onsdag 19. oktober 2011

Haustfargejakt!

Det er så fristande å vere ute og nyte den lave haustsola, særleg når ein heller burde ha vore inne og gjort husarbeid og laga middag.

IMG_3826

Det går slettes ikkje an å kaste vekk fine haustdagar (vi har ikkje hatt for mange av dei…), tenkte eg og Sina, så vi gjekk like godt ut og leitte etter haustfargar!

IMG_3814

Ei grå og værbitt korg med vintergrøn busk og skjønne, kvite steinar. Frøken snupp pynta så fint med ein hestesko.

IMG_3818

Så fann ho ei gammal, grå kasse med lilla røsslyng og konkluderte fort med at dette heilt klart var haustfargar! Vi har fleire slike kasser her på garden og så sant dei er i rimeleg bra stand, får dei opptre som prydobjekt med jamne mellomrom.

IMG_3820

Den lave haustsola varma godt, og minstesnuppa brukte like godt lua til å samle hyllebær. Varme og gode fargar…

IMG_3844

Hyllebæra vart med inn og fekk vere pynt på toppen av ei grå boks!

IMG_3859 copy

Til slutt kosa vi oss med å lage flotte bileter av fargerik tape!!! Frøken snupp meinte det var haustfargar der òg!

Vi hadde ein kjempekjekk ettermiddag på haustfargejakt! Husarbeidet gjekk ikkje sin veg og vi fekk ekstra påfyll til å klare å få det unna!

Det er altså grått og lilla som er haustfargane her hos oss.

Kva er din favorittfarge i haust?

5 kommentarer:

  1. Nydelige fine bilder hos deg...
    Hos meg er vel brunt og begie...ja og selvfølgelig blått da..mine farger i høst

    Fin kveld til deg

    Klem

    SvarSlett
  2. Nydlege bilder Tove og kleda til Sinamora såg berre heilt uttruleg gode og praktiske ut. Min haustfarge er i oransjetonar frå beige til brunt via oransje....men lilla lyng prydar krukka på trappa:-))

    Ha ein flott haustkveld og klem

    SvarSlett
  3. Nydelige bilder og farger, spesiellt på de flotte klærne til ei skjønn frøken!
    Høsten er vakker!

    Mine høstfarger... mmm....
    - jeg er fortsatt like glad i brunt og blått, men har fått øynene opp for grå - er jo så mange variasjoner :)

    nattaklem

    SvarSlett
  4. Fine haustdagar må me nyte i fulle drag :)

    Eg er veldig glad i fargen som er på røsslyngen.
    Eg er også glad i det varme fargespelet me ser om hausten, slik som bruntonar frå mørkbrun via rust og heilt til lys besj iblanda grøntonar, gult og raudt.

    God hausthelg :)

    SvarSlett
  5. Nydelig bilete av Sina. Du er så flink til å ta bilete. God helg gode du:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!