Dei som ventar seg ei romantisk historie om to som har funne kvarandre, vil raskt verte skuffa og kan like godt stanse lesinga her. Dette handlar om ein annan kjærleik. Kjærleik til farge.Kjærleik til estetikk. Kjærleik til kvalitet.
På ferietur i Danmark var det så utruleg mange flotte kle å få kjøpt… Og så gir det ei ekstra god kjensle når alt er kjøpt på tilbod og at frøken midtimellom er så utruleg takksam!
Denne Noa Noa-kåpa er forøvrig kjøpt på “Kle og Kaffi” i Volda. Den var utruleg fin på, og så likte frøken midtimellom så godt mønsteret.
Jakka har eit fòr som ein kan knappe av. Når det vert kaldare i vèret er det berre å knappe det på igjen! Jakka er både vindtett og vassavstøytande.
Ein “tunikakjole” vi kjøpte i Danmark passa så godt under jakka.
Skjønne detaljar og fine knappar.
Tilbehør er viktig, og i NoaNoa-butikkane kan dei seg med dette! Ei stripete strømpebukse matchar mykje av det snuppa har i klesskapet.
Bileta av desse kleda er tekne på låvebrua vår, og låvedøra fekk vere bakgrunn. Er kjekt å eksperimentere med ulike måtar å ta bilete på!
Ei bukse av det danske merket Freoli, let seg lett kombinere med NoaNoa-plagga.
Endå ei Freoli-bukse med artige detaljar. Også desse passar fint til Noa-Noa-tunikaen.
Ein sommarleg topp til minstesnuppa.
Skal tru kva gamle onkel Johan hadde sagt om han visste at låvedøra hans vart brukt som viktigaste ingrediens i min lille fotoshoot! Tvilar på løa har vore dekorert med danske desingkle før!
Mix og match – heilt etter min smak!!!
Gler meg forresten til at det skal opne ein ny barnebutikk i Volda, med kle, leiker, utstyr og mykje meir.
Trur det vert kjærleik ved fyrste blikk når eg besøker denne butikken òg…
Eg gler meg til butikken opnar og er stadig innom butikkbloggen for å få med meg siste nytt! Begge dei to siste bileta har eg lånt frå sida deira.
PS! Dette vart sikkert eit litt langtekkeleg klesinnlegg, men eg gjekk litt berserk med fotoapparatet og berre måtte ha med alle desse bileta…… Reknar med du klikka deg raskt vidare til ein annan blogg om det vart for trasigt….