tirsdag 19. juli 2011

Piknikk i verdens vakraste fjord!

Vi pakka nistekorger sjølv om dagen bar bod om regn. Køyreturen gjennom vill og vakker vestlandsnatur fascinerer oss like mykje kvar gong.

IMG_0842 copy

Det er ikkje Geirangerfjorden eg snakkar om. Den er vill og vakker den òg, men ikkje som Hjørundfjorden. Det er lys i vindauga i Hjørundfjorden. På det minste nes og i dei brattaste høgder ser ein liv. Kvar dag er det nokon som vaknar der, andar der, kviler der og legg ned arbeidet sitt der.

Så urøyvd, så vakker, så trollsk…

IMG_0966

Vi køyrde til Bjørke og vidare til Leira. Å sitje under høge fjell, ved verdens vakraste fjord og sjå dei ville fossane slyngje seg ned fjellsidene gir ei fantastisk ramme for ein piknikk  - til trass for litt regn!

IMG_0973

Søvnruskne ungar hoppa glade ut av bilen då vi var framme. Sjeldan har vel mamma sine vafler smakt betre!

IMG_0979

Til dessert kosa vi oss med pasjonsfrukt! Den eksotiske frukta passa godt til dei flotte omgjevnadane!

IMG_0986

Etter at vi hadde ete køyrde vi tilbake til Bjørke gjennom tunnellen og var på kunstkafè. Der var det deilige kaker og vakkert handverk! Det gjorde godt med ein kaffi etter all den gode maten vi hadde med. Biletet over viser utsikta frå kafèen! Noko meir vakkert må ein leite lenge etter…

Kvar gong eg er i Hjørundfjorden, til lands eller til vanns, så tenkjer eg på Marie Takvam, ein av mine absolutte favorittdiktarar. Ho vart fødd i Hjørundfjorden ein vèrhard desemberdag i 1926, flytta seinare til Oslo og døde der i 2008. I 2003 vart ho utnemnt til “Årets festspeldiktar” under Dei Nynorske Festspela. Då song koret mitt under opninga og eg fekk gleda av å lese hennar eigne dikt til henne. Å stå rett framfor lyrikaren som eg såg slik opp til, og sjå kor tårenen trilla då eg las dikta hennar, var ei stor og sterk oppleving.

IMG_0992 copy

Til grana mi

Når alt er stilt rundt oss,

peikar du mot stjernene.

Du står der rak i ryggen

og får meg til å sjå mot deira lys.

Men når kulingane kjem,

peikar du slik dei vil -

stundom mot vest, stundom mot aust -

mot nord og syd.

Då er du hjelplaus liksom meg sjølv.

Og når stormane hiver seg over deg,

peikar du mot jorda.

Men du har ikkje brotnna.

Du reiser deg etter stormar

og peikar mot stjernene.

Marie Takvam

søndag 17. juli 2011

Late dagar…

For å lukkast med sommarkjensla må eg og familien:

  • nyte dei late, gode dagane når vi kan
  • vere ute og “leike sommar” sjølv om det regnar
  • ete sommarmat som luktar sol og varmegrader
  • ligge i solstolane uansett vèr

IMG_9625 copy

  • vi må planlegge neste års sommaraferie
  • ha solkremen klar dersom sola kjem
  • vakne kvar morgon og tenkje at “i dag kjem kanskje sola”!
  • bruke sommarkjolane sjølv om vi får gåsehud

…og vi må tenkje at det er leeenge att av sommaren….

Kva må du gjere for å få sommarkjensle???

lørdag 16. juli 2011

…om interiørkamuflasje og ville orkidèar!

Det er no ein gong slik at stova er like mykje ungane sitt som rom, som det er mitt rom. Eg må ha litt nips og naps rundt meg for å trivast der, nokre gode blad, favorittboka mi, eit strikk og stearinlys. Masse stearinlys. Ungane vil ha spela sine, DVD’ane, Playstation, Nintendo og andre duppedittar innanfor rekkevidde. Sistnemnde artigheiter har stort sett vorte liggande å flyte litt overalt; utan system og utan orden. Til slutt kjøpte eg ei korg som dei kunne putte alt i (om som sjølvsagt passa inn i interiøret, hi, hi…).

IMG_0947

Eg var likevel ikkje nøgd.. Det såg framleis uorganisert ut og vart fort rotete.

 Men så….

IMG_0941

Eg la over eit strikkapledd (ikkje heimelaga…) og då ser det plutseleg ut som om eg har ei korg full av mjuke, gode tepper! Ungane plukkar ut det dei vil ha og slengjer på att teppet!

IMG_0932 copy

I går kom ungane heim etter å ha vore på hytteovernatting i lag med besteforeldra og frøken snupp kom sjølvsagt heim med blomar i handa! Sjå dei nydlege orkidèane dei hadde funne! Desse veks vilt i skogen og eg er ikkje sikker på kva som er det eigentlege namnet deira. Men så utruleg nydeleg….

IMG_0938 copy

Dei får stå på skjenken i stova i lag med dei andre blomane ho hadde plukka.

Heilt på tampen har eg eit lite tips til alle som har blomsterplukkande ungar; kjøp små, billege vasar som du kan putte blomane i. Av erfaring veit eg at stilkane ofte er korte og då må ein ha noko som er lite nok. Du kan også bruke glas frå babymat, tomatpurè, små sylteglas etc. Uansett; ta godt vare på desse blomane som har vorte plukka med store mengder kjærleik, stort engasjement og masse barnleg glede!

fredag 15. juli 2011

I’m in love with KOKO ♥

I dag er det tid for litt ønsketenking på bloggen, for eg er rett og slett

swept off my feet….

Eigentleg er eg ikkje så glad i slike “sjå kva eg har kjøpt”-innlegg eller “sjå så masse fint det er i butikkane”-innlegg, men Arabia sine KOKO-koppar er så nydelege at eg rett og slett unner dei litt bloggplass!

Koko copy

Designet, kvaliteten og fargane gjekk rett heim med meg! Eg har mykje Arabia i skapa mine frå før og er veldig glad i dei tidlause og klassiske linjene. KOKO-koppane passar godt inn i lag med dei Arabia-godbitane som er i skapet mitt!

koko1 copy

Trur jammen eg veit kva eg skal ynskje meg til bursdagen min i år!

onsdag 13. juli 2011

Når naboane ikkje er heime…

…nyttar vi høvet til litt snikfotografering og lån av trampoline! Naboane er rett nok bror min og svigerinna mi med familie, så då har eg litt betre samvit for at vi tek oss til rette!

IMG_0756 copy

Det er forresten heilt fantastisk å ha fått slike naboar! Barnetalet har dobla seg og det er liv og røre opp i bakkane her vi bur! Eg har spøke med at vi må lage oss eit skilt og setje opp bort i vegen, med teksten “Bråkmakargata”. Er det nokon som veit kven som lagar slike “gateskilt” som ein kan få kjøpe? Eg blir kjempeglad om eg får respons på det!

IMG_0783

Vi skvett til like mykje kvar gong det går i døra og ei smilande blid tantejente står i gangen og lurer på om vi er heime! Vi har ikkje vore vane med at folk “berre dukkar opp” her oppe… No ventar vi berre på at syster mi med familie skal få starte bygging i det nye, planlagde feltet rett ned om steingarden vår!

“En familie som holder

sammen, er

uovervinnelig.”

- Bjørnstjerne Bjørnson -

IMG_0801

Huset dei har bygt seg er eit skue for seg sjølv. Det som er innan for dei fire veggane skal få vere privat, men eg har altså sneke meg til nokre utebileter i dag! I dag fekk støvlane kvile seg under det heimelaga utebordet (som kanskje får ein eigen presentasjon i eit innlegg seinare, om snekkaren tillet det, he, he…).

IMG_0799

Det er duse lilla og grå detaljar som går att både innandørs og utandørs. Nydeleg, rett og slett…

IMG_0800

Dette biletet har eldstemann teke frå terrassen deira. Tenk å tilbringe kvart einaste ledige sekund i ein deilig solstol her…

No håpar eg at tilgjeving er lettare enn tillatelse, hi, hi!

I alle fall; takk for titten L og F ♥

Ein heilt vanleg kveldstur…

…på den heilt vanlege ruta…

IMG_10638

…resulterte i noko heilt uvanleg, uventa og utruleg fascinerande!

IMG_0657

Denne mannen, som eg skal skrive litt meir om seinare, stod der med sitt blide åsyn – midt i ein fotoshoot (bak kamera) – og hadde tid til vesle meg! Eg, med alle mine spørsmål og all mi nysgjerrigheit! Han gav gode råd og viste meg ein album med arbeidet sitt!

Ein heilt vanleg dag vart avslutta på ein heilt uvanleg måte….

Fantastisk!!!

mandag 11. juli 2011

Når regnet trommar mot ruta…

…må vi ha alternative aktivitetar ein sommardag. Då er det deilig å kose seg inne med ein kosleg film på TV medan mamma tuslar og ordnar.

IMG_0348

Ein liten fe besøkte oss visst denne dagen!

IMG_0345

Det drømmer et regn mot ruten,
en stille, unnselig larm
av vannet som varsomt lister
seg ned langs min vinduskarm.

Andrè Bjerke

søndag 10. juli 2011

Tenk om eg var ein grøn ballong…

Frøken snupp fann ein ballong i strandveska. Ein grøn, stor ballong som ropte etter å verte leika med. IMG_0454

Tenk om eg kunne vere ein grøn ballong, mamma. Mamma bles den opp så godt ho kan. Må knyte godt att slik at lufta ikkje forsvinn.

IMG_0453

Vi må halde godt fast, mamma. Tenk om den flyg vekk med vinden! Eller kanskje den seglar til havs og så ser vi den aldri igjen! Frøken snupp held så fast som ho  berre kan. Det er vanskeleg å balansere på fjøresteinar samstundes som ein er ballongpassar.

IMG_0457

Eg tek den med meg på ein liten tur, mamma! Eg lovar å vere forsiktig! Med nakne føter spring ho som ein røyskatt over steinane. Nokre steinar vaglar litt, men dei små føtene spring lynkjapt vidare til neste.

IMG_04641

Eit vindpust snappar ballongen ut av hendene hennar. Den flyg eit lite stykke før den landar på sjøen. Storesyster må vasse ut og redde den. Frøken snupp blir kjempeglad og klappar begeistra frå steinen ho sit på.

IMG_0467

Kva ville du ha gjort dersom du var ein ballong, lurer mamma på. Då hadde eg hatt lyst til å flyte på sjøen til ein plass der det alltlid er sol, svarer ho. Ballongen er i trygg forvaring i famnen hennar. Ho kikar litt på den før ho brått og uventa kastar den ut på sjøen att. Eg trur ballongar likar best å få flyte dit dei vil, seier ho og kastar eit slengkyss med vinden!

lørdag 9. juli 2011

Fantastisk bloggedame med fantastiske idèar!!!

Fyrst og fremst: TUSEN TAKK for strålande kommentarar på forrige innlegg! Det er artig å sjå at mange kjenner seg att i både det eine og det andre…. Og medan eg er i gong med takksigelsar; TUSEN TAKK til alle som kom med gode råd då eg ikkje klarte å legge att kommentarar på andre sine bloggar. Det var altså nok å fjerne markeringa på “Forbli pålogget” og VIPS – så klarte eg å kommentere att!

I dette innlegget vil eg kome med ei ♥-leg  blogganbefaling! Eg har lese bloggen hennar lenge og likar veldig godt stilen hennar. Ho imponerer meg med bileta, idèane og måten ho skriv på. i det siste innlegget hennar viser ho oss ein super, enkel og billeg idè som eg har fått lov til å dele med dykk!

Moccamamma1

Vi er sikkert mange som har hatt lyst på ukeplan.no sine vekeplanleggingstavler. Her i huset stoppa det heile på fornuft og pris. Eg hadde veldig lyst på den, men var uviss på kor mykje eg kom til å bruke den. Har difor fundert på rimelegare alternativ til eg klarer å bestemme meg. Då eg kika innom Moccamamma med bloggen “Vanilje, kaffi og krem” i dag, såg eg ei fantastisk god løysing på dilemmaet mitt!

Moccamamma

Ho har rett og slett tatt ei hobbyplate ho har hatt liggande og beisa den. Så har ho utstyrt den med diverse duppedittar til å henge opp hugselappar, vekekalendar og andre “hugse på”-ting! Utruleg kreativt og flott, ikkje sant??? Dette skal eg jammen meg prøve! TUSEN TAKK for tipset, Moccamamma!!!

Moccamamma3

Dei som har følgt bloggen min ei stund veit at eg likar godt “prikken over i’en”-detaljar! Moccamamma har eit kjempekosleg hus, men dette hjørnet på kjøkkenet hennar tek kaka! Har du sett noko så flott???

Eg vil verkeleg anbefale å ta turen innom Moccamamma sin flotte blogg!!! Du vil like å kose deg med denne til morgonkaffien i dag!

God laurdag til alle!

PS! Alle tre bileta er tekne av Moccamamma og eg har fått lov til å låne dei!

torsdag 7. juli 2011

PIP meg her og PIP meg der – eit blogginnlegg om “typisk bloggedamer”!

Eit kort, men interessant besøk i ein “interiør-aktig” butikk for ei tid tilbake, resulterte i overhøyring av nok ein interessant samtale (du finn ein annan fantastisk, overhøyrd samtale her). To gode venninner, kledd i rosa og kremfarga shabby chic-kle gjekk rundt og kika i butikken.

IMG_0473

Dame 1: “…og så har du dette PIP-serviset. Det skal eg i alle fall ikkje ha! Alle bloggar eg les har slikt servise. Typisk bloggedamer å alltid skulle ha det same!”

Dame 2: “For ikkje å snakke om alle sink-duppedittane dei absolutt skal ha! Og alle dei gamle og øydelagde møblane dei dreg i hus! Ikkje sant du har sett det? Dei set ein gammal stol på kjøkkenet og så sleng dei over eit illeluktande saueskinn, og VIPS så har dei liksom skapt bloggmote"!”

Dame 1: “Nei, takke meg til vanlege møblar som ikkje luktar gammalt. Og har du sett alle desse skilta dei heng rundt om kring i husa sine?”

IMG_0476

Dame 2: “Ja, det blir liksom litt for mykje av det gode når absolutt alle har slike skilt og heng dei på akkurat same plassane. Men har du fått med deg om det er heilt ut med Green Gate, liksom? Eg har nokre raude koppar med kvite prikkar i skapet, kjøpte dei då “alle” måtte ha Green Gate. Har faktisk aldri brukt dei. Og då eg fann ut at alle andre også hadde dei, då skulle eg i alle fall ikkje bruke dei.”

Dame 1 (medan ho står og beundrar eit sink-skilt): “Ja, desse bloggedamene trur liksom at dei kan sette standarden for korleis alle vi andre skal ha det i husa våre (ho legg sink-skiltet på disken og seier til dama i kassa at ho skal kike litt til før ho betalar). Og så har du denne shabby chic-stilen med blondedukar, rysjer og madonnaer overalt. Det vert jo nesten som å bu på eit museum!”.

Dame 2: “Og så skal liksom alle photoshoppe bileta sine. Alt vert likt! Uansett kva blogg du kikar på, så ser du på ein måte same bileta! Litt duse, grå-aktige og glinsande. Eg har aldri fått det til. Har sikkert ikkje godt nok kamera.”

IMG_0484

Dame 1: “Ja, eg skal i alle fall ikkje ha “bloggestilen” heime hos meg! Nei, takke meg til å ha det slik som eg likar det og ikkje slik dei såkalla interiørbloggarane meiner eg skal ha det!”

Dame 1 betalar sink-skiltet sitt og slenger like godt litt phukka-te, eit sink-fat, nokre duftlys og eit stort pyntehjarte med tekst på opp i posen.”Nei, vi må ikkje slenge oss på alle desse trendane som interiørbloggarane skaper!”

Dame 2 seier seg heilt samd med dame 1. Med dei shabby chic-aktige klea sine seier dei takk for handelen til dama i kassa og ruslar mot utgangen. “Trur du eg får tak i PIP-serviset ut i bya? Dei er i grunnen litt fine… “, seier dame 1 i dèt dei forlet  butikken.

IMG_0472

Eg blir ståande og smile for meg sjølv medan dobbeltmoralen og ironien heng tjukt i lufta! Eg veit ikkje om du les ironien på same måte som meg, men eg morar meg i alle fall kosteleg over slike samtaler!

Ja, ja, eg er nok ikkj ei “typisk” bloggedame, for PIP-servise har eg ikkje! Den vakre koppen på biletet er det næraste eg kjem! Koppen vart funnen på ein dumpingplass for skrot i ein skog for mange, mange år sidan. Porselenet er så tynt at eg ikkje tør å bruke den, så den får stå til pynt i ei hylle på kjøkkenet!

Ha ein strålande dag, anten du er ei “typisk” bloggedame eller ikkje!

PS! Både dame 1 og dame 2 såg utruleg snille og kjekke ut!

tirsdag 5. juli 2011

Mal meg ein blå himmel…

Fyrste solskinsdagen etter vekesvis med skodde og gråvèr – og vi har heile badestranda og skjæret for oss sjølve!

IMG_0360

Ein og annan båt som tøffar forbi, måsar som kranglar om dagens fangst, klukking i fjøresteinane og frydefulle kvin frå glade born som endeleg får lov å bade!

IMG_0364

“Mamma, eg har fanga ein krabbe! Det kitlar i handa mi!”. Eller er det sola du har fanga, vennen min?

IMG_0465

Kva meir skal til for å gjere kvardagslukka fullkomen? Vi er takksame for lite – heldigvis! Nokre kjærkomne timar med sol, og vi har gløymt alt det dårlege vèret. No håpar vi på reprise i morgon! Solstolane er klar, nista er planlagt og badedraktene snart klare til bruk igjen ♥♥♥

mandag 4. juli 2011

Trøbbel med blogger…….

No er det faktisk to veker sidan sist eg klarte å legge att kommentarar på andre sine bloggar. Det ser ut til å vere heilt uråd å få det til!

IMG_9769

Når eg skriv kommentar og prøvar å publisere den, så får eg beskjed om å logge meg inn. Sjølv om eg loggar meg inn, får eg ikkje publisert kommentaren. Einaste måten eg kan kommentere på er om eg gjer det som anonym.

IMG_9784

Er det andre som har opplevd det same??? Kan nokon vær så snill å kome med velmeinte og gode råd? Eg er ikkje heilt tapt bak ei vogn når det gjeld data, men dette klarer eg altså ikkje å fikse sjølv…

På førehand TUSEN TAKK!!!

søndag 3. juli 2011

Låvefest ♥

Min kjæraste Terje fylte 40 år i går og på svært korst varsel bestemte vi oss for å feira han med fest på låven!

IMG_0185

To dagar med dugnadsarbeid var det som skulle til for å rydde og pynte låven. Med god hjelp forvandla vi den gamle låven til eit flott festlokale!

IMG_0220

Ungane klipte bokstavar og vimplar, plukka blomar og rydda ute.

IMG_0212

IMG_0199 IMG_0203

Borddekkinga var enkel, men stilfull; kvit papirduk med glansa overflate, fat og serviettar i turkis, blomar frå hagen og ugras frå slåttemarka og enkle lyslykter.

IMG_0243

Det var dekka og duka til 25 personar. Alle fekk god plass, alle fekk god mat og alle fekk rikesleg med underhaldning i løpet av kvelden!

IMG_0267

Gjestane mingla på låvebrua med Fresita i glaset medan vi venta på at all maten skulle verte klar. Så utruleg godt å kunne vere ute utan at det regnar…

IMG_0266

Medan jubilanten spretta champis og ynskte gjestane velkomne…

IMG_0269

…var minstemor meir oppteken av å spele golf med små konglar!

IMG_0282

Mi flotte veslesyster hadde laga mykje av den gode maten! I tillegg til reker var der mykje spennande småmat å kose seg med.

IMG_0284

Så utruleg kjekt å sitte til bords med den fantastiske storfamilien vår! Små og store kosa seg i lag. Alt var lagt til rette for at også dei små skulle få ein fin kveld og feire papsen og onkelen sin.

IMG_0294

Dei minste gjestane måtte tidleg til køys, men måtte sjølvsagt halde eit forrykande danseshow før dei sa god natt!

IMG_0322

…og medan julikvelden gjekk inn i historia som ein av dei vakraste kveldane denne sommaren, heldt gjestane på låven fram til ut i dei små timar.

“Den største gaven en

far kan gi sitt barn,

 

er seg selv”

- Hana Ali -

♥♥♥

Tusen takk for alt du gir, alt du er og alt du gjer, kjæraste Terje vår!!!

lørdag 2. juli 2011

Førti og fantastisk!!!

I dag blir det stille på bloggen. Min aller kjæraste fyller 40 i dag og storfamilien er samla for å feire jubilanten med skikkeleg låvefest!

Bursdagspappa

♥♥♥

Kanskje det kjem nokre sneak peaks av den festpynta låven i løpet av dagen! No skal eg og jentene sørge for litt grønsåpelukt og så skal vi ut og plukke markblomar å pynte med!

Gratulerer, kjære Terje!!!