. Må finne ein fin plass å henge det opp.

Endå eit bilde av lykta!


Johan og Sina kosar seg med hjartet! Det var så varmt og godt å ta på!

Eg er glad i skåler, og denne fann eg på Europris. Trur eg betalte litt over ti kroner for den. Kjøpte fleire, slik at eg kan ha til mange føremål; godteri, dressingar, bordsalt, tacoskål etc. I dag enda den som sukkerskål for slåttegrauten.

Terje er klar for snauhogst! Er det ein ting som er sikkert, så er det at gras gror fort!

Dei store, lilla klokkene mine er ferdige med bløminga for i år, og Ida er hjelpsam og klipper dei ned. Kjekt for dei minste å få hjelpe til.

Då var det klart for slåttegraut! Det skal sjølvsagt vere rømmegraut av beste sort, og alle gledde seg til måltidet! Sina kosar seg på pappa sitt fang og vil ha meir og meir.Ein fornøgd arbeidskar!
Ida nyt grauten, men må sjølvsagt tøyse når ho ser kameraet kjem hennar veg...

2 kommentarer:

  1. Å ja visst...det er så mykje fint på Boligfryd. Likar den nettbutikken best av alle. Lett og oversiktelig syns eg. Bra du fekk tak i bollen:)
    Nydelig hjerte du fikk av Mona på Boligfryd.

    Skålene du kjøpte på europris var kjempe fine!! Slike har eg og lyst på...skal tru om dei har dei ennå....Skal sjekke neste gong eg er der ja:) Manglar dessertskåler, og disse var akkurat slik eg kan tenke meg:)

    Klem

    SvarSlett
  2. Så artige bilder...
    Veldig koselig og sjå innom deg!
    Koser meg!

    Nunne

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!