lørdag 26. januar 2008

Skjønne, vesle jenta mi...

Når ungane kjem og gir meg kompliment eller seier gode ord til meg, så kan eg ikkje hjelpe for å tenkje at dei har gjort noko gale eller ynskjer å oppnå noko. Eg burde skamme meg, sjølvsagt, men mange foreldre kjenner seg nok igjen i dette... Her ein dag var Ida heime frå barnehagen fordi ho hadde spysjuka. Ho låg på sofaen og kosa seg med ein teiknefilm på TV, eg var på kjøkkenet og baka rundstykker. Plutseleg kjem ho tassande i pysjen og seier at eg må bøye meg ned. Med hendene fulle av deig bøyer eg meg ned og lurer på kva ho har føre. Plutseleg får eg to deilige armar rundt halsen og så seier ho "Åhh mamma, eg elskar deg!!!". Like fort spring ho inn på stova, og eg står undrande att på kjøkkenet. Eg går inn på stova til henne for å spør kva gale ho har gjort. Ho har lagt seg under koseteppet og er klar for ein liten kvil, men eg må berre spørje: Du har ikkje gjort noko gale vel, sidan du sa så mykje fint til meg? Ho ser oppgitt på meg, kryp lenger under teppet før ho seier til meg: Du er den beste mammaen i verda! Like etter søv ho, og eg har lært meg ei lekse.... Ikkje alle kompliment er pakka inn i baktankar!

2 kommentarer:

  1. Lille søte Ida. Men det er nok ikkje tilfeldig at ungane dine er blitt så herlege som dei er!!! Helsing stolt tante.

    SvarSlett
  2. Nei, det er lett å gå i fella i perioder og tru at dei har baktankar med rosen. Det er nok ein yrkesrisiko også. Ein skal alltid vere i forkant av situasjonar, veit du. Veldig fint bilete!

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!