onsdag 28. september 2011

Lyden av i n g e n t i n g.

Det har vore så ufatteleg hektisk. Ikkje eit einaste sekund utan at tankane har arbeidd, kroppen vore i rørsle og lista av ting eg burde ha gjort har vorte lenger og lenger. Til slutt høyrer du berre sus. Alle lydane blandar seg. Alle stemmene vert som ei lydsky, språket vert ullent og ingenting blir oppfatta.

sau

Brått har dagen gått mot natt og eg er heime etter ein altfor hektisk dag. Framleis med uro i kroppen og dårleg samvit for alt seg sikkert burde ha gjort, men som eg ikkje rakk. Eg skrur av tenninga og går ut i haustnatta. Slepp alt eg har i hendene og stoppar heilt opp. Så kjenner eg det. Natta tek vare på meg. Omfavnar meg og pakkar meg inn i alt som er godt. Små regndråpar legg seg som svalande dogg på kinnet mitt. Eg vert fylt av ei uforklarleg ro.

Vinden. Suset i graset. Bølgene nede på sjøen. Lauv som fyk langs bakken og i lufta.

Lyden av ingenting.

sau1

Etter ei stund høyrer eg sauene på beite. Det er så stille at eg høyrer kor dei gneg graset. Tygg det. Går litt vidare og finn meir å ete. Dei er rett bak meg. Eg vert aldri lei av å høyre desse lydane. Lydar som ein kanskje ikkje har tid til å høyre etter midt i kvarddagsjaget, men som ein tidleg nattestime er medisin for ein sliten kropp. Alt roar seg. Pusten. Pulsen. Tankane.

Ofte er lyden av ingenting lyden av alt.

Eg treng ikkje meir enn dette.

Morgondagen er rett rundt hjørnet, og eg er klar.

Bileta har eg lånt her og her.

9 kommentarer:

  1. Blev med ens så rolig når eg leste dette. Föltes nesten som eg stod vid siden om deg der, fölte regndråpene mot kjinnet og hörte sauene som tygget.
    Det er som du skriver, lyden av ingenting. Det er en go lyd vi trenger å höre litt oftere i vår stressa hverdag trur eg.
    Takk for den.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  2. Så utrolig nydelig tekst! og fine illustrasjiner. Ønsker deg en fortsatt GOD uke :)

    SvarSlett
  3. Utruleg viktig med slike "pitstopp" - å få skifta ut maset med nye friske og rolege tankar. Eg både ser og les at du har eit veldig aktiv liv Tove og du kosar deg sikker veldig med det og då er det godt at du klarar å roe ned og koble ut slik at du ikkje slit deg ut....

    Husk å ta vare på deg sjølv i ein hektisk kvardag
    Klem

    SvarSlett
  4. Du skrive så fantastisk fengslande og vakkert!! Dine betraktninger treffer stadig vekk! Skulle vært mellom to permar!
    Wenche

    SvarSlett
  5. Tove, du må skrive! Du må skrive meir enn her i bloggen. Du skriv så godt! Så vakkert var det å lese dette at eg sto midt ut i natta sjølv og kjente denne roa.

    SvarSlett
  6. Så utrolig flott du skriver. Du er så kreativ og så poetisk! Nydelig. Med flotte bilder :)

    SvarSlett
  7. Flott tekst!

    Er glad jeg oppdaget bloggen din!

    SvarSlett
  8. Åh, er det ikke herlig! stillheten... Takk for herlig beskrivelse :)

    SvarSlett
  9. DU hAR EiT TALENt: BRUK DET. La andre få lese, kkjøpe desse orda. Kanskje du også kan sende noko inn til uleklad eks mamma...

    Ofte er lyden av ingenting lyden av alt.

    Eg treng ikkje meir enn dette.
    (var ord eg trengte akkurat no) Det som er, er at det er ikkje alle som forstår akkurat kva du meinar. Fattige er dei.

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg att ei lita helsing til meg! Det set eg stor pris på!