Eg kunne ha kjøpt meg eit tre og planta det i eigen hage. Det skulle vere ein vrihassel; Corylus Avellana Contorta. Men vrihasselen veks så seint. Eg har ikkje tid til å vente. Eg vil ha greiner inn i hus heile året. Då er det fint at ein kan kjøpe seg slike greiner i butikken. Dei nakne, vridde greinene er så dekorative. Litt underlege og spennande.
I dag kasta eg siste rest av juleplantene. Litt synd, kanskje, for dei var både vitale og fine. Men det er ei tid for alt. Og akkurat no er det tid for det lyse. Det luftige. Det som lokkar fram våren og sola og varmen.
Eg hadde i grunnen pålagt meg sjølv kjøpestopp ei stund framover, men desse flotte urnene stod og ropte på meg på Kid i dag. Raud lapp og halv pris er gjorde det sjølvsagt litt lettare å ta dei med seg bort til den hyggelege dama bak disken!
Sjølv om eg lengtar etter vår, så veit eg så inderleg godt at det framleis er vinter. Vi skal framleis gjennom perioder med mykje snø og nedbør. Det skal framleis vere kaldt. Då ventar eg litt med å leite fram vårfargar og pastellar. Hos meg er dei naturlege fargane som får råde ei stund til.
Og når det kveldast ute, tenner vi stearinlys og gler oss over den gode og varme stemninga.
Korleis førbur du deg til vår og lysare tider?
God laurdagskveld til alle!
Stilig pynt!
SvarSlettEg har planta ein trollhassel/vrihassel i hagen. Han veks sakte, men tida går fort ...
Har du sett så vakre krukker, det var eit kupp!! Blir godt med vår, men er redd for å lengte etter den for tidleg.. No først gledar eg meg til å kjøpe dei første små løkblomane. Perleblomar... Blir fint å få i hus og på trappa :)
SvarSlettFlotte krukker Tove!! De ville passet fint hos meg og i grunn.... ;) Jeg er så glad i trollhazzel selv, vi pleier å ta med oss noen grener fra Danmark når vi er der, siden naboen til de vi besøker har et gigantisk tre i hagen! Her hjemme kan de fort bli litt dyre synes jeg. Fordelen er jo at de varer for alltid om man er forsiktig med de :)
SvarSlettØnsker seg en flott uke!! Klem Merethe