Fleire i min nære krets har nettopp fått sin fyrste baby, eller er fyrstegongsfødande om ikkje så lenge. Det verkar så lenge sidan eg sjølv var i den sitasjon, og som mor til tre kan eg ikkje noko for at eg nok kjenner meg som ei lita Klara Klok. Gode råd kjem som perler på ei snor, både når det er naudsynt og ikkje. Eg synest det er viktig å av og til ta seg ta seg tid til å tenkje attende på dei gode og heilt unike dagane ein opplevde som fyrstegongsmor.
Noko av det som står sterkast i mitt minne er kjensla av å eksistere i ei boble. I bobla var det ikkje plass til andre enn mor, far og verdas mest fantastiske baby. Medan vi budde i bobla var få ting prioriterte: vi åt, drakk, sov, trilla tur og dusja ein sjeldan gong. All vår tid gjekk med til å kose med den nyfødde, pludre, dikke og prise kvarandre lukkelege for å kunne kalle oss foreldre til eit slikt vidunder. Vi tok imot gjestar, gjekk på besøk og var på butikken for å handle - men det einaste vi hugsa var at babyen hadde smilt, endeleg hatt bæsjebleie, vore flink å få opp rap eller sove i vogna under heile handlerunda. For vår del levde vi to månadar i denne bobla. Det seier seg sjølv at det vart litt annleis då nr. to kom. Vi prøvde så godt vi kunne å finne bobla, det var berre at no skulle fleire ha plass der inne og det vart difor ikkje heilt det same. Vi gjorde det beste ut av det, og når vi ser tilbake hugsar vi ei lukkeleg tid med mykje kos.
Så kom tredje vidunder inn i livet vårt, og det var då at eg som mor måtte innsjå at bobla mi sprakk. Med eit stort smell gjekk ho sund og vesle Sina måtte slenge med på alt eg var med på. Berre ti dagar gammal var ho med på å uteksaminere 10. klassingane mine. Dagen etter var ho med på sitt fyrste kommunestyremøte, og sidan har det gått slag i slag. No er ho sju månadar og har sikkert vore med på meir enn 40 møter, valkamp, mange korøvingar, skuleavslutningar, barnehagefestar og alle andre kvardagslege ting som opptek oss. Har ho fått ein dårlegare start enn dei andre to? Neppe. Har ho på nokon måte vorte skadelidande? Heilt sikkert ikkje! Så lenge born får omsorg og kjærleik kan dei gjennomgå det meste. Til trass for at bobla mi sprakk, så har erfaring og alder gjort meg betre rusta til å til å takle familielivet utan noko form for beskyttelse.
Eg vil likevel råde fyrstegongsforeldre til å finne seg ei boble. Bruk kvalitetstid i bobla og bu der så lenge de treng - sjølv om fornufta fortel dykk at kvardagen ventar der ute. Nyt dagane og kvarandre; det vesle livet de har skapt treng kun ein ting: omsorgfulle foreldre med kjærleik i blikket!
Fantastisk! Ingen kan få sagt det som du!! Skriv bok!
SvarSlettHelsing Linda og nyvåkna Sannah, som stortrivst i bobla:)
Heisann! Her har det skjedd ting kvar gong eg er innom. Kjekt å lese. Kanskje bobla er evna til å vere til stades der ein er, og ikkje fleire stader på ein gong? "Ammetåke" er vel eigentleg ein fantastisk ting som gjer at vi fokuserer veldig på den som treng det mest akkurat der og då?
SvarSlett