lørdag 26. januar 2008

Paradis på jord!

Eg har alltid vore heimekjær. I russeomtalen min stod det: "På Håvoll vil ho bygge, på Håvoll vil ho bo, finne seg ein kar og slå seg til ro." Og slik vart det! Sjølv om dei store byane og den store verda freista, så var eg alltid klar på at det var i heimbygda mi eg skulle bu. Eg har sjølvsagt reist ein del og budd fleire stadar i utlandet, men ingenting kan måle seg med det eg har heime. Biletet er faktisk teke frå altanen min! Kvar einaste dag vaknar eg til denne fantastiske utsikta. Ikkje rart garden vi bur på heiter "Utsikten"! Dette er noko mange berre drøymer om og misunner meg. Eg bur midt i paradiset og veit å nyte det! Det skal likevel seiast at det ikkje alltid er like kjekt her på vinterstid. Det er bratte vegar og dårleg brøyting. Å køyre ungane på skule og barnehage opplevest ofte som eit sjansespel og. Det er slike dagar ein berre må late att augene og drøyme seg vekk til vår og varmare dagar. Eg er heldig som får bu på ei slik perle! Eg treng ikkje reise jorda rundt for å finne mitt paradis - eg bur midt i det!

2 kommentarer:

  1. Heilt einig, Tove! Det fins ikkje betre utsikt nokon stad. Vi var lenge fast bestemt på å byggje i Grøvik, men verda endrar seg... Ofte i retningar ein ikkje kan tenkje seg på førehand. Men, uansett kvar ein havnar er det alltid godt å ha ein så nydeleg plass å reise på besøk til :-)

    SvarSlett
  2. Ja, utsikta di og plassen dokke bur på er som tatt ut av eit eventyr! Men eg trur det er fleire som unner dokke, enn misunner dokke, å bu på vakre "Utsikten"! Johan, Ida og Sina kunne neppe fått betre stad å vekse opp.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!