fredag 27. januar 2012

Gammaldags og traust, eller grønt og nostalgisk?

Eg har lenge vore på jakt etter gammaldagse planter. Det er langt mellom desse plantene i blomsterbutikkane no til dags. Eg kunne sjølvsagt ha knipe av avleggarar når eg er på besøk med folk som har dei plantene eg er på jakt etter, men er ikkje det litt frekt då?

grøn glede

Mormora mi sa at beste plantene fekk ein av avleggarar som ein “stjal” frå andre. Eg veit ikkje om det stemmer og eg veit heller ikkje om mormora mi verkeleg tok avleggarar i all løyndom når ho var på kaffibesøk med andre. Uansett, så har eg altså vore på jakt etter desse plantene som har vore “ut” i lange tider.

grøn glede1

Nokre planter har eg funne på Plantasjen og nokre hos min lokale blomsterbutikk. Men då måtte eg leite lenge. Planta på biletet over hang på til tilbodsstativ på Plantasjen. Og den var verkeleg billeg. Sikkert fordi ingen ville ha den… Planten heiter visst Vandrande jøde og eg kan hugse at tanta mi hadde mange slike (trur ho har det enno, forrsten!). Når dei står i vindaugskarmen i sollyset ser dei grøne blada så friske og saftige ut!

grøn glede2

Mor med barn på fang er så absolutt finast når blada får henge rett ned. Eg har den i ein glaskarm og må snurre den nokre gongar rundt blomsterpotta fordi den er så lang.

grøn glede3

Planten på biletet over veit eg ikkje kva heiter – kanskje blogglesarane min kan hjelpe meg??? Den veks i alle fall villeg, sjølv om den ikkje alltid har fått vatn når den vil….

grøn glede4

Det beste med desse gammaldagse plantene mine er at dei er så lettstelte. Dei blir glade når dei får vatn i ny og ne, dei strekkjer seg etter sollyset og veks for kvar dag. Og om dei skulle tørke heilt ut, går det ikkje lenge før ein skvett vatn får dei til å ranke seg att!

Har du gammaldagse planter og korleis skaffar du deg dei?

5 kommentarer:

  1. Du får ta nokre stiklingar, sette dei i potter, gi dei vekk og sjå kva som skjer! ;-) Slike plantar går gjerne runder i venninneflokkar. Og døyr morplanten, får du ein ny.
    God helg!

    SvarSlett
  2. Ikkje er du ut nei, da er eg like ut eg og. Savner og disse gammeldakse plantene.

    Nei da mormora di gjorde noe som vi alle gjör trur eg, stjel avleggera. Så det er ikke forbudt. Du kan ju spörje da, om du er usikker. det gjör eg.
    Håper du får tak i dine planter nå.
    Klem fra Synnöve.

    SvarSlett
  3. Kjempefine planter :) tror du har grønne fingre, du :) har vel ikke så mange gammeldagse planter. Har ikke så mye planter fordi jeg ikke er så flink til å passe på dem :)

    SvarSlett
  4. Stiklingar skulle i følge mi bestemor også stjelast, men sjølvsagt må ein då fare fint åt så ein ikkje skadar planta. Eg har vel aldri stjelt ein stikling, men fått dei, men det har gått heilt fin likevel;) Har hatt både gamle pengetre, vandrande jøde og div anna, men no har eg kun eit lite pengetre og mor og barn eller hjerteranke. Ønsker meg fleire gamle slike planter, huska farmor hadde ei bregne der det vaks små avleggarar i form av minibregner på blada, den kunne eg tenkte meg. Sitronverbena, eller sitrongeranium har eg og lyst på, den duftar sitron når du ristar i den, blei brukt på sjukehus i gamle dager for å døyve vond lukt(det var nok litt mindre reint der enn i våre dager). Kunne gjerne tenkt meg ein avleggar av den planta du ikkje veit kva heiter, synes den er veldig fin:) Skal finne ut om mamma har noko spenande, så kan du få noko anna i bytte om du vil.

    SvarSlett
  5. Frå vår til haust har eg Dronning Ingrid-pelargonia i vindauget. Dei formeirar eg sjølv ved å ta stiklingar tidlig om våren. Veldig enkle. I jula har eg raude blomar som daudar i januar og i vintermånadane har eg glaskarmane fulle av stygge plastpotter med frø og jord. Og då var vel heile året dekka :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!