mandag 24. oktober 2011

Bursdagskalas!

Eg er så absolutt ikkje ein “åh, så kjekt det er å pynte kaker”-person.  Heller ikkje ein “oj, så flink eg er til å pynte og lage supersøte, små, kaker og muffins”-person. Men då frøken midtimellom hadde bursdagsselskap måtte eg lage litt søtmat likevel.

Med hektiske dagar må ein køyre litt safe. Mi erfaring er at det sjeldan er populært å prøve seg på nye og “rare” kakeslag som 9-åringen har panikk for at ingen skal like. I går hadde ho stort jenteselskap og frøken Ida hadde bestilt brownies. Då laga eg ei svært enkel brownie (som du finn oppskrifta på her), strødde på hakke daim før steiking og pynta med Hummingbird Bakery sin frosting (oppskrifta på du i lenkja over).

IMG_3978

Når ein er 9 år er ein nesten  ferdig med “alt må vere rosa”-perioden alt vart pynta med turkis og sølv! Eg skulle heilt sikkert ha servert cakepops og andre superpopulære bakverk, men eg hadde verken tid eller ferdigheit til å eksperimentere!

IMG_3967

Og så laga vi risbollar. Eg har faktisk aldri laga det før, men 9-åringen meinte at alle likte det og at vi så absolutt måtte servere det! Grunnen til at eg aldri har laga dette før er at eg har eggeallergikarar i hus og er difor skeptisk til all mat som har ubehandla egg i seg (når egget verken er steikt eller kokt)  og fordi eg ikkje er så stor tilhengjar av Delfiafeitt. Risbollane fekk i alle fall bein å gå på, så dei var heilt sikkert gode nok! Som de ser nyttar eg ikkje ikkje ein gong muffinsformer med fancy papir! Her går det i basic white frå Kiwi!

IMG_3956

Nokre av browniebitane vart pynta med seigemenn. Denne gongen vart kaka akkurat så seig og klissete som den skal vere! Eg likar godt å skjære slike søtbomber opp i små serveringsbitar og så pyntar eg kvar bit til slutt. Det er mykje meir delikat å servere kake slik, synest eg!

IMG_3962

Kanskje eg er litt pysete som køyrer så safe som dette. Problemet er berre at eg etter kvart kjenner så utruleg mange fantastiske kakebakarar, t.d. Anne Brith i Villa Perlesukker. Ein kan nesten få prestasjonsangst når ein ser kor mange gode kaker dei klarer å trylle fram! Men eg har lovt meg sjølv å prøve, for det skal visst ikkje vere så vanskeleg. Anne Brith er i alle fall superflink å forklare, så då kan det hende eg dristar meg til når eg berre får tenkt meg litt om… Kanksje skal 4-åringen få cakepops når ho blir fem neste år ein gong. Eller kanskje er det noko anna som er “in” på bursdagsmat-fronten då? Enn så lenge så får det halde med det eg taklar bra og som eg veit ungane likar.

No har vi feira den flotte, snille og gode 9-åringen vår i to dagar til ende. I går var det venninneselskap med god mat, søte kaker og disco på låven. I dag var det familie og gode vener. Vi åt sjølvsagt restar frå i går, men så hadde eg laga sveler i tillegg. Eg trur sveler må vere ein av sunnmøre sine nasjonalrettar. Kven har vel ikkje høyrt om MRF-svela? Eg har ei fortid som svelesteikjar på ei ekte sunnmørsferge, så når det vert laga sveler her i huset er det sjølvsagt den oppskrifta eg brukar! Dersom du har lyst til å prøve deg på sveler, kjem det sveleoppskrift på matbloggen min i morgon!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med niåring!
    Det kjente er det tryggeste og det beste er visst det "alle andre" gjør, muligens med en liten vri for å lage særpreg på verket.

    Enig i at Villa Perlesukker er flink, men det enkle fungerer godt nok det også!

    SvarSlett
  2. Syns kakene dine er flotte eg Tove - eg held meg også til det som er enkelt og trygt når eg skal ha gjester....og elles også når eg tenkjer meg om:-) Trur ikkje kvaliteten på mora vert målt i fancy kaker eller cupcakes -
    Vi er alle god nok som vi er:-))

    Jannetove

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!